Hopp til innhald

Brunpelikan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. mars 2012 kl. 16:42 av DSisyphBot (diskusjon | bidrag) (r2.5.1) (robot la til: simple:Brown Pelican)
Brunpelikan

Status i verda: LC Livskraftig

Brunpelikan
Brunpelikan

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Pelecaniformes
Familie: Pelecanidae
Slekt: Pelecanus
Art: P. occidentalis
Underartar
  • Pelecanus occidentalis californicus
    • Pelecanus occidentalis carolinensis
    • Pelecanus occidentalis occidentalis
    • Pelecanus occidentalis murphy
    • Pelecanus occidentalis urinator
  • Brunpelikan (Pelecanus occidentalis) er den minste av dei åtte pelikanartane, men han er likevel ein relativt stor fugl, med ei lengd på 106–137 cm, ei vekt mellom 2,75 og 5,5 kg og vingespenn på mellom 1,83 og 2,5 m. Brunpelikanen finn ein fyrst og fremst ved kysten, men også ved store sjøar sør i Nord-Amerika, og i Mellom-Amerika, Karibia og nord i Sør-Amerika.

    Han har ein lang hals, stort nebb, ein sekk i undernebbet og korte føter med symjehud mellom tærne. I hekketida er han gul på hovudet og halsen kvit. Når han ikkje hekkar er hovudet gulspraglete. Reiret byggjer han på bakken[1] eller i tre[2] av pinnar og vegetatsjon, ofte på øyar. Egga er kvite, det er vanlegvis to til tre av dei, og brunpelikanen rugar på dei i om lag ein månad.

    Brunpelikanen jaktar fyrst og fremst på fisk i havet ved kysten. Han dykkar med hovudet fyrst for å fange fisk. Vatnet vert deretter tømt ut av nebbsekken, som kan romme 13 liter, før fisken vert svelgt. Det hender att måsar prøver å stele fisken ut av nebbet til pelikanen medan han tømmer ut vatnet.

    Fleire bilete

    Kjelder

    Referansar

    1. Pranty, Radamaker, Kennedy: Birds Of Florida, s. 75 (ISBN 976-8200-06-5).
    2. «All about birds»

    Bakgrunnsstoff

    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunpelikan