Hopp til innhald

I'm Going Slightly Mad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm Going Slightly Mad
Singel av Queen
frå albumet Innuendo
B-side

Lost Opportunity The Hitman

Språk engelsk
Utgjeve 4. mars 1991
Sjanger Gotisk rock
Lengd 4:22
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Tekstforfattar Queen
Låtskrivar(ar) Queen
(Freddie Mercury/Peter Straker)
Produsent Queen og David Richards
Queen-kronologi 
«Innuendo»
(1991)
I'm Going Slightly Mad «Headlong»
(1991)


«I'm Going Slightly Mad» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Songen er skriven av Freddie Mercury, og vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet Innuendo i 1991. Teksten og den tilhøyrande videoen syner songen som lunefull, humoristisk og munter.[1] Songen inneheld ein slidegitarsolo av Brian May. Bassen til John Deacon er stemnt ned til ein låg H.

Singelomslaget er inspirert av ein illustrasjon av Grandville (i lag med dei andre frå albumet).

Den tilhøyrande videoen - som alle andre videoar frå Innuendo — var regissert av Rudi Dolezal og Rossacher frå DoRo Productions, og vart filma i februar 1991 i Limehouse Studios og syner bandet kledde ut med ein absurd oppførsel. Gitarist Brian May er kledd ut som ein pingvin,[2]) trommeslagaren Roger Taylor har ein kokande tekjele på hovudet og syklar på ein trehjulsykkel medan Mercury snik seg inn på han og jagar etter han. John Deacon, bassisten var kledd ut som ein hoffnarr. Mercury har ein bananklase på hovudet (og syng mellom anna linja «I think I'm a banana tree»).

«I'm Going Slightly Mad» er den siste Queen-videoen med kunstnariske innspel frå Mercury. Sjølv om han var særs sjuk på denne tida på grunn av HIV-viruset som tok livet av han mindre enn eitt år seinare, var han særs mobil og uttrykksfull i videoen til «I'm Going Slightly Mad». Men utsjånaden hans var skral og han hadde på store mengder sminke for å gøyme flekkar i andletet og eit ekstra lag med klede for å skjule vekttapet sitt. Dette gjorde dei ikkje i «These Are the Days of Our Lives», den siste videoen Mercury nokon gong filma (i mai 1991), der han nesten ikkje rører seg, og han var enno dårlegare. Begge desse videoane vart filma i svartkvitt.[3]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1991) Plassering Veker på lista
Den nederlandske singellista[4] 20 9
Den tyske singellista[5] 42 10
Irish Singles Chart[6] 19 2
UK Singles Chart[7] 22 5
  1. 02-15-1991 LA Times «Innuendo» review, retrieved from the Queen archives at http://www.queenarchives.com/index.php?title=Queen_-_02-15-1991_-_Innuendo_-_LA_Times
  2. «Brians Soapbox Oktober 2009». Brianmay.com. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 28. juli 2016. 
  3. «The Queen Phenomenon». 1995.  Missing or empty |series= (hjelp)
  4. Steffen Hung. «Dutch charts portal». dutchcharts.nl. Henta 28. juli 2016. 
  5. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». musicline.de. Henta 28. juli 2016. 
  6. Jaclyn Ward - Fireball Media Ltd. - http://www.fireballmedia.ie (1. oktober 1962). «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 28. juli 2016. 
  7. «UK Singles & Albums Chart Archive». Chart Stats. Henta 28. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]