Palma Vecchio
Palma Vecchio | |
Statsborgarskap | Republikken Venezia |
Fødd | 1480 Serina |
Død |
30. juli 1528 (48 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrett |
Born | Violante Negretti |
Palma Vecchio på Commons |
Jacopo Palma eller Palma Vecchio, (1480–1528) var ein italiensk kunstmålar under renessansen. Han tilhøyrde den venetianske skulen og vert rekna som ein av dei fremste innan stilretninga.
Palma Vecchio (som tyder 'gamle Palma'; for å skilje han frå grandnevøen som også var ein kjend målar) var fødd i Serina Alta, nær Bergamo, kringom 1480. Palma kom til Venezia tidleg på 1500-talet, han var visstnok ein følgjesvenn og konkurrent til Lorenzo Lotto. Han skal ha vore elev av Tizian. Dei tidlege arbeida hans viser elles påverknad frå Giovanni Bellini. Palma var truleg lærar til Bonifazio Pitati og har påverka Giovanni Busi, han hadde elles mange elevar som etter hans død fullførte i kring 40 uferdige verk.
Palma sine verk demonstrerer ein overlegen rikdom av fargar, men utmerkar seg korkje i kreativitet eller i handverk. Kvinner opptrer i fleire av måleria hans, ofte var den såkalla dottera hans, Violante, modell. Mange av dei beste arbeida hans vart gjort for kyrkjer. Motiva vert gjerne formidla mot ein bakgrunn med idylliske landskap.
Palma Vecchio døydde i Venezia i 1528.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Palma Vecchio» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2012.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |