You Don't Fool Me
You Don't Fool Me Singel av Queen frå albumet Made in Heaven | ||
Utgjeve | 18. november 1996 | |
Innspelt | 1991 – 1995 | |
Sjanger | Funkrock, dance-rock | |
Lengd | 5:25 (album) 3:54 (singel) | |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Komponist | Queen | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Queen | |
---|---|---|
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
«Let Me Live» (1996) |
You Don't Fool Me | «No-One but You (Only the Good Die Young)» (1997)
|
«You Don't Fool Me» er ein song av Queen frå 1995 på albumet Made in Heaven. Han vart gjeven ut som singel i 1996 med forskjellige remixar av songen. Songen er ein av få som faktisk vart skriven og innspelt etter Innuendo-innspelingane, og vart skriven av heile bandet, rettleia av David Richards. Han vart ein hit verda over og nådde toppen av singellista i Italia.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]«You Don't Fool Me» var ein av dei siste songane som vart spelte inn for albumet Made in Heaven og kom til på ein uvanleg måte. May har forklart på nettsida si at produsenten til bandet, David Richards, meir eller mindre skapte rammeverket for songen på eiga hand, med å setje saman bitar av vokalopptak gjort like før Mercury døydde. May har sagt at før Richard gjorde dette arbeidet, så var det ingen song å snakke om. Etter at Richards hadde redigert og miksa songen (mellom anna med klipp av harmonivokal innspelt for «A Winter's Tale»), presenterte han songen for dei andre medlemmane i bandet. Brian May, Roger Taylor og John Deacon la så på sine instrument og korvokal, og vart overraska over dei enda opp med ein ferdig song. Stilen på songen minnar om songar frå albumet Hot Space frå 1982.
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Videoen er sett til ein nattklubb der ein ung mann møter den tidlegare kjærasten sin og minner om det korte forholdet deira. Temaet i songen kunne ha vore eit framhald av sogene frå dei tidlegare Queen-songane «Play the Game» og «It's a Hard Life».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - Solo- og korvokal
- Brian May - elektrisk gitar
- Roger Taylor - trommer, perkusjon, klaverinstrument, korvokal
- John Deacon - bassgitar
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Originalversjon
[endre | endre wikiteksten]- CD-singel
- «You Don't Fool Me» (edit) — 3:54
- «You Don't Fool Me» (album) — 5:25
- CD maxi
- «You Don't Fool Me» (album) — 5:25
- «You Don't Fool Me» (edit) — 3:54
- «You Don't Fool Me» (Sexy Club Mix) — 10:18
- «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:07
- 12" maxi - Europa
- «You Don't Fool Me» (Sexy Club Mix)
- «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix)
- «You Don't Fool Me» (B.S. Project Remix)
- «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Instrumental club mix)
- 12" maxi - USA
- «You Don't Fool Me» (Freddy's Club Mix) — 7:02
- «You Don't Fool Me» (album) — 5:24
- «You Don't Fool Me» (Freddy's Revenge Dub) — 5:53
- «You Don't Fool Me» (Queen for a Day mix) — 6:33
Somme amerikanske 12"-singlar inneheld ikkje albumversjonen.
Remixar
[endre | endre wikiteksten]- CD-singel
- «You Don't Fool Me» (B.S. Project remix - edit) — 3:15
- «You Don't Fool Me» (edit) — 4:40
- CD maxi - berre Storbritannia
- «You Don't Fool Me» (album) — 5:24
- «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:05
- «You Don't Fool Me» (Sexy Club mix) — 10:53
- «You Don't Fool Me» (Late Mix) — 10:34
- 12" maxi - berre Storbritannia
- «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:05
- «You Don't Fool Me» (Late Mix) — 10:34
- «You Don't Fool Me» (Sexy Club Mix) — 10:53
- «You Don't Fool Me» (album) — 5:24
- Kassettsingel (same songar på begge sider)
- «You Don't Fool Me» (album) — 5:24
- «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:05
Sexy Club Mix er nesten den same på alle format. Den britiske CD- og 12"-versjonen har oppført feil tid, 10:53, når han i røynda berre er 10:18 som dei andre formata. Den britiske CD-versjonen har ein mastering-feil og dei fire første sekunda er tapt, slik at tida er 10:14.
1995-remixar
[endre | endre wikiteksten]- «B.S. Project Remix» (remix av M. Marcolin og Bob Salton)
- «B.S. Project Remix - Edit» (remix av M. Marcolin og Bob Salton)
- «Dancing Divaz [Instrumental] Club Mix» (remix av Dancing Divaz)
- «Dancing Divaz Rhythm Mix» (remix av Dancing Divaz)
- «Dub Dance Single Mix» (remix av David Richards)
- «Freddy's Club Mix» (remix av Freddy Bastone)
- «Freddy's Revenge Dub» (remix av Freddy Bastone)
- «Late Mix» (remix av David Richards)
- «Queen For A Day Mix» (remix av Freddy Bastone)
- «Queen Forever Megamix» (remix av Freddy Bastone)
- «Sexy Club Mix» (remix av Jam & Spoon)
«Queen Forever Megamix» inneheld vokalsamplingar frå fleire forskjellige Queen-songar, men ikkje «You Don't Fool Me». Han vart berre gjeven ut på ein avgrensa oransje promo-vinyl i Storbritannia.[1]
Lister
[endre | endre wikiteksten]
1 Remixar |
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «You Don't Fool Me» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The complete list of all «You Don't Fool Me» remixes and their sources can be found on this Queenpedia.com article
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 "You Don't Fool Me», in various singles charts Lescharts.com (Henta 23. november 2008)
- ↑ Den tyske singellista Charts-surfer.de Arkivert 2007-10-29 ved Wayback Machine. (Henta 23. november 2008)
- ↑ Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 23. november 2008)
- ↑ UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 3. september 2008)
- ↑ 1996 Belgian (Flandern) Singles Chart Ultratop.be (Henta 23. november 2008)
- ↑ 1996 Belgian (Vallonia) Singles Chart Ultratop.be (Henta 23. november 2008)