Faktaboks

Administrasjonssenter
Svortland
Fylke
Vestland (frå 1.1.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
13 000 (2026)
Landareal
235 km²
Høgaste fjell
Siggjo (474 moh.)
Innbyggjarnamn
bømling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4613 (frå 1.1.2020, tidlegare 1219)
Kommunevåpenet viser eit sølvfarga sjøblad på raud botn. Motivet førestiller bladet av vasslilja, som er svært vanleg i kommunen. Dei tre blada symboliserer òg dei tre tidlegare kommunane som utgjer Bømlo i dag.
Bømlo kommune i Vestland fylke.
Kart: Bømlo kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Bømlo er ein kommune i Vestland fylke, på nordsida av Bømlafjorden, den ytste delen av Hardangerfjorden. Saman med Sveio ligg Bømlo lengst sørvest i fylket. Heile kommunen ligg på øyar og omfattar øyane Bømlo (Bømmeløy, 171 km2), Goddo (16 km2) og Moster (12 km2), og dessutan rundt 1000 andre øyar, holmar og skjer. Fram til 2020 høyrde Bømlo kommune til Hordaland fylke.

Bømlo kommune blei oppretta i 1916 ved at den dåverande Finnås kommune blei delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 blei dei tre nemnde kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1995 då øyane Aga og Agasystra i nordaust og Gisøya, Vikøya og Selsøy i nord, begge øygruppene med nokre mindre, omliggande øyar, for det meste utan busetnad, blei overførte frå Fitjar til Bømlo kommune. Til saman utgjorde desse øyane om lag 16 kvadratkilometer og hadde eit folketal på 225 ved overføringa.

Bømlo grensar i søraust til Sveio, i aust til Stord og Fitjar og i nord til Austevoll. Alle grensene er i sjøen.

Natur

Bømlo. Bremnes-området sett frå sør. Svortland midt i biletet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Mosterhamn på øya Moster ligg i Bømlo kommune.

Heile Bømlo kommune ligg innan den kaledonske foldesona, men berggrunnen varierer atskilleg med omsyn til karakter og opphav. Nord for Hiskosen-Finnåsvika, som nesten deler øya Bømlo i to, dominerer djuperuptiv, vesentleg gabbro, nordover til ei linje Økland-Folderøy og granitt lenger nord. I sør er berggrunnen meir samansett med vekslande sørvest-nordaustgåande belte av dels omdanna kambrosiluriske avsetningar (fyllitt, glimmerskifer, konglomerat med meir), dels bergartar av vulkansk opphav som har trengt gjennom desse avsetningane, blant anna grønstein og dioritt.

Bømlo har ein svært varierande natur, frå eit nakent, skogfritt landskap ut mot havet i vest til frodige og lune parti mot aust. Landskapet er stort sett småkupert og lågt, men hevar seg i fjellet Siggjo (474 moh.), eit kjent seglingsmerke sentralt på øya Bømlo.

Busetjing

Folketal

tidspunkt Innbyggjarar
1951 7745
1952 7807
1953 7863
1954 7945
1955 7993
1956 7982
1957 7957
1958 8011
1959 8097
1960 8098
1961 8104
1962 8144
1963 8126
1964 8164
1965 8264
1966 8337
1967 8363
1968 8389
1969 8349
1970 8339
1971 8276
1972 8246
1973 8403
1974 8585
1975 8692
1976 8809
1977 8963
1978 9080
1979 9171
1980 9213
1981 9258
1982 9266
1983 9329
1984 9425
1985 9530
1986 9502
1987 9525
1988 9569
1989 9653
1990 9675
1991 9727
1992 9781
1993 9855
1994 10006
1995 10300
1996 10337
1997 10477
1998 10553
1999 10694
2000 10739
2001 10839
2002 10892
2003 10867
2004 10815
2005 10830
2006 10808
2007 10892
2008 10998
2009 11085
2010 11275
2011 11421
2012 11503
2013 11638
2014 11749
2015 11761
2016 11778
2017 11806
2018 11902
2019 11960
2020 11957
2021 11953
2022 12061
2023 12132
2024 12268
2025 12365
2026 12531
Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Bømlo har ei jamt fordelt busetjing. Svortland, Rubbestadneset, Folderøy og Steinsvåg ligg sentralt i kommunen, Mosterhamn i søraust og Langevåg i sør. Administrasjonssenter og største tettstad er Svortland som har postadresse Bremnes.

Bømlo (med dagens grenser) har hatt vekst i folkemengda i heile etterkrigstida. I tiårsperioden 2014–2024 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg noko over 0,2 prosent årleg, mot 0,6 prosent i Vestland fylke (etter dei noverande grensene).

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det seks tettstader i Bømlo (2025). Tettstadene er til saman 8,0 km² og omfattar 3 prosent av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Svortland 3 146 26 % 2,8 km²
Mosterhamn 1 431 12 % 1,8 km²
Rubbestadneset 1 418 12 % 1,3 km²
Langevåg 754 6 % 1,2 km²
Steinsvåg 469 4 % 0,5 km²
Folderøy 377 3 % 0,4 km²
Sum 7 595 62 % 8,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Bømlo kommune som bur i tettstaden.

Kart over Bømlo kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk og fiske er viktige næringar, men i sysselsetjing har industrien klart større betydning. Industrien omfattar 24 prosent av arbeidsplassane i Bømlo, 36 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, medan primærnæringane omfattar i alt åtte prosent (2022).

Jordbruket er basert på husdyrhald, særleg sau og storfe. Rekna etter ilandført kvantum er Bømlo den viktigaste fiskerikommunen i fylket etter Austevoll, Bergen og Bjørnafjorden. Fiskeoppdrett er ei viktig næring, og Bømlo har fleire matfisk- og setjefiskanlegg.

Den største industribransjen i Bømlo er verkstadindustrien, særleg produksjon av maskiner og utstyr, med litt over halvparten dei tilsette i industrien (2022). Den største bedrifta er den tidlegare motorfabrikken på Rubbestadneset, Wärtsilä Norway A/S. Denne bedrifta produserer alle gear og vridbare propellar til det finske konsernet Wärtsilä. Av andre store selskap i Bømlo kan ein nemne Eidesvik Offshore ASA. Produksjon av næringsmiddel og drikkevarer, først og fremst fiskeforedling, er også ein viktig industribransje i kommunen.

Av dei busette arbeidstakarane i Bømlo har 29 prosent arbeid utanfor kommunen: 12 prosent i Stord/Fitjar, fire prosent i Stavanger-området (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg), tre prosent i Haugalands-området (avgrensa til Haugesund, Sveio, Tysvær, Vindafjord og Karmøy) og fire prosent i Bergen (2022).

Avisa Bømlo-Nytt kjem ut to gonger i veka som papiravis; utgjevarstad er Bremnes.

Samferdsel

Vegnettet er tett, og alle øyane der det bur folk, har brusamband, bortsett frå Espevær og Geitung, begge vest for øya Bømlo. Bømlo har samband til Stord og Haugalandet via Trekantsambandet (E 39 / fylkesveg 542).

Det er småbåtkanalar midt på Bømlo: Røyksundkanalen og Kulleseidkanalen. Hurtigbåtsamband fører frå Rubbestadneset til resten av Sunnhordland, Austevoll og Bergen. Ferjesambandet Langevåg–Buavåg (fylkesveg 541) gir kortaste veg med bil til Haugesund.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bømlo har vidaregåande skular på Svortland og på Rubbestadneset. På Finnås ligg Bømlo folkehøgskule. Bømlo sjukeheim ligg på Svortland.

Bømlo høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sunnhordland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland saman med Austevoll, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Bømlo kommune svarer til dei fire sokna Bremnes, Bømlo, Lykling og Moster i Sunnhordland prosti i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bømlo til Søndhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bømlo

For statistiske formål er Bømlo kommune (per 2021) delt inn i fem delområde med til saman 37 grunnkrinsar:

  • Søre Bømlo: Espevær, Kallevåg, Hovland, Vorland, Tjong
  • Finnås: Stokvik, Hidle, Lykling, Vornes, Sakseid, Oldereid, Ersland
  • Moster: Totland, Grindheim, Notland, Mosterhamn, Eikeland, Håvik
  • Rubbestadneset: Folderøy, Innvær, Rubbestadnes, Solhøgda, Stongarvåg, Rolvsnes, Aga
  • Bremnes: Hiskjo, Mehus, Alvsvåg, Gilje, Meling, Stavland, Svortland, Brekke, Steinsbø, Hollund, Goddo, Brandasund

Historikk og kultur

Moster gamle kyrkje. Etter tradisjonen skal den første kyrkja på staden ha vore bygd av Olav Tryggvason i 998. Den noverande steinkyrkja er antakeleg bygd rundt 1150 på tuftene av den opphavlege kyrkja.

Moster gamle kyrkje
Av /Arfo forlag.

Steinkyrkja ved Mosterhamn er antakeleg bygd rundt 1150, på tuftene av den opphavlege kyrkja, som etter tradisjonen skal vere bygd av Olav Tryggvason i slutten av 990-åra. På Moster grunnla Olav Haraldsson det norske kyrkjesamfunnet ved den kristenretten han sette på rikstinget her i 1024 (Mostertinget). Mostraspelet, eit årleg skodespel om desse hendingane, blir vist i Moster Amfi utandørs. Ei stor markering av 1000-årsjubileet for innføringa av kristendommen fann stad i 1995. Det finst minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav Haraldsson og biskop Grimkjell.

På Moster i søraust har det vore brote marmor og kalkstein. På Hespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulær steinindustri i steinalderen, der grønstein i store mengder blei broten til våpen og reiskapar. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift etter gull av tre gruveselskap i perioden 1884–1910. På det meste var nesten 500 menneske i arbeid her, og resultatet blei i alt noko over 200 kilogram reint gull.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1980) viser eit sølvfarga sjøblad på raud botn. I Bømlo held ein seg til at det førestiller bladet av vasslilja, som er svært vanleg i dei mange tjerna og vatna i kommunen. Dei tre blada symboliserer òg dei tre tidlegare kommunane som utgjer Bømlo kommune i dag.

Namnet kjem av norrønt Bymbil, truleg opphavleg namn på ei høgd, i slektskap med bembel, ‘navle‘ eller ‘mage', her i tydinga 'tjukk, oppsvollen'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Halleraker, Jan Helge & Stavland, Anders: Tusen øyar : [ei fotografisk reise på Bømlo], 1994, isbn 82-7326-028-3
  • Sele, Kristine & Larsen, Jan Harald: Meir enn sirup : om handel og vandel på Bømlo, 1999, isbn 82-995338-0-5
  • Steinsbø, Simon, Hovland, Kari Shetelig & Kolle, Nils: Bømlo bygdebok, 1972-, 5 b.

Kommentarar (1)

skreiv Geir Thorsnæs

Statistisk sentralbyrå (SSB) opererer med Steinvåg som navn på tettstedet i sin oversikt over Norges tettsteder; skrivemåten er i Store Norskle Leksikon (SNL) endret til Steinsvåg i samsvar med stavemåten til Kartverket. En eventuell endring til Finnås må tas opp med SSB før slik endring kan komme på tale i SNL

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg