Hopp til innhald

Ramat Gan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. oktober 2022 kl. 13:11 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 9 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Ramat Gan
רָמַת גַּן, רָמַת־גַּן
by
Ramat Gan med Moshe Aviv-tårnet og Diamantbørs-distriktet
Flagg
Våpenskjold
Namneopphav: Hagehøgdene
Land  Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Del av Israeli coastal plain
Koordinatar 32°05′N 34°49′E / 32.083°N 34.817°E / 32.083; 34.817
Areal 12,214 km²
Folketal 145 000  (2009)[1]
Folketettleik 11 872 / km²
Grunnlagd 1921
 •  Bystatus 1950
Borgarmeister Yisrael Zinger
Kart
Ramat Gan
32°04′12″N 34°49′25″E / 32.070007°N 34.823541°E / 32.070007; 34.823541
Kart som viser Ramat Gan.
Kart som viser Ramat Gan.
Kart som viser Ramat Gan.
Wikimedia Commons: Ramat Gan
Nettstad: www.ramat-gan.muni.il

Ramat Gan (hebraisk: רָמַת גַּן eller רָמַת־גַּן) er ein by i Tel Aviv distrikt i Israel, like aust for Tel Aviv. Her ligg ein av dei store diamantbørsane i verda, mange høgteknologiske føretak og den høgaste bygningen i Israel, Moshe Aviv-tårnet.

Ramat Gan vart grunnlagd i 1921 som ein moshava, eit gardsbruk drive av felleskapet. Mot slutten av 2009 var folketalet 145 000.[1]

Ramat Gan frå Moshe Aviv-tårnet.

Ramat Gan vart grunnlagd av Ir Ganim-samskipnaden[2] i 1921 som ein drabantby for Tel Aviv. Dei første tomtane vart kjøpt mellom 1914–1918.[3] Busetnaden var først ein moshava, ein sionistisk jordbrukskoloni som dyrka kveite, bygg og vassmelonar.[4] Namnet på busetnaden vart endra til Ramat Gan i 1923. Busetnaden var ein moshav fram til 1933, men han fekk status som lokal kommune alt i 1926. På denne tida hadde han 450 innbyggjarar. I 1940-åra vart ei slagmark i språkkrigen til landet: Ei jiddiskspråkleg prentepresse i Ramat Gan vart sprengd av hebraiske språkekstremistar.[5]

I løpet av åra har økonomien endra seg frå jordbruk til handel og industri. I 1946 var folketalet vokse til 12 000.[3] I 1950 fekk Ramat Gan bystatus. I 1955 var folketalet på 55 000. Den førte borgarmeisteren var Abraham Krinizi, som hadde denne stillinga i 43 år. I 1961 vart kommuneområdet utvida austover, og omfatta området som i dag inkluderer Sheba medisinsentral i Tel Hashomer og Bar Ilan universitet. I 1968 vart den største diamantbørsen opna i Ramat Gan.[3]

Geografi og klima

[endre | endre wikiteksten]

Ramat Gan ligg i Gush Dan storbyområde aust for Tel Aviv. Han grensar i nord til Yarkonelva og i aust til Bnei Brak. Giv'atayim ligg i sørvest.[4]

Ramat Gan får kring 500 mm nedbør i året og ligg 80 meter over havet.[4] Han er bygd på ein kalksteinsås.[6] Ramat Gan omfattar Nasjonalparken som dekkjer kring 1 900 mål, og Davidparken i bydelen Merom Naveh.[7]

Ramat Gan stadion

Maccabiah-spela vert halde i Ramat Gan kvart fjerde år. Ramat Gan stadion er nasjonalstadionet til Israel med plass til 41 583 innbyggjarar. Dette er det største stadionet i landet. Hakoah Amidar Ramat Gan og Hapoel Ramat Gan, som begge spelar på Winter stadion, er dei største fotballklubbane i landet, og har begge vunne meisterskap tidlegare. I basketball spelar Ironi Ramat Gan i den øvste divisjonen.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]

Ramat Gan er venskapsby med: [8]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 6. juli 2015. 
  2. «Ramat Gan i Israel». Henta April 6, 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Ramat Gan». Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta April 6, 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «General Information». Ramat Gan Municipality. Arkivert frå originalen March 27, 2008. Henta April 6, 2008. 
  5. Pilowsky, A: «Yiddish Along_side The Revival of hebraiske Public Polemics on the Status of Yiddish in Eretz Israel, 1907–1929», Readings i Sociology of Jewish Languages, page 123. Josva Fishman ed, Leiden – E.J. Brill, 1985.
  6. «Ramat Gan». Henta April 6, 2008. 
  7. «Parks & Safari». Arkivert frå originalen March 17, 2008. Henta April 6, 2008. 
  8. https://web.archive.org/web/20090801131221/http://www.ramat-gan.info/RamatGan/sister-cities/. Arkivert frå originalen 1. august 2009. Henta 5. september 2015.  Missing or empty |title= (hjelp)
  9. <name="Phoenix sisters">«Phoenix Sister Cities». Phoenix Sister Cities. Arkivert frå originalen 26. august 2015. Henta August 6, 2013. 
  10. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015. 
  11. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 5. september 2015. 
  12. «Strasbourg, Twin City». Strasbourg.eu & Communauté Urbaine. Arkivert frå originalen July 28, 2013. Henta 21. august 2013. 
  13. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015. 
  14. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015. 
  15. «Ramat Gan Sister Cities». [daud lenkje]
  16. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015. 
  17. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 5. september 2015. 
  18. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 5. september 2015. 
  19. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 18. januar 2012. Henta 5. september 2015. 
  20. «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]