25. august
Utsjånad
25. august er den 237. dagen i den gregorianske kalenderen (238. under skotår). Det er 128 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldag i Uruguay |
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 25. august i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Ludvig, Lovise og Louise |
Sverige | Lovisa og Louise |
Danmark | Ludvig |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 450: Pulcheria blei keisarinne av Austromarriket etter at bror hennar Theodosius II blei drepen i ei jaktulukke. Ho gifta seg med senator Markian, som blei krona til keisar.
- 1825: Uruguay erklærte sjølvstende frå Brasil.
- 1830: Den belgiske revolusjonen braut ut.
- 1944: Andre verdskrigen. Paris blei frigjort av dei allierte.
- 1991: Kviterussland fekk sjølvstende frå Sovjetunionen.
- 2003: Spitzer Space Telescope blei skote opp av NASA.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1884: De Conservative Foreningers Centralstyre vart grunnlagt, men kom ikkje til å endre namn til Høire før i 1913.
- 2001: Kronprins Haakon gifta seg med Mette-Marit Tjessem Høiby i Oslo domkyrkje.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 25. august.
- 1530: Ivan den skrekkelege, russisk tsar
- 1744: Johann Gottfried Herder, tysk filosof
- 1785: Adam Wilhelm Moltke, dansk statsminister
- 1845: Ludwig II av Bayern, monark
- 1885: Fartein Valen, norsk komponist
- 1889: Aslaug Vaa, norsk forfattar
- 1918: Leonard Bernstein, USA-amerikansk orkesterleiar og toneskapar
- 1930: Sean Connery, skotsk skodespelar
- 1954: Elvis Costello, britisk musikar
- 1960: Jonas Gahr Støre, norsk politikar
- 1970: Claudia Schiffer, tysk mannekeng og moteskapar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 25. august.
- 79: Plinius den eldre, romersk militærleiar, filosof og forfattar
- 1270: Kong Ludvig IX av Frankrike
- 1482: Margaret av Anjou, engelsk dronning
- 1699: Kong Kristian V av Danmark
- 1776: David Hume, skotsk filosof
- 1819: James Watt, skotsk ingeniør
- 1887: Kristoffer Svanø, norsk bonde og politikar
- 1900: Friedrich Nietzsche, tysk filosof
- 1989: Hans Børli, norsk skogskar og lyrikar
- 2000: Carl Barks, USA-amerikansk teikneserieskapar
- 2001: Aaliyah, USA-amerikansk musikar
- 2012: Neil Armstrong, USA-amerikansk astronaut