Rock Island av Jethro Tull
Rock Island Studioalbum av Jethro Tull | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. august 1989 | |
Innspelt | Tidleg 1989 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 50:21 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Jethro Tull | |
Jethro Tull-kronologi | ||
---|---|---|
20 Years of Jethro Tull: Highlights (1988) |
Rock Island | Live at Hammersmith '84 (1990)
|
Singlar frå Rock Island | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Classic Rock | [2] |
Rock Island er det 17. studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut i 1989. Albumet tok bandet i same hardrockretninga bandet tok på det førre albumet, Crest of a Knave frå 1987. Besetninga bestod no av Ian Anderson, Martin Barre, Dave Pegg og den nye trommeslagaren Doane Perry. Utan ein permanent klaverspelar, spelte Fairport Convention-medlemmet Maartin Allcock og det tidlegare Tull-medlemmet Peter Vettese.
Rock Island selde til gullplate i Storbritannia og selde òg godt i Tyskland, der det nådde femteplassen på albumlista. Det var òg gode salstal for singelen «Kissing Willie», som nådde sjetteplassen på singellista.[3]
Under turneen for Rock Island i 1989 vart det nytta skuggespel med smidige dansarar under songen «Kissing Willie», som enda med eit bilete som var på grensa til pornografisk. Songen «Big Riff and Mando» omhandlar livet på vegen for harde turnémusikarar og fortel mellom anna soga om då ein tilhengjar stal mandolinen til Barre.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Ian Anderson.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Kissing Willie» | 3:32 |
2. | «The Rattlesnake Trail» | 4:02 |
3. | «Ears of Tin» | 4:55 |
4. | «Undressed to Kill» | 5:25 |
5. | «Rock Island» | 6:54 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Heavy Water» | 4:12 |
2. | «Another Christmas Song» | 3:32 |
3. | «The Whaler's Dues» | 7:53 |
4. | «Big Riff and Mando» | 5:58 |
5. | «Strange Avenues» | 4:10 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Christmas Song» (Live) | 3:06 |
12. | «Cheap Day Return/Mother Goose» (Live) | 3:10 |
13. | «Locomotive Breath» (Live) | 3:38 |
- Bonusspora vart spelte inn i Zürich i Sveits den 13. oktober 1989. Dei hadde tidlegare vore gjevne ut på den britiske CD-singelen «Another Christmas Song».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jethro Tull
- Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar, klaverinstrument, Synclavier, mandolin, trommer, perkusjon (på spor 2 & 7)
- Martin Barre – akustisk gitar, elektrisk gitar
- David Pegg – bassgitar, akustisk bass, mandolin
- Doane Perry – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Maartin Allcock – klaverinstrument (på spor 1 & 10)
- Peter Vettese – klaverinstrument (på spor 3, 4, 5 & 6)
- Jim Gibson - illustrasjonar
- Mark Tucker - miksing
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rock Island (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ruhlmann, William. Rock Island på Allmusic
- ↑ Ewing, Jerry (December 2006). «Jethro Tull Rock Island». Classic Rock. s. 99.
- ↑ «Rock Island - Jethro Tull | Awards». AllMusic. 13. oktober 1989. Henta 20. mai 2019.