Alf Løvberg
Utsjånad
Alf Løvberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. september 1899 Christiania |
Død |
17. oktober 1986 (87 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | norsk |
Alf Gunnar Løvberg (19. september 1899–17. oktober 1986) var ein norsk målar frå Oslo.
Løvberg, som var son til ein orkestermusikar, var elev av Christian Krohg og Halfdan Strøm på Statens Kunstakademi i Oslo. Seinare gjekk han i lære hos Aksel Jørgensen i København og Marcel Gromaire i Paris.
Måleria til Løvberg er prega av store, strenge og enkle figurar og ofte einstonige fargar, særleg i grått og grønt. Bileta viser sterk påverknad frå dansk målarkunst, til dømes Vårkveld, eit verk frå 1946 i Nasjonalgalleriet i Oslo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
- Store norske leksikon