Rekneskap
Rekneskap er ei oversikt over inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld. Rekneskap er eit hjelpemiddel for å kunne vurdere den økonomiske stillinga for den som har avlagt rekneskapen, som til dømes ei verksemd. Døme på brukarar av rekneskap er verksemdsseigarar, offentlege styresmakter, bankar, låneinstitusjonar, investorar og tilsette.
Årsrekneskap
[endre | endre wikiteksten]Rekneskapslova frå 1998 gjev alle rekneskapspliktige næringsdrivande å utarbeide eit årsrekneskap for rekneskapsåret. Dette omfattar all næringsverksemd som den næringsdrivande driv, og består av reslutatrekneskap, balanse osv. Dette vert sendt til det sentrale Rekneskapsregisteret i Brønnøysund og er normalt offentleg tilgjengeleg. Det er straffbart for slike næringsdrivande å ikkje sende inn årsrekneskap.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Årsreknskap» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2008.
- «Årsregnskap» i Caplex.