Adah Isaacs Menken
Adah Isaacs Menken | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1835 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Orleans | ||
Død | 10. august 1868 (33 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Alias | Indigena, Infelicia | ||
Verka som | skodespelar, teaterskodespelar, lyrikar, skribent, kunstmålar, dansar, ballerina | ||
Ektefelle | Robert Henry Newell |
Adah Isaacs Menken (15. juni 1835–10. august 1868) var ein amerikansk skodespelar, målar og diktar, og var den høgast tenande kvinnelege skodespelaren i si samtid.[1] Ho var best kjend for rolla si i hestestykket Mazeppa, der ho mot slutten opptredde tilsynelatande naken på ein hest på scenen. Etter stor suksess med stykke i nokre år i New York og San Francisco framførte ho same rolla i London og Paris frå 1864 til 1866. Etter ein kort tur tilbake til USA, vende ho tilbake til Europa. Der blei ho sjuk innan to år, og døydde i Paris då ho var 33.[2]
Menken fortalde mange soger om opphavet sitt, inkludert namnet, fødestaden, avstamminga og religionen sin. Historikarar har kome fram til ulike soger. Dei fleste er samde om at ho blei fødd som ein louisianakreolsk katolikk med europeisk og afrikansk avstamming. Menken blei ein kjendis med sensasjonell framsyningar både i USA og Europa. Ho gifta seg fleire gonger, og var kjend for andre forhold. Ho fekk to søner, men begge døydde som spedbarn.[3]
Sjølv om ho var best kjend som skodespelar, hadde Menken også eit ønske om å bli kjend som forfattar. Ho gav ut rundt 20 artiklar og 100 dikt frå 1855 til 1868 (ei diktsamling blei gjeven ut posthumt). Tidlege verk tok for seg familie og etter at ho gifta seg kunne dikta og artiklane hennar ha jødiske tema.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Det finst varierte opplysingar om det tidlege livet til Menken. I den sjølvbiografiske teksten «Some Notes of Her Life in Her Own Hand», som kom ut i The New York Times i 1868, skreiv Menken at ho var fødd i Bordeaux i Frankrike og budde på Cuba som barn før familien hennar slo seg ned i New Orleans. I 1865 skreiv ho derimot at ho var fødd som Dolores Adios Los Fiertes som dotter av ei fransk kvinne frå New Orleans og ein spansk-jødisk mann.[4] Kring 1940 var det allmenn semje blant forskarar om at foreldra hennar ved Auguste Théodore, ein free black-mann, og den kreolske kvinna Marie.[4]
I 1990 kom John Cofran fram til eit anna opphav ved hjelp av data frå folketeljingar. Han sa at ho var fødd som Ada C. McCord i Memphis i Tennessee seint i 1830 som dotter av den irske kjøpmannen Richard McCord og kona hans Catherine.[5][6] Ifølgje Cofran døydde far hennar då ho var ung og mora gifta seg opp att. Familien flytta så frå Memphis til New Orleans.
Ada skal ha vore ein vaken elev, og blei flytande i fransk og spansk.[7] Ho blei sagt å ha ei gåve for språk.[4] Som barn opptredde ho som dansar i balletten ved French Opera House i New Orleans. Seinare opptredde ho som dansar i Havana på Cuba, der ho blei krona som «Queen of the Plaza».[7]
Karriere i USA
[endre | endre wikiteksten]Eter Cuba byrja Menken spela skodespel i staden for å dansa, og byrja karrieren som skodespelar i Texas. Ifølgje Gregory Eiselein dreiv ho med opplesingar frå Shakespeare og skreiv dikt og skisser for The Liberty Gazette. Ho gifta seg for fyrste gong i Galveston County i februar 1855 med musikaren G.W. Kneass. Ekteskapet hadde enda i 1856, då ho møtte og gifta seg med manne som vanlegvis er blitt rekna som den fyrste ektemannen hennar, Alexander Isaac Menken, ein musikar frå ein framståande reformjødisk familie i Cincinnati.[8]
Han byrja vera manageren hennar, og Ada Menken hadde framsyningar med opplesingar i Midtvesten og Upper South. Ho fekk rimelege meldingar, og opptredde saman med fleire menn som blei kjende skodespelarar: Edwin Booth i Louisville i Kentucky og James E. Murdoch i Nashville i Tennessee.[9]
I 1857 flytta paret til Cincinnati, der Menken hevda ho hadde jødiske røter til ein reporter. Ho studerte jødedommen og praktiserte trua, men konverterte aldri formelt. På denne tida gav ho ut dikt og artiklar om jødedommen i The Israelite i Cincinnati.[9] Ho byrja også gje ut tekstar i Jewish Messenger, som kom ut i New York.[4]
Ada la ein «h» til fornamnet sitt og ein «s» til Isaac, og var kjend som Adah Isaacs Menken kring 1858. Ho verka som skodespelar i New York og San Francisco, og turnerte i tillegg rundt i landet.[10] Ho blei også kjend for poesi og måleri. Sjølv om ho ikkje fenn gode kritikkar frå større meldarar, blei ho til ein kjendis.[8]
På denne tida hadde Menken kort, bølgete hår, ein stil som var svært uvanleg for kvinner på denne tida. Ho hadde ein bohemsk, tidvis androgyn utsjånad. Dette var ei framtoning ho skapte bevisst på ei tid då veksten i massemedia hjelpte til med å gjera henne kjend for dette.[8]
I 1859 opptredde Menken på Broadway i New York i skodespelet The French Spy. Ho fekk dårlege kritikkar. The New York Times kalla henne «the worst actress on Broadway.» The Observer skreiv «she is delightfully unhampered by the shackles of talent.» Menken heldt fram med å ha mindre roller i New York, i tillegg til å framføra tekstar av Shakespeare og halda førelesingar.[11]
Den tredje ektemannen hennar var John C. Heenan, ein populær irsk-amerikansk boksar som ho gifta seg med i 1859. Ei tid etter vigselen fann pressa ut at ho ikkje hadde fått innvilga skilsmål frå Menken, og skulda henne for bigami. Ho hadde venta at Menken skulle få gjennom skilsmålet, noko han til slutt gjorde.
Ettersom John Heenan var ein av dei best kjende og populære personane i USA, skulda nokre i pressa Menken for å ha gifta seg med han for å dra nytte av kjennskapen hans. Ho presenterte seg sjølv som Mrs. Heenan i Boston, Providence, Baltimore og Philadelphia, og fortsette å bruka namnet hans også etter at dei skilde lag innan eit år etter at dei hadde gifta seg.[8] Dei fekk ein son som døydde kort tid etter fødselen.[7]
I New York møtte Menken diktaren Walt Whitman og ein del andre frå bohemkrinsen hans. Ho blei påverka av stilen hans i si eiga dikting. I tida 1860–61 gav ho ut 25 dikt i Sunday Mercury, ei underhaldningsavis frå New York. Desse blei seinare samla med seks andre i den einaste boka hennar, Infelicia, som blei gjeven ut nokre månader etter at ho døydde.[9]
Då Menken møtte Charles Blondin, som var kjend for å kryssa Niagarafalla på line, blei dei to tiltrekte av kvarandre. Ho føreslo at ho kunne gifta seg med han om dei opptredde sman over falla, men Blondin meinte han ville bli distrahert av venleiken hennar.[7] Dei to hadde likevel ei forhold, og heldt ein vaudeville-turne saman i USA.
Mazeppa
[endre | endre wikiteksten]Sidan bad ho manageren sin Jimmie Murdock om å hjelpa henne til å blei ein stor skodespela. Murdock meinte Menken ikkje hadde noko stort skodeseplartalent,[7] men tilbaud henne ei bukserolle (som ein mann) av ein nobel tatar i hippodramaet Mazeppa, som bygde på eit dikt av same namn av lord Byron[12] (og opphavleg på livet til Ivan Mazepa). Ved klimakset i dette stykket blir tataren kledd naken, bunden til hesten sin og sendt i døden.[13] Scenen med ein ekte hest, men ei dokke som tatar var populær blant publikum. Menken ønskte å utføra stuntet sjølv.[14] Kledd i hudfarga strømpebukser til hest såg ho naken ut på scena, og skapte sensasjon.[15] Publikum i New York var sjokkert, men trekt til teateret, og stykket blei populært.
Menken drog med Mazeppa til San Francisco, som igjen fekk mykje publikum.[7]
I 1862 gifta ho seg med Robert Henry Newell, ein humorist og redaktør for Sunday Mercury i New York, som nyleg hadde gjeve ut det meste av lyrikken hennar. Dei var saman i rundt tre år. Deretter gifta ho seg med James Paul Barkley, ein gamblar, i 1866. Etter kort tid drog ho frå han til Frankrike, der ho opptredde. Dei fekk ein son, som ho kalla Louis Dudevant Victor Emanuel Barkley. Gudmora hans var forfattaren George Sand (A.F. Lesser).[16] Louis døydde som spedbarn.[17]
Menken spelte i Mazeppa i London og Frankrike i store delar av 1864 til 1866. Kostymet hennar skapte kontrovers, og ho møtte kritikken i aviser i London ved å seia at ho var påverka av klassisk skulptur, og at kostymet hennar var meir bluferdig enn dei brukte i ballett eller burlesk. Stykket opna 3. oktober 1864 ved Astley Theatre til «overfulle hus».[18] Skodespelaren var så godt kjend at ho berre blei omtalt som «the Menken», utan at ein trengte bruka noko anna namn.[8]
Seinare liv
[endre | endre wikiteksten]Menken spelte i ein utseld sesong av Les pirates de la savane i Paris i 1866. Ho hadde eit forhold til forfattaren Alexandre Dumas den eldre, eit nokså skandalevekkande ettersom han var meir enn dobbelt så gammal som henne. Etter at ho vende tilbake til England i 1867 sleit ho med å tiltrekka dei same publikumstala til Mazeppa som før. På denne tida hadde ho eit forhold til diktaren Algernon Charles Swinburne.[19]
I London blei ho sjuk og måtte stoppa å opptre ei stund, slik at ho sleit med pengenaud. Det var få som visste at ho var sjuk før ho kollapsa under ein prøve, og døydde nokre få veker seinare.[11] Menken byrja å gjera klar dikta sine til utgjeving og flytta tilbake til Paris, der ho døydde 10. august 1868.[20] Ho hadde nett skrive til ein venn:
I am lost to art and life. Yet, when all is said and done, have I not at my age tasted more of life than most women who live to be a hundred? It is fair, then, that I should go where old people go.[7]
Ho blei gravlagd i den vesle jødiske gravlunden i Montparnasse, med gravskrifta «Thou Knowest»,[21] henta frå eit dikt av Swinburne.
Den einaste boka hennar, Infelicia med 31 dikt, blei gjeven ut dagar etter at ho døydde.
Litterært virke
[endre | endre wikiteksten]Menken ønskte å bli kjend som forfattar, men verket hennar blei overskugga av den oppsiktsvekkande scenekarrieren og det private og offentlege livet hennar. Til saman gav ho ut rundt 20 essay, 100 dikt og ein bok med dei samla dikta sine, frå 1855 til 1868; boka kom ut posthumt.
Dei tidlege verka hennar var vigde familie og romantikk. Etter at ho gifta seg med Menken og byrja studera jødedommen, inneheldt dikta og essayar hennar i fleire år på 1860-talet jødiske tema. Etter ekteskapet og skilsmissa frå Heenan og møte med forfattarar i New York endra ho stilen sin, og tok imot ein viss innverknad frå Walt Whitman. Ho blei sagt å vera den «fyrste diktaren og den einaste kvinnelige diktaren før 1900-talet» som følgde han i bruken av frie vers.[4]
Frå og med tida i New York uttrykte poesien hennar eit breiare spekter av kjensler knytte til forhold, seksualitet, og også om kvinner sin kamp for å finna ein plass i verda. Diktsamlinga hennar Infelicia gjekk gjennom fleire utgåver, og var på trykk til 1902.
Menken fekk ikkje gode kritikkar i samtida. På denne tida var kritikarane uansett strenge mot kvinnelege forfattarar, og den offentlege framtoninga til Menken medførte endå meir kritisk tilnærming til dikta hennar. Ho blei likevel beundra av diktarar som Christina Rossetti og Joaquin Miller.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, Pamela Lynn, "Adah Isaacs Menken", Handbook of Texas Online, published by the Texas State Historical Association, accessed August 10, 2012.
- ↑ The Antebellum Crisis and America's First Bohemians; Lause, Mark A.; Kent, OH; Kent State University Press, 2009.
- ↑ Ackerman, Alan. «Adah Isaacs Menken». Jewish Women's Archive. Jewish Women's Archive. Henta January 4, 2017.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Menken, Adah Isaacs (2002). Gregory Eiselein, red. Infelicia and Other Writings. Peterborough: Broadview Press. s. 15–16. ISBN 9781551112848.
- ↑ Cofran, John, "The Identity of Adah Isaacs Menken: A Theatrical Mystery Solved," Theatre Survey, Vol. 31, 1990.
- ↑ Brooks, Daphne A. "Lady Menken's Secret: Adah Isaacs Menken, Actress Biographies and the Race for Sensation." Legacy, Volume 15. Number 1. (1998): pp. 68–77.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Dickson, Samuel, "Adah Isaacs Menken" Arkivert March 12, 2012, ved Wayback Machine., KPO/KNBC radio script later collected in San Francisco Is Your Home, Stanford University Press, 1947; reprinted at Virtual Museum of San Francisco website, accessed August 8, 2012.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Sentilles, Renée M. Performing Menken: Adah Isaacs Menken and the Birth of American Celebrity (2003), (ISBN 978-0-521-82070-7).
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Kleitz, Dorsey, "Adah Isaacs Menken", in Encyclopedia of American Poetry: The Nineteenth Century, ed. Eri L. Haralson, pp. 294–296 (1998) (ISBN 978-1-57958-008-7).
- ↑ Eichin, Carolyn Grattan, From San Francisco Eastward: Victorian Theater in the American West, (Reno: University of Nevada Press, 2020), 29, 77, 177
- ↑ 11,0 11,1 Barca, Dane. "Adah Isaacs Menken: Race and Transgendered Performance in the Nineteenth Century." MELUS, Volume 29. Number 3–4. (2004): pp. 293–306. ISBN 978-0-554-93218-7.
- ↑ Palmer, Pamela Lynn, "Adah Isaacs Menken", Handbook of Texas Online, published by the Texas State Historical Association, accessed August 10, 2012.
- ↑ Buszek, Maria-Elena. "Representing 'Awarishness': Burlesque, Feminist Transgression and the 19th-Century Pin-Up," TDR, Volume 43. Number 4 (1988): pp. 141–162.
- ↑ Brooks, Daphne A. "Lady Menken's Secret: Adah Isaacs Menken, Actress Biographies and the Race for Sensation." Legacy, Volume 15. Number 1. (1998): pp. 68–77.
- ↑ Brooks, Daphne A. "Lady Menken's Secret: Adah Isaacs Menken, Actress Biographies and the Race for Sensation." Legacy, Volume 15. Number 1. (1998): pp. 68–77.
- ↑ Palmer, Pamela Lynn, "Adah Isaacs Menken", Handbook of Texas Online, published by the Texas State Historical Association, accessed August 10, 2012.
- ↑ Palmer, Pamela Lynn, "Adah Isaacs Menken", Handbook of Texas Online, published by the Texas State Historical Association, accessed August 10, 2012.
- ↑ Diamond, Michael, Victorian Sensation, Or, the Spectacular, the Shocking, and the Scandalous in Nineteenth-Century Britain, Anthem Press, 2003, p. 270.
- ↑ Palmer, Pamela Lynn, "Adah Isaacs Menken", Handbook of Texas Online, published by the Texas State Historical Association, accessed August 10, 2012.
- ↑ Palmer, Pamela Lynn, "Adah Isaacs Menken", Handbook of Texas Online, published by the Texas State Historical Association, accessed August 10, 2012.
- ↑ Stephens, Autumn (1956). Wild Women. USA: Conari Press. s. 7. ISBN 0-943233-36-4.
- Denne artikkelen bygger på «Adah Isaacs Menken» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2023.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Abernethy, Francis Edward, ed. (1981). Legendary Ladies of Texas. Adah Isaacs Menken: From Texas to Paris, Pamela Lynn Palmer. Publications of the Texas Folklore Society, 43. Dallas: E-Heart.
- Bloom, Harold (2007). The Best Poems of the English Language: From Chaucer through Robert Frost. New York: Harper Perennial. s. 716. ISBN 978-0-06-054042-5.
- Brooks, Elizabeth (1896). Prominent Women of Texas. Akron, Ohio: Werner Publishing.
- Cofran, John (May 1990). The Identity of Adah Isaacs Menken: A Theatrical Mystery Solved. Theatre Survey. 31.
- Diamond, Michael (2003). Victorian Sensation, Or, the Spectacular, the Shocking, and the Scandalous in Nineteenth-Century Britain. London, England: Anthem Press. s. 268–271. ISBN 978-1-84331-150-8.
- Dickson, Samuel (1955). Tales of Old San Francisco. Redwood City, California: Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-0488-5.
- Foster, Michael; Foster, Barbara (2011). A dangerous woman: The life, loves, and scandals of Adah Isaacs Menken, 1835-1868, Americas original superstar. Guilford, Connecticut: Lyons Press. ISBN 978-1-59921-602-7.
- Eichin, Carolyn Grattan (2020). From San Francisco Eastward: Victorian Theater in the American West. Reno, Nevada: University of Nevada Press.
- James, Edward T.; James, Janet Wilson; Boyer, Paul S., red. (1971). Notable American Women, 1607-1950: A Biographical Dictionary. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 526–529. ISBN 0-674-62731-8.
- Lloyd, Alan (1977). The Great Prize Fight. London, United Kingdom: Cassell. ISBN 0-304-29780-1.
- Mankowitz, Wolf (1982). Mazeppa: The Lives, Loves, and Legends of Adah Isaacs Menken. Briarcliff Manor, New York: Stein and Day. ISBN 0-8128-2868-2.
- Wright, Alan (1994). Tom Sayers : The Last Great Bare-knuckle Champion. Sussex, England: Book Guild. ISBN 0-86332-929-2.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- "Adah Isaacs Menken (Bertha Theodore) (1835–1868)", The Vault at Pfaff's, hosted at Lehigh University, includes several photos
- Charles Warren Stoddard, "La Belle Menken", National Magazine, 1905, at Open Archive, includes several photos
- "Adah Isaacs Menken", Jewish Virtual Library, 2012
- 21 photos, including one with Alexandre Dumas, Billy Rose Collection
- Verk av Adah Isaacs Menken ved LibriVox (lydbøker i det offentlege domenet)