Ohms lov
Utsjånad
Ohms lov, namngjeve etter oppdagaren Georg Ohm, seier at tilhøvet mellom elektrisk straum, spenninga og motstand kan uttrykkast
- U = RI,
der U er spenninga, R er motstanden og I er straumen. Spenninga er med andre ord produktet av R og I.
Nokre døme
[endre | endre wikiteksten]Døme 1
[endre | endre wikiteksten]Når det er kjend at straumen i ein krins er 3 ampere og krinsen har ein motstand på 2 Ω kan ein finna spenninga som
- U = RI = (2 Ω)(3 A) = 6 V.
Døme 2
[endre | endre wikiteksten]Når spenninga over ein motstand er 3 volt og motstanden er 1,5 Ω er straumen gitt som:
- I = U/R = (3 V)/(1,5 Ω) = 2 A.