Heissøya
Heissøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Areal | 132 km² | ||
Folketal | 4 | ||
Heissøya 80°34′00″N 57°41′00″E / 80.566666666667°N 57.683333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Heiss Island |
Heissøya (russisk Остров Хейса - Ostrov Khejsa) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho ligg sentralt i øygruppa, nord for Galljaøya, mellom Champøya og Wilczek land. Øya har eit areal på 132 km².
Heissøya er nesten isfri og har berre små iskapper sentralt på nordkysten. Det høgaste punktet er 242 meter over havet.
Sundet sør for Heissøya heiter Markamasundet og er 5 km på det smalaste. I aust ligg Austriskijsundet, med dei mindre Komsomoløyane på andre sida. I nord ligg det 7 km breie Jermaksundet med Zitsjy land på andre sida.
Neset på sørvestsida av øya heiter Mys Ostantsovij.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Khejsa var ein tidlegare sovjetisk rakettutskytingsbase på øya.
I dag ligg Krenkel hydrometeorologiske stasjon på øya (80°37′ N, 58°03′ E).
Øya vart opphavleg kalla opp etter polfararen Isaac Hayes, som utførte ein historisk polekspedisjon i 1850. Tyske kartografar germaniserte derimot namnet etter transkripsjon frå russisk og namnet Heissøya har vorte verande.
Nærliggande øyar
[endre | endre wikiteksten]- 7 km aust for Heissøya ligg Komsomoløyane (Острова Комсомольские - Ostrova Komsomolskije). Dei består av ei 7 km lang trekanta øy og to holmar på nordsida. Øygruppa er kalla opp etter Komsomolane i sovjettida. .
- Det ligg ei 1,2 km lang øy utanfor ei lita bukt vest for det nordaustlegaste neset på Heissøya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heiss Island» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Location: Plassering Arkivert 2013-11-25 ved Wayback Machine.
- Meteorology: Meteorologi Arkivert 2007-10-28 ved Wayback Machine.
- Hayesøya på eit kart av Fridtjof Nansen
- Polekspedisjonar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete Arkivert 2007-10-28 ved Wayback Machine.