Den viktigaste næringa i Gol er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd, med omlag ein tredel av arbeidsplassane i kommunen. Ingen andre kommunar i fylket har like høg andel sysselsette i denne næringa. Industri, byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning har vel ein fjerdedel av dei sysselsatte. Primærnæringane har berre nokre få prosent av arbeidsplassane i Gol.
Jordbruket i Gol har hovudvekt på storfehald, med god utnytting av fjellbeita. Av i alt 22 900 dekar dyrka jord finst om lag halvparten på Golsfjellet. Ved sida av eit stort storfehald i kommunen er det også ein god del sau. Det er ubetydeleg korndyrking. I 2020 blei det avverka 43 570 kubikkmeter tømmer, 71 prosent av dette var furu.
Næringsmiddelindustrien er den viktigaste industribransjen målt etter sysselsetjing. Denne bransjen omfattar mellom anna slakteri og bakeri. Trevareindustrien, med trevarefabrikk, høvleri og nokre mindre sagbruk, har om lag ein tendedel av dei sysselsette i industrien, det same hadde metallvareindustrien.
Gol tettstad er eit viktig handels- og servicesenter for Hallingdal.
Gol er kommunen med åttande størst vasskraftproduksjon i Buskerud, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 563 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hemsil II (i drift fra 1960), som står for nesten heile vasskraftproduksjonen. Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Av dei busette yrkesaktive i Gol har om lag ein fjerdedel arbeid utanfor kommunen, dei fleste i resten av kommunane i Hallingdal, men og nokre prosent av dei yrkesaktive har arbeid i Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.