Hopp til innhald

Eva-Liv-øya

Koordinatar: 81°38′N 63°06′E / 81.633°N 63.100°E / 81.633; 63.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Evaøya)
Eva-Liv-øya
øy
Land  Russland
Del av Belaja Zemlja, Frans Josefs land
Areal 288 km²
Folketal 0
Kart
Eva-Liv-øya
81°38′00″N 63°06′00″E / 81.633333333333°N 63.1°E / 81.633333333333; 63.1
Plasseringa til Belaja Zemlja i Frans Josefs land. Eva-Liv-øya er den nordlegaste i denne gruppa.
Plasseringa til Belaja Zemlja i Frans Josefs land. Eva-Liv-øya er den nordlegaste i denne gruppa.
Plasseringa til Belaja Zemlja i Frans Josefs land. Eva-Liv-øya er den nordlegaste i denne gruppa.

Eva-Liv-øya (russisk Остров Ева-Лив, Ostrov Jeva-Liv) eller Evaøya er den nordaustlegaste øya i Frans Josefs land i Russland.

Eva-Liv-øya har ei form som kan minne om ei kanin og ei overflate på 288 km². Det høgaste punktet på øya er 381 m.

Området der Evaøya ligg vart kalla Hvidtenland av Fridtjof Nansen som kom til Evaøya 5. august 1895 under polarekspedisjonen hans. På kartet sitt teikna han to øyar og kalla den største øya i aust opp etter kona si Eva Nansen (som døydde i 1907). «Øya» i vest, som Nansen fann to dagar, kalla han Livøya. Sidan den permanente polisen kryssar Belaja Zemlja er det vanskeleg å skilje land og sjø. Etter kvart var det derimot klart at Livøya berre var ei halvøy vest på Evaøya. Derfor fekk øya det offisielle namnet Eva-Liv-øya. I 2021 blei det vidare funne at «halvøya» berre hadde vore danna av ein isbre som no hadde smelta vekk.[1]

Evaøya og dei to mindre naboøyane (Frieden og Adelaide) vert framleis på russisk kalla Белая Земля (Belaja Zemlja), som tyder «Hvidtenland», eller «Det kvite landet», og har altså halde på Nansen sitt originale namn. Øyane er stort sett dekte av is.

Mellom Belaja Zemlja og resten av Frans Josefs-øyane ligg eit 45 km breitt sund kalla Proliv Severo Vostotsjnij.

Dette var staden i Frans Josefs lands om den russiske sjøfararen Valerian Albanov frå den mislukka Brusilov-ekspedisjonen prøvde å nå då han forlet «Svjataja Anna» med delar av mannskapet. Albanov enda derimot mykje lenger sørvest i Aleksandra land.

Nærliggande øyar

[endre | endre wikiteksten]
  • Eit par kilometer mot sørvest ligg den vesle Adelaideøya (Остров Аделаиды), kalla opp etter prinsesse Adelheid av Hohenlohe-Langenburg. Ho er berre 2 km lang.
  • Friedenøya (Остров Фреден), er ei større ovalforma øy med ei lengd på 8,2 km . Ho ligg 2,5 km sør for Adelaideøya. Øya har namn etter det tyske ordet for «fred».
  1. «A peninsula on an island Nansen named for his wife and daughter has melted away», The Independent Barents Observer (på engelsk), henta 21. januar 2024 


81°38′N 63°06′E / 81.633°N 63.100°E / 81.633; 63.100