Opal
Opal | |||
Edel opal erstattar kalsitt i toskjela skal frå Coober Pedy. Frå South Australian Museum | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineraloid | ||
Kjemisk formel | Hydratsilika. SiO2·nH2O | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Fargelaus, kvit, gul, raud, oransje, grøn, brun, svart, blå | ||
Krystallform | Ujamne årer, i massar, i nodular | ||
Krystallsystem | Amorf[1] | ||
Kløyv | Ingen[1] | ||
Brot | Muslig til ujamn[1] | ||
Mohs hardleiksskala | 5.5–6[1] | ||
Glans | Subglasaktig til voksaktig[1] | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | ugjennomsiktig, gjennomskineleg, gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.15 (+.08, -.90)[1] | ||
Tettleik | 2.09 | ||
Polert glans | Glasaktig til harpiksaktig[1] | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Enkeltbrytande, ofte avvikande dobbeltbrytande på grunn av strekk[1] | ||
Brytingsindeks | 1.450 (+.020, -.080) meksikansk opal kan vere så låg som 1.37, men er typisk 1.42–1.43[1] | ||
Dobbeltbryting | ingen[1] | ||
Pleokroisme | Ingen[1] | ||
Ultrafiolett fluorescens | svart eller kvit, ikkje-reaktiv til kvit til moderate lyseblå, grøn, eller gul i lang- og kortbølgja. Kan òg fosforescere; vanleg opal: ikkje-reaktiv til kraftig grøn eller gulaktig grøn i lang- og kortbølgjer, kan fosforescere; eldopal: ikkje-reaktiv til moderate grønaktig brun i lang- og kortbølgjer, kan fosforescere.[1] | ||
Absorpsjonsspektrum | grønsteinar: 660 nm, 470 nm avbrot[1] | ||
Kjenneteikn | mørk ved oppvarming | ||
Oppløyselegheit | varmt saltvatn, basar, metanol, humussyre, hydrogenfluorsyre | ||
Kjelder | [2][3] |
Opal er eit amorft mineral eller såkalla mineraloid som består av silisiumdioksid (kiselsyre eller silika, SiO2) med varierande innhald av vatn, vanlegvis 4–9 %. Edle opalar er av dei mest verdfulle edelsteinane.
Opal finst særleg i holrom i dagbergartar og sedimentære bergartar, og er danna ved avsetjing frå varme, kiselsyrehaldige løysingar. Han kan òg avsetjast i samband med varme kjelder. Opal blir òg danna som skalmateriale hjå til dømes radiolarar og diatomear.
Edelopal har eit vent fargespel og er ein verdfull edelstein. Desse finst særleg i Australia. I 1970-åra byrja det å kome syntetisk edelopal av fyrsteklasses kvalitet på marknaden. Edel opal kan òg vere gulraud og nesten klår og blåleg.
Vanleg opal er gjennomskineleg eller uklår og syner ikkje fargespel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6
- ↑ «Opal». Webmineral. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Opal». Mindat.org. Henta 5. juli 2014.
- «opal» (20. januar 2012) av Gunnar Raade i Store norske leksikon, snl.no. Henta 14. februar 2014.