Hopp til innhald

Little Richard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little Richard

Little Richard spelar i mars 2007
Fødd5. desember 1932
FødestadMacon
Død9. mai 2020 (87 år)
DødsstadNashville, Tullahoma
FødenamnRichard Wayne Penniman
AliasThe True queen Of Rock 'n' Roll
The Originator, The Emancipator, The Architect Of Rock 'n' Roll; The queen of Rockin' an Rollin' Rhythm & Blues Soulin', The Georgia Peach
OpphavUSA
Aktiv1951-2020
SjangerRhythm & Blues
Rock & roll
Soul
Gospel
InstrumentVokal
Piano
Keyboard
Stemmetypetenor
PlateselskapRCA, Brunswick, Specialty, Mercury Records, Vee-Jay Records, Reprise Records, Apple Records, Manticore
Verka somsongar, pianist, låtskrivar, prest, plateartist, komponist, musikar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Richard Wayne Penniman (5. desember 19329. mai 2020), kjend som Little Richard, var ein amerikansk songar, låtskrivar og pianist, og var ein pioner i musikksjangeren rock and roll. Han vart fødd i Macon i Georgia, og var sterkt inspirert av gospel.

Little Richard fekk eit gjennombrot med songen «Tutti Frutti» i 1955, og følgd opp med ein serie internasjonale hittar: «Long Tall Sally», «Rip It Up», «Lucille», «Jenny Jenny», «Keep A Knockin’», «Good Golly Miss Molly», «Ooh! My Soul» og fleire andre. I Noreg var hans største hit «Baby Face» i 1957.

Han var ein av dei sju første som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1986.

Little Richard sine første songar var ei blanding av boogie-woogie, rhythm and blues og gospel, men ofte med eit markant etterslag, funky saksofonlinjer og ru, skrikande vokal, stønn, skrik og anna. I 1957, medan karrieren var på eit toppunkt vart han andeleg gjenfødd som kristen, melde seg inn på ein bibelskule og trekte seg tilbake frå musikkindustrien.[1] Sidan den gong via han mykje av livet sitt til dette kallet.[1]

Little Richard har vorte hylla av mange andre artistar. James Brown kalla Little Richard idolet sitt[1] og sa han var den første som putta funk i ein rock and roll-rytme.[2] I High School-årboka si skreiv Bob Dylan at ambisjonen hans «var å følgje Little Richard» og i 1959 fortalde Elvis Presley om Little Richard «Your music has inspired me - you are the greatest.»[1] Otis Redding, John Lennon, Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr, Mick Jagger, Keith Richards, Pete Townshend, Roger Daltry, John Fogerty, Dick Dale, Bob Seger, Jimi Hendrix, Robert Plant, Jimmy Page, Jeff Beck, Eric Clapton, David Bowie og mange andre rock n' roll-ikon har òg omtalt Little Richard som ein av dei største inspirasjonskjeldene sine. Av Rolling Stone vart han plassert på 8. plass på lista deira over dei 100 største musikkartistane gjennom tidene,[3], men seks av sju artistar føre han på lista er nemnd over av dei som hadde han som inspirasjonskjelde.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.
  2. «Little Richard». Rock and Roll Hall of Fame. 
  3. The Immortals: The First Fifty : Rolling Stone, arkivert frå originalen 20. august 2011, henta 20. september 2008 
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.