Hopp til innhald

Alexandre Dumas den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandre Dumas den eldre

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. juli 1802
Villers-Cotterêts
Død

5. desember 1870 (68 år)
Dieppe, Puys

Yrke romanforfattar, skodespelforfattar, skribent
Språk fransk
Far Thomas Alexandre Dumas
Mor Marie-Louise-Élisabeth Labouret Dumas
Ektefelle Ida Ferrier
Born Alexandre Dumas fils, Henry Bauër, Marie Alexandrine Dumas, Micaëlla-Clélie-Josepha-Élisabeth Cordier
Signatur
Alexandre Dumas den eldre på Commons

Alexandre Dumas Davy de la Pailleterie (24. juli 18025. desember 1870), kjend som Alexandre Dumas den eldre (fransk père) var ein verdskjend fransk forfattar.

Alexandre Dumas den eldre er mest kjend for dei talrike historiske romanene og eventyra sine. Dei har gjort han til den mest lesne franske forfattaren i verda. Mange av romanane hans, som Greven av Monte Cristo og romanane om Dei tre musketerane, gjekk fyrst som føljetongar, eit fransk fenomen som seinare blei vanleg i resten av verda. Dumas skreiv også skodespel, artiklar for magasin og tidsskrift, og han var ein høgt profilert korrespondent. Dumas var av blanda rasebakgrunn, mulatt ved at farmora var afroamerikansk slave, og måtte tole ein del rasisme i løpet av levetida si. Særleg teikna karikaturar spelte uhemma på utsjånaden hans.

Sonen hans, Alexandre Dumas den yngre, blei også forfattar, og er best kjend for «Kameliadamen».

Familiebakgrunn

[endre | endre wikiteksten]

Mens bestefaren hans, greve Antoine-Alexandre Davy de la Pailleterie, tenestegjorde i den franske kolonien Saint Dominique, no Haiti, som «General Commissaire» i artilleriet, gifte han seg med Marie-Céssette Dumas, ein slave. I 1762 fødde ho Thomas-Alexandre, som seinare blei Alexandre Dumas' far, og døydde sjølv rett etter.

Då greven og den unge mulattsonen hans returnerte til Normandie, bestod framleis slaveriet i Frankrike. Den unge guten hadde plagar på grunn av hudfargen sin. I 1786 lét Thomas-Alexandre seg innrullere i den franske arméen, men for å beskytte omdømmet til den aristokratiske familien sin nytta han morsnamnet sitt. I kjølvatnet av Den franske revolusjonen tapte greven alle eigedomane sine mens Thomas-Alexandre utmerka seg som ein dyktig og dristig soldat i den revolusjonære arméen. Han steig hurtig i gradane og blei general i ein alder av 31 år.

General Thomas-Alexandre Dumas gifte seg med Marie-Louise Elizabeth Labouret, og den 24. juli 1802 i Villers-Cotterêts, Aisne, i nærleiken av Paris i Frankrike fødde ho sonen Alexandre Dumas, som skulle kome til bli Frankrikes mest kommersielt suksessfulle forfattarar nokosinne.

General Dumas døydde i 1806 mens Alexandre var berre fire år, og etterlét seg hustrua si nedsylta i gjeld. Sjølv om det for Marie-Louise ikkje var mogleg å skaffe Alexandre ei tilfredsstillande utdanning hindra det ikkje den nær ustoppelege kjærleiken hans til litteratur. Han las alt han kom over. Då han voks opp fekk moras forteljingar om faren sine modige militære bragder i dei store tidene under Napoleon den livlege fantasien hans til å blomstre og romantisere heltar og eventyr. Sjølv om familien var fattig hadde dei framleis General Dumas' gode omdømme og aristokratiske kontakter, og etter at monarkiet blei gjeninnført i Frankrike flytta den nå 21 år gamle Alexandre Dumas til Paris der han fekk ei stilling som skrivar, grunna den vakre handskrifta si, ved det kongelege palasset på kontoret til den mektige hertugen av Orléans.

Den tidlege litterære karrieren

[endre | endre wikiteksten]

Mens han hadde fast arbeid i Paris begynte Dumas å skrive artiklar for magasin og skodespel for teatera. I 1829 blei det fyrste teaterstykket hans produsert, «Henri III et sa cour» (Henrik III og hoffet hans) og mottok gode kritikkar. Det følgjande året fekk hans andre stykke, «Christine», tilsvarande popularitet. Som eit resultat av suksessen kunne han no eigne seg til skriving på fulltid. Dumas har skildra mange interessante hendingar frå sine fyrste år som forfattar i boka «Mes Mémoires» (Mine memoarar), skrivne i åra 1852-1855. Det er eit mektig verk, opphavleg utgitt i tjue bind.

I 1830 deltok han i den revolusjonen som avsette kongen og erstatta han med Dumas som tidlegare arbeidsgjevar, hertugen av Orléans, som styrte som Ludvig Filip, kjend som «borgarkongen». Borgarkongen blei smitta av kolera i 1832.

Inntil midten av 1830-talet var livet i Frankrike ustabilt, med stadige opprør av utilfredse republikanarar og fattige, urbane arbeidarar som søkte sosiale endringar. Mens dagleglivet langsamt vende tilbake til det normale, mens nasjonen gjekk inn i den industrielle tidsalderen med betra økonomi, endra tida seg til bli svært fruktbart for ein forfattar med Alexandre Dumas' evnar.

Den historiske romanen

[endre | endre wikiteksten]
Alexandre Dumas skriv romanen Dei tre musketerar

Etter å ha skrive fleire suksessfulle teaterstykke vende Dumas seg mot romanforma. Sjølv om han var tiltrekt av ein ekstravagant levestil og alltid levde over evne og inntekter, prova han mange gonger at han både kunne å marknadsføre og å reprodusere seg sjølv. Nyhetsavisene hadde eit stort behov for føljetongar, og i 1838 skreiv Dumas ganske enkelt om eitt av sine teaterstykke til sin fyrste roman som gjekk som føljetong; «Le Capitaine Paul». Den starta det som skulle bli ein forfattarfabrikk utan sidestykke og som sende ut hundrevis av forteljingar som alle var prega av den personlege stilen og tilrettelegginga hans.

Alexandre Dumas d.e. skreiv historiske forteljingar i eit rasande høgt tempo som fengsla det franske samtidspublikummet. Av dei tallause verka hans, ikkje alle like gode, er han mest kjend for dei historiske eventyrromanane sine som «Les Trois Mousquetaires» (Dei tre musketerar) og «Le Comte de Monte-Cristo» (Greven av Monte Cristo), begge skrivne på under to år i tidsrommet 1844-1845, og som skulle bli en fast del av populærkulturen.

Kor mange forteljingar skreiv Dumas? På forfattarfabrikken sin produserte han bortimot 250 bøker i samarbeid med sine 73 assistentar, der spesielt historielæraren Auguste Maquet var viktig.

Dei tre musketerane

[endre | endre wikiteksten]

Romanane om «Dei tre musketerar» er mesterstykket. Fyrste kapittel i føljetong-romanen er karakteriskisk nok dobbelt så langt som dei andre, noko vi kjenner att frå dagens såpeoperaer, der ein lengre pilot-episode skal tenne lesaren eller tilskodaren. Historia om dei tre musketerane ved namn Porthos, Aramis, og Athos som får følgje av ein oppkomling ved namn d'Artagnan blei ein suksess, og måtte gjentakast seinare med ytterlegare historier om dei fire tjue åra seinare, og deretter ytterlegare tjue år seinare, der D'Artagnan døyr i ein gråtkjøvd, romantisk augneblink.

Når den unge mannen kjem til Paris med ønsket om å bli kongens musketer, finn han snart seg sjølv utfordra til heile tre duellar den same kvelden, mot nettopp dei tre som skal bli hans trufaste medsammensvorne under mottoet «Ein for alle - alle for ein». Saman er dei store venene, store heltar, store begersvingarar, store kvinnedårarar, store krigsheltar, og dei noble forsvararane av dronningas ære.

I staden for å kjempe imot kvarandre, dannar dei fire felles front mot vaktgarden til den vonde kardinal Richelieu som dukkar forstyrrande opp. Etter å ha demonstrert evnene sine med ein kårde, provar d'Artagnan ytterlegare verdien sin i ei heseblesande ferd til England for å øydeleggje eit bakhaldskomplott for å audmjuke Frankrikes dronning, som er forelska i Lord Buckingham av England. d'Artagnan reddar dronninga, men klarer ikkje å redde den kvinna han elskar. Bitter søkjer han hemn, då som musketer, og når den vonde Milady de Winter, ein av populærlitteraturens store kvinneskikkelsar, endeleg blir fanga i dei siste kapittel blir heile synderegisteret hennar lese opp og i romantisk tradisjon vedkjenner ho «eg har tapt, eg må døy», og blir deretter halshogd av bøddelen.

Seint i forteljinga blir det avslørt at Milady er gift med Athos. Ho forfører også John Felton, overtalar han til å drepe Buckingham. I oppfølgjaren «Tjue år seinare» er det sonen hennar Mordaunt som har rolla som den vonde intrigemakeren. Skodespelarar som har portrettert Mylady de Winter er Carey Lee (1911), Nelly Cormon (1912), Louise Glam, (1916), Barbara La Marr (1921), Edith Mera (1932), Margot Grahame (1935), Binnie Barnes (1939) Lana Turner (1948), Kristine Miller (1950) Yvette Lebon (1952), Yvonne Sanson (1953), Adrienne Corri (1954), Martha Valdes (1957), Patricia Cutts (1960), Mylene Demongeot (1961) Mary Peach (1966-1967) Antonella Lualdi (1969), Martha Henry (1969) Faye Dunaway (1973 og 1974), Margarita Terekhova (1979), Ana Angeles Garcia (1981) røyst i teiknefilm, Kate Fitzpatrick, (1986) røyst i teiknefilm, Rodita Tapalaga (1987) røyst i teiknefilm, Susan Silo (1992) røyst i videospel, Rebecca De Mornay (1993), Deirdre Atkinson (1999), Arielle Dombasle (2004), Emmanuelle Beart (2005), Maria Stokholm (2005) røyst i teiknefilmversjon og Milla Jovovich (2011).

Forteljingane om musketerane er levande fortalt, miljøet og tidsånda frå Paris i denne epoken er teken på kornet, og vil neppe forfalle, sjølv om Dumas' musketerar sjølv har forfalle til barnelitteratur, teiknefilmar og enkle amerikanske action-filmar. For Dumas var den faktiske historia fargerik, eit spennande bakteppe for fartsfulle forteljingar, blanda med hans engasjerte, men kommersielle siktemål, uhindra av filosofiske eller politiske diskusjonar.

Ein del av æra for kreasjonen skal historikaren og forfattaren Auguste Maquet (1813-1888) ha. Han gjorde det historiske forarbeidet. Dumas sjølv påstod at han fann eit gløymt manuskript i Bibliothèque Nationale, men det var Maquet som fann eit verk frå 1600-talet med tittelen «Mémoires dei Monsieur d'Artagnan, capitaine lieutenant de la premiere compagnie des. Mousquetaires du Roi» ved Gatien dei Courtilz dei Sandras (Cologne, 1700). Boka blei lånt frå eit folkebibliotek i Marseille, Dumas heldt på boka då han drog tilbake til Paris, og ho blei aldri levert tilbake. Den opphavlege forfattaren skal ha vore kong Ludvig 14.s gardekaptein.

Når ein tenkjer på musketerane, både på Dumas' forteljingar og alle attforteljingar seinare, er det biletet av elegante sverdsvingarar som opptrer. Noko kuriøst kan ein peike på at ein musketer faktisk er ein soldat som ber ein muskett som er eit gevær!

Dei tre musketerane er ein serie på 24 bøker. Det er:

  1. Opp alle kongens menn. D'Artagnan kjem til Paris, vert kjend med Athos, Porthos og Aramis. Han utfordrar kardinal Richeliu sine gardistar. D'Artagnan vert gardist i Essart sitt kompani.
  2. Ein for alle. Alle for ein. Ekteparet Bonacieux forsvinn. Affæren med den britiske ambassadøren Hertugen av Buckingham og diamantane.
  3. Trekk blank- og døy. Affæren med den britiske ambassadøren Hertugen av Buckingham held fram. Slottsball i Paris der dronninga skal vise fram diamantane. Aramis si teologiske avhandling. Mylady dukkar opp.
  4. Menn utan frykt. Den farlege og sjarmerande Mylady i kardinalen si teneste. Mylady sin løyndom vert avslørt. Omringinga av La Rochelle.
  5. Til siste bloddråpe. Mylady vil drepe D'Artagnan, men vert fanga av musketerane. Omringinga av La Rochelle. Mylady vert fanga.
  6. Kårda sine kavalerar. Mylady fluktar. Hertugen av Buckingham døyr. Mylady i kloster. Mylady fanga igjen og døyr. La Rochelle overgir seg.
  7. To gamle fiendar. Det har gått tjue år. Mazarin ny kardinal. D`Artagnan løytnant i musketeravdelinga. Aramis prest. Athos godseigar på landet. Porthos giftar seg. Musketerane vert samla igjen. Beaufort ny fiende.
  8. Ei knipe. Musketerane vert samla igjen. Raoul- Athos sin adoptivson- vert musketerane sin medhjelpar.
  9. Dolk for brystet. Den avgjerande kampen mot hertugen av Beaufort. Frondeopprøret startar. Raoul vert send til Flandern.
  10. Utbrytarkongen. Raoul på veg til Flandern. Slaget ved elva Lys. Raoul går i teneste med hertugen av Conde.Oliver Cromwell vil ha hjelp av kardinal Mazarin.
  11. Fire gamle vennar. Musketerane reiser til England.
  12. Syndsforlatinga. Opprør for å få rådmann Broussel fri. Kardinal Mazarin, kong Ludvig XIV og Anna av Austerrike flyktar.
  13. Flukta. D'Artagnan og Porthos til England og møter igjen Aramis og Athos, som er i teneste med kong Karl I av England.
  14. Hemnaren. Kong Karl I av England dømt til døden.
  15. Den maskerte mannen. Reisa tilbake til Frankrike.
  16. Kongens inntog. Kongen reiser tilbake til Paris. Frondeopprøret over.
  17. Grava. Kong Ludvig xIV vil trulove seg med prinsesse Maria Theresia av Spania. Kong Karl II vil ha hjelp av Frankrike til å verte konge av England. Aramis er no biskop av Vannes.
  18. Smuglargodset. Musketeren Athos i England på oppdrag for kong Karl II. D'Artagnan i England på oppdrag for kong Ludvig XIV. Kong Karl II tilbake i London. Kardinal Mazarin døyr. Colbert vert finansminister.
  19. Diamantringen. D`Artagnan vert kaptein og øverste sjef for musketerane. D'Artagnan til Bretagne for å inspisere festningar.
  20. Ein kongeleg supé. Aramis vert stormeister for jesuittane.
  21. Rivalar. Aramis vert kardinal.
  22. Natt på Bastillen. Ludvig XIV sin tvillingbror.
  23. Sølvfatet. Ludvig XIV sin tvillingbror. Åtaket på festninga på Belle-Isle.
  24. Dødens engel. Åtaket på festninga på Belle-Isle. Porthos og Athos døyr. D'Artagnan vert marskalk.

Ein son ved same namn

[endre | endre wikiteksten]

I 1840 gifta Dumas seg med ein skodespelarinne ved namn Ida Ferrier, men det forhindra ikkje talrike forhold med andre kvinner som gav han minst tre barn utanfor ekteskap. Eit av desse barna som også blei oppkalla etter han skulle kome til å følgje i sin fars fotspor og sjølv bli ein forfattar av romanar og skodespel med ein viss suksess. Sidan dei delte namn blei dei halde frå kvarandre som Alexandre Dumas père (fransk for «far») og Alexandre Dumas, fils (fransk for «son»). På norsk seier vi den eldre og den yngre, forkorta til d.e. og d.y..

Forfattarskapet gav Dumas ein utruleg formue, men likevel var han stort sett blakk og i gjeld, i og med at han levde over evne. Det store og kostbare slottet som har fekk oppført i utkanten av Paris var heile tida fylt med ukjende snyltarar som levde på generøsiteten hans. Då kong Louis-Philippe blei pressa ut i enda eit opprør blei ikkje Alexandre Dumas sett på med blide auge av den nyvalde presidenten, Charles Louis Napoleon Bonaparte, og i 1851 såg Dumas seg nøydd til å flykte til Brussel i Belgia for å unngå kreditorane sine. Derfrå reiste han til Russland, der fransk var andrespråket for det russiske aristokratiet, og der forfattarskapen hans var ekstremt populær.

Alexandre Dumas var to år i Russland før han drog vidare på nye eventyr. I mars 1861 blei kongeriket Italia proklamert med Victor Emmanuel II som konge. I dei neste tre åra var Alexandre Dumas involvert i krigen for eit samla Italia før han returnerte til Paris igjen i 1864.

Slutten på karrieren

[endre | endre wikiteksten]

Trass den utrulege kommersielle suksessen og dei aristokratiske kontaktane hans, hadde bakgrunnen hans som ein av blanda opphav ein verknad på han livet ut. I 1843 skreiv han ei kortare forteljing kalla «George» som tok opp spørsmåla med rasisme og effektane av kolonialisme. Hovedskikkelsen er ein fransk mulatt som forlèt Mauritius for å søkje utdanning i Frankrike, og deretter returnerer for å søkje hemn på dei som hadde late han lide som barn. Eit opplegg ikkje ulikt hans «Greven av Monte Cristo». Rasistiske haldningar prega posisjonen hans i Frankrike lenge etter døden hans.

Alexandre Dumas døydde av slag 5. desember 1870 i Puys nær byen Dieppe.

I juni 2005 blei det i Frankrike gjeve ut ein nyleg oppdaga aller siste roman av Dumas, «Ridderne av Sainte-Hermine». I forteljinga skildrar Dumas Slaget ved Trafalgar, der Lord Nelsons død blir forklart. Romanen blei opphavleg publisert som føljetong og var nær ferdig då den blei avbroten av døden hans. Dei siste to og ei halvt kapittel blei fullført av Dumas-eksperten Claude Schopp. Alexandre Dumas skreiv altså til aller siste, berre avbrote av døden.

Vurdering av Alexandre Dumas

[endre | endre wikiteksten]
Alexandre Dumas den eldre

Dumas var ein av dei fyrste som til den fulle utnytta roman-føljetongen, roman feuilleton, saman med Honoré de Balzac og Eugène Sue. Dumas er kreditert for å ha revitalisert den historiske romanen i Frankrike, sjølv om kvalitetane hans som forfattar blei diskutert allereie frå byrjinga, og kvaliteten leid nok under tyngda av arbeidspresset han la på seg sjølv for å halde kreditorane unna. Det blei sagt at han skreiv så hurtig at han sjølv ikkje hadde tid til å lese gjennom sine eigne verk.

Dumas’ forteljingar er aksjonsfylte eventyr som med smittande humør blanda historie og fiksjon. Samtidig er dei også ofte melodramatiske, eindimensjonale og sjeldan spesiell trufaste og truverdige til dei historiske fakta. Dumas' styrke var at han visste korleis ein skal halde på spenninga, byggje opp eit kvart kapittel til ein spennande topp som gjev lesaren lyst til lese meir. På sitt beste meistra Dumas dialogen til det fulle, og på sitt verste kunne han trekkje ein samtale ut i det uendelege dersom han var seint ute i høve til fristen frå avisa.

Dumas skreiv hundrevis av teaterstykke, romanar og reiseskildringar. Han skreiv også fleire barneforteljingar og eit kulinarisk oppslagsverk på oppskrifter med egg. Han starta fleire magasin og skreiv kvar veke i dei. Han var faktisk mest kjend for teaterstykka sine og ein av dei mest profilerte forfattarar nokosinne. Som forfattar var han ein fysisk atlet som heldt eit umenneskeleg tempo og ein utruleg produksjon.

Posthum anerkjenning

[endre | endre wikiteksten]

Gravlagt på den staden han blei fødd blei Alexandre Dumas d.e. verande på kyrkjegarden i Villers-Cotterêts inntil den 30. november 2002. På ordre frå den franske presidenten Jacques Chirac blei han graven opp og under ein TV-send seremoni blei den nye kista hans, drapert i blåfiolett klede og flankert av fire menn i musketer-uniform, som Athos, Porthos, Aramis og D'Artagnan, transportert i ein prosesjon til Paris’ Panthéon; det store mausoleet der Frankrikes berømte menn og kvinner er gravlagde.

I talen sin sa president Chirac: «Med deg, er vi D'Artagnan, Monte Cristo eller Balsamo, ridande på Frankrikes vegar, deltek på slagmarka, gjestar palass og slott – med deg drøymer vi.»

I eit intervju som følgde seremonien var presidenten samd i at rasismen hadde eksistert, sa at det som var gale no var blitt gjort riktig med at Alexandre Dumas låg side ved side med landsmennene sine som Victor Hugo og Voltaire.

Anerkjennelsen innebar at sjølv om Frankrike hadde fostra mange forfattarar var det få som var så vidt og mangfaldig lesne som Alexandre Dumas. Hans forteljingar har blitt omsett til meir enn hundre ulike språk og har inspirert meir enn 200 spelefilmar.

Heimen til Alexandre Dumas utanfor Paris, Château Monte Cristo, er blitt restaurert og er ope for publikum.

Forteljinga om dei tre musketerane har blitt filmatisert ei rekkje gonger, fyrste gong som fransk stumfilm i 1921, Les Trois Mousquetaires (1921) med Aimé Simon-Girard som d'Artagnan. Den blei spelt inn på nytt som talefilm i 1933 med den same regissøren og mange av dei same skodespelarane i dei same rollene. Ein amerikansk stumfilm med tilsvarande tittel og med Douglas Fairbanks i hovudrolla kom også i 1921.

Mest kjend i Noreg er kanskje «The Three Musketeers» (1973) og «The Four Musketeers» (1974), ein adapsjon som er uvanleg tru til romanen, regissert av Richard Lester med Michael York som d'Artagnan. Det same returnerte femten år seinare med ytterlegare ein film kalla «The Return of the Musketeers» (1989), basert på «Tjue år etter».

Ein Disney-produksjon, «The Three Musketeers» (1993) med populære amerikanske ungdomsskodespelarar som Charlie Sheen som Aramis, Kiefer Sutherland som Athos, Chris O'Donnell som D'Artagnan, Oliver Platt som Porthos, og Tim Curry som Richelieu, er ein gjengangar på kommersielle TV-stasjonar, men er svært amerikanisert og lite truverdig, både overfor romanen og det historiske miljøet.

Utgjevingar på norsk

[endre | endre wikiteksten]

Alexandre Dumas' meste kjende bøker blir ofte utgjeve på nytt i Noreg, no og då også i nyomsetjingar, men som regel i forkorta utgåver, ofte berekna på yngre lesarar. Pr 2005 er følgjande tilgjengelege:

  • Dei tre musketerane (2001)
  • Greven av Monte Cristo (2004)

Desse bøkene kan lånast på bibliotek eller kjøpast antikvarisk, her er det rekna opp seinaste utgåve:

  • Alexandre Dumas beste romanar (1990) (24 bøker samla utgåve i 4 bind av: Dei tre musketerane ; Musketerane tjue år efter ; Musketeranes siste bedrifter)
  • Den sorte tulipan (1983)
  • Den røde sfinx (1974)
  • Fra Spanias gryter (1961) (ikkje i bokhandelen. Hefte med utdrag frå forfattaren sitt Le Grand dictionnaire de cuisine utgitt som helsing frå forlaget)
  • Død over regenten! (1956)
  • Ridderen fra Mauleon (1954)
  • Det hemmelige brorskap (1954)
  • Dronning Margot (1954)
  • Den fredløse (1954)
  • Den hellige liga (1954)
  • Diana (1954)
  • Dronningens fiende (1954)
  • Musketerenes ætling (1954)
  • Kongens elskerinne (1953)
  • Ascanio (1953)
  • Vicomte dei Bragelonne

Andre titlar

  • Musketerane tyve år etter er også utgitt som Myladys sønn
  • Musketerenes siste bedrifter er også utgitt med den franske originaltittelen Vicomte de Bragelonne

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]