Koma
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Koma (fleirtyding).
Koma (coma, frå gresk 'djup søvn') er ein kroppsleg tilstand der ein er djupt medvitslaus. I medisinsk terminologi vert mellom anna skalaen Glasgow Coma Scale brukt for å avgjere medvitsnivået til ein pasient.
Koma kan førekome i mange ulike gradar, og ved mange ulike sjukdommar. Tilstanden kan mellom anna førekome ved hjerneskade, sukkersjuke, epilepsi, leversvikt og nyresvikt.