Veldig bra podcast, denne har eg verkeleg savna på norsk! Smarte folk med moralsk kompass, som analyserer samtid og kultur med masse fun OG fakta. 
Ryddig og gøy samtidig. 
Takk Marte og Asbjørn! 
Særlig Asbjørns innsikt i Tyskland og fotballkultur er heilt utruleg interessant, og Martes perspektiv på Midtausten. 
Men her kjem litt kritikk: episoden med Else Kåss er den svakaste til no. Og det merkes at dere (som dei fleste) har problem med å vere tilstrekkelig kritiske til hennar partiprosjekt, fordi saka er god og ho er søt og morsom. Men det er jo ein STOR TABBE å faktisk stille til stortingsvalg når ein ikkje er eit reelt parti og ikkje faktisk søker makt. Det er demokratisk svært problematisk. 
Og ho får lov å samanlikne seg med MDG, og hevde at dette er eit «einsaksparti». Som om ikkje me har eit tydelig ideologisk prosjekt, har hatt heilheitlige partiprogram i over 30 år, og har vore med å styre alle dei store norske byane. 
Kvifor kan ho ikkje støtte eit parti som MDG, som faktisk har ein heilhetlig og realistisk politikk for å styrke psykiatrien og skape mindre einsemd? Kva tenker Else om at ho kan stjele f.eks. akkurat dei 1700 velgarane MDG trengte ved sist valg, og vere det som vipper det over til eit borgerlig fleirtal og FrP - regjering? Og kvifor stilte de ikkje desse spørsmåla? 
Mvh Sigrid . Fast lytter, og podcastvert for «Verden sett fra sykkelsetet».