C-type-asteroide
C-type-asteroidar er karbonhaldige asteroidar. Dei er den mest vanlege asteroidetypen og utgjer 75 % av alle kjente asteroidar. I det ytre av hovudbeltet utanfor 2,7 AE utgjer dei ein enda større del. Mengda av C-type-asteroidar kan vera større sidan C-typen er mykje mørkare enn dei fleste andre asteroidar bortsett frå D-typen samt andre typar som berre er vanlege i det aller yttarste av hovudbeltet.
Karakteristikkar
[endre | endre wikiteksten]Denne typen asteroidar har like spektrum til karbonkondrittmeteorittar (type CI og CM) som har ein samansetning lik den som Sola har og det den primitive soltåka hadde, bortsett i frå at dei ikkje inneheld hydrogen, helium og andre flyktige stoff. Hydrerte (vassinnehaldande) mineral er identifiserte.
C-type-asteroidar er ekstremt mørke med albedoar typisk mellom 0,03 og 0,10. Mens eit større nummer av S-typar kan normalt sjåast med kikkert ved opposisjon, vil sjølv dei største C-typane krevja eit lite teleskop for å kunne sjåast. Den potensielt lysaste C-type-asteroiden er 324 Bamberga, men asteroiden har ein svært høg eksentrisitet slik at den sjeldan når høgaste magnitude.
Spektruma til C-typen inneheld moderat-sterk ultrafiolettabsorpsjon ved bølgjelengder under omtrent 0,4 μm til 0,5 μm, mens ved lengre bølgjelengder er dei stort sett trekklause og lett raudleg. Det såkalla vassabsorpsjonstrekket rundt 3 μm, som indikerer vassinnhald i minerala, er identifisert.
Den største C-type-asteroiden er 10 Hygiea, men SMASS-klassifiseringa plasserer den største asteroiden og asteroidebeltets einaste dvergplanet Ceres i C-kategorien av di den klassifikasjonen ikkje har ein G-type.
C-gruppe-asteroidar
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg asteroidespektralklassar.
Tholen-C-gruppe
[endre | endre wikiteksten]I Tholen-klassifiseringa er C-typen plassert i lag med tre mindre talrike typar i ein breiare C-gruppe av karbonhaldige asteroidar:
SMASS-C-gruppe
[endre | endre wikiteksten]I SMASS-klassifiseringa inneheld den breiare C-gruppa dei følgjande typane:
- B-type
- kjerne-C-type – dei mest typiske C-type-asteroidane
- Cg- og Cgh-type – to typar som korresponderer med Tholen-G-type
- Ch-type – ein type med eit absorpsjonstrekk rundt 0.7 μm
- Cb-type – ein overgangstype mellom SMASS-C- og B-type