Tríkala
Tríkala Lokalt namn Τρίκαλα | |
---|---|
Borga i Tríkala | |
Geografi | |
Stad | Thessalía |
Koordinatar | 39°33′N 21°46′E / 39.550°N 21.767°E |
Areal | 608,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Thessalía Tríkala |
Hovudsete | Tríkala (61 608 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 78 605 (2021[1]) |
Folketettleik | 129,2 /km² |
Tríkala (gresk Τρίκαλα), tidlegare Trikka, er ein by og ein kommune i periferieininga Tríkala i Thessalía i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga og ligg nordvest for Aten og Kardítsa, aust for Ioánnina og Métsovo, sør for Grevená, sørvest for Thessaloníki og vest for Lárisa.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg på ei frodig slette i Thessalía sentralt i Hellas og er byen Homer omtalte som Trikka (eller Trikki), fødestaden til tre av argonautane og eit av områda som vert nemnd som fødestad for Asklepios.
Ein austromersk festning ligg i dag på den grunnmuren til den tidlegare akropolisen. Byen vart okkupert av osmanarane under den gresk-tyrkiske krigen 1897 i seks månadar.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 78 605 innbyggjarar, medan kommunaleininga Tríkala hadde 62 064 og tettstaden med same namn 61 608 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Tríkala | Tríkala | 61 653 | 61 608 |
Megála Kalývia | Megála Kalývia | 1 849 | 1 596 |
Megalokhóri | Estieótida | 1 490 | 1 361 |
Méga Kefalóvryso | Faloría | 925 | 791 |
Rízoma | Paralithéi | 917 | 790 |
Kefalóvryso | Faloría | 952 | 777 |
Paleópyrgos | Paliókastro | 904 | 762 |
Megárkhi | Faloría | 788 | 667 |
Dialektó | Faloría | 680 | 584 |
Valtinó | Kallídendro | 671 | 574 |
Ráxa | Paralithéi | 624 | 544 |
Krinítsa | Paliókastro | 596 | 540 |
Plátanos | Paralithéi | 609 | 514 |
Dendrokhóri | Kallídendro | 532 | 501 |
Glínos | Megála Kalývia | 522 | 466 |
Patouliá | Estieótida | 511 | 453 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trikala frå Engelsk Wikipedia .