Provinsen Burgos
Utsjånad
Burgos er ein provins nord i Spania, i den nordaustlege delen av den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Palencia, Cantabria, Bizkaia, Álava, La Rioja, Soria, Segovia og Valladolid. Hovudstaden er byen Burgos.
Provinsen har eit areal på 14 300 km² og kring 350 000 innbyggjarar. Om lag halvparten bur i provinshovudstaden. Dei einaste større byane utanom Burgos er Miranda de Ebro og Aranda de Duero. Mange av dei 371 kommunane i provinsen har færre enn 100 innbyggjarar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burgos (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.