Hopp til innhald

Lorenzo Lotto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lorenzo Lotto

Sjølvportrett, ca. 1540-åra
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1480
Venezia
Død

1556 (76 år)
Loreto

Yrke kunstmålar, bygningstegner, biletkunstnar
Sjanger religiøst maleri
Lorenzo Lotto på Commons
Portrett av kvinne som Lucretia (1528-30)

Lorenzo Lotto (14801556) var ein italiensk målar under renessansen. Han var frå Venezia, og høyrde til den såkalla venetianske skulen.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Lotto gjekk truleg i lære hos Alvise Vivarini i Venezia. Han var ein særeigen målar, trass i at han under ulike periodar tok sterke inntrykk frå Giovanni Bellini, Tizian og sin tidlege arbeidskollega Palma Vecchio.

Størstedelen av livet arbeidde Lotto andre stader enn i Venezia. Mellom anna var han aktiv i Roma, Bergamo og Loreto.

Han døydde i Loreto.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lorenzo Lotto