Hopp til innhald

C-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

C-type-asteroidar er karbonhaldige asteroidar. Dei er den mest vanlege asteroidetypen og utgjer 75 % av alle kjente asteroidar. I det ytre av hovudbeltet utanfor 2,7 AE utgjer dei ein enda større del. Mengda av C-type-asteroidar kan vera større sidan C-typen er mykje mørkare enn dei fleste andre asteroidar bortsett frå D-typen samt andre typar som berre er vanlege i det aller yttarste av hovudbeltet.

Karakteristikkar

[endre | endre wikiteksten]

Denne typen asteroidar har like spektrum til karbonkondrittmeteorittar (type CI og CM) som har ein samansetning lik den som Sola har og det den primitive soltåka hadde, bortsett i frå at dei ikkje inneheld hydrogen, helium og andre flyktige stoff. Hydrerte (vassinnehaldande) mineral er identifiserte.

C-type-asteroidar er ekstremt mørke med albedoar typisk mellom 0,03 og 0,10. Mens eit større nummer av S-typar kan normalt sjåast med kikkert ved opposisjon, vil sjølv dei største C-typane krevja eit lite teleskop for å kunne sjåast. Den potensielt lysaste C-type-asteroiden er 324 Bamberga, men asteroiden har ein svært høg eksentrisitet slik at den sjeldan når høgaste magnitude.

Spektruma til C-typen inneheld moderat-sterk ultrafiolettabsorpsjon ved bølgjelengder under omtrent 0,4 μm til 0,5 μm, mens ved lengre bølgjelengder er dei stort sett trekklause og lett raudleg. Det såkalla vassabsorpsjonstrekket rundt 3 μm, som indikerer vassinnhald i minerala, er identifisert.

Den største C-type-asteroiden er 10 Hygiea, men SMASS-klassifiseringa plasserer den største asteroiden og asteroidebeltets einaste dvergplanet Ceres i C-kategorien av di den klassifikasjonen ikkje har ein G-type.

C-gruppe-asteroidar

[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg asteroidespektralklassar.

Tholen-C-gruppe

[endre | endre wikiteksten]

I Tholen-klassifiseringa er C-typen plassert i lag med tre mindre talrike typar i ein breiare C-gruppe av karbonhaldige asteroidar:

SMASS-C-gruppe

[endre | endre wikiteksten]

I SMASS-klassifiseringa inneheld den breiare C-gruppa dei følgjande typane:

  • B-type
  • kjerne-C-type – dei mest typiske C-type-asteroidane
  • Cg- og Cgh-type – to typar som korresponderer med Tholen-G-type
  • Ch-type – ein type med eit absorpsjonstrekk rundt 0.7 μm
  • Cb-type – ein overgangstype mellom SMASS-C- og B-type