Erik Enge
Erik Enge | |||
Fødd | 3. mars 1852 Østre Gausdal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. oktober 1933 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre (ukjend; 1909), Frisindede Venstre (1909; 1920), Senterpartiet (1920; 1933) | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Barn | Kristine Marie Sandahl | ||
Alle verv |
|
Erik Matiasson Enge (3. mars 1852–26. oktober 1933) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Østre Gausdal. Han var 1912-13 landbruksminister i Jens Bratlies regjering. Enge var stortingsrepresentant for tre ulike parti. Han var formann i Frisinna Venstre og 1927-29 i Bondepartiet.
Enge var son av ein gardbrukar. Han tok over farsgarden i 1877 og dreiv han i lang tid. Før han tok over garden hadde han i 1871 gått på folkehøgskulen som Christopher Bruun dreiv i Gausdal.
Enge var med i heradsstyret I Østre Gausdal i årevis, ordførar 1888-91 og 1896-1901. Han var formann i amtsskulestyret i to år, 1903-05, og styremedlem i Hovedjernbanene 1901-06 og på ny frå 1910-27. Medlem av matrikkelkommisjonen av 1910.
Enge var stortingsmann for tre ulike parti. Frå 1898 til 1906 representerte han Venstre, 1910-12 Frisinna Venstre og 1928-30 Bondepartiet. Han møtte fyrste gongen på Stortinget som vararepresentant frå Kristians amt 19.2.1895-26.4.1895, samt frå 20.7.1895 ut sesjonen, og frå 5.5.1897 ut sesjonen. 1910-12 representerte han krinsen Sør-Gudbrandsdal og 1928-30 atter Oppland. Han var medlem av tollkomiteen 1895, Lagtinget og jarnbanekomiteen 1897-1903. I 1902 medlem av nøytralitetskomiteen. Perioden 1903-06 var han medlem av Lagtinget, landbrukskomiteen og valkomiteen. Han var i 1905 medlem av deputasjonen som Stortinget sende til København for å forhandle med den seinare norske kongen. 1910-12 var han sekretær i Lagtinget, nestformann i landbrukskomiteen, samt medlem av valkomiteen, fullmaktskomiteen og reguleringskomiteen.
I Bratlie-regjeringa, som 1912-13 hadde regjeringsmakta knapt eit år, var Enge statsråd og sjef for Landbruksdepartementet. Då Bondepartiet vart skipa i 1920 kom Enge med i det fremste sjiktet av tillitsmenn. Han var leiar av partiet frå 1927 til -29. Stortingsrepresentant på nytt i perioden 1928-30, han var då medlem av vegkomiteen og valkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Erik Enge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1852
- Døde i 1933
- Norske landbruksministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bratlie
- Frisinnede Venstre-statsrådar
- Leiarar for Senterpartiet
- Stortingsrepresentantar 1895-1897
- Stortingsrepresentantar 1898-1900
- Stortingsrepresentantar 1901-1903
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Stortingsrepresentantar 1910-1912
- Stortingsrepresentantar 1928-1930
- Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar for Oppland
- Ordførarar i Østre Gausdal
- Venstreordførarar i Oppland
- Folk frå Gausdal