Som faren og farfaren har kong Harald sett det som viktig å bidra til inkludering av ulike grupper i samfunnet. Kong Haakon ville ta imot kongeoppdraget etter ei folkerøysting, og han spela ei rolle då Arbeidarpartiet for første gong fekk regjeringsoppdraget i 1928. Kong Olav la vekt på samane sine rettar og at det nye etniske mangfaldet i landet måtte møtast med toleranse og inkludering. Det same har kong Harald gjort.
Kong Harald har nytt stor respekt som ein inkluderande konge. Kong Harald har halde mange talar som har vekt merksemd, både når det gjeld det politiske innhaldet, og når det gjeld reine verdispørsmål. Ein av dei mest kjende talane vart halden i Kiberg på Varangerhalvøya under den første reisa i Nord-Noreg som kongepar. Her kom kong Harald med heider til partisanane under krigen og såg positivt på haldningane deira til Russland, med familieband og godt naboskap. Det var rekna som ei oppreisning til folk som var blitt gløymde og haldne utanfor når det galdt innsatsen under okkupasjonen.
Kong Harald er ofte meir direkte og tydelegare enn mange politikarar i verdispørsmål. Slik har han teke omsynet til inkludering endå lenger enn kongane før han. Som konge er han med på feiringa av den pakistanske nasjonaldagen. Men han er òg oppteken av andre vanskelege og viktige spørsmål i samtida. I ein vidgjeten tale i Slottsparken i 2016, under 25-årsmarkeringa av tronskiftet i 1991, sa han: «Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting.»
Etter terroråttaka 22. juli 2011, stod kongen og kongehuset fram som samlande. Kongen sjølv var sterkt merkt av hendinga og gret ope under markeringa i Oslo domkyrkje eit par dagar etter terroren. Han rørte mange med ein sterk og personleg tale under den nasjonale minnemarkeringa i Oslo Spektrum i august same året. Han sa mellom anna at «Tragedien har minnet oss om det grunnleggende som binder oss sammen i flerkulturelle og mangfoldige samfunn». Ved fleire høve kom han attende til setninga om at fridomen er sterkare enn frykta.
Mange personar i offentleg og privat verksemd og diplomatar i Oslo har gitt uttrykk for at dei er imponerte over kunnskapane til kong Harald og den tydelege interessa hans for mange samfunnsforhold, både nasjonalt og internasjonalt. Å vere monark i eit konstitusjonelt monarki som i Noreg, der monarken har svært avgrensa og mest symbolsk makt, er ein vanskeleg balansekunst. Kong Harald har gjort det på ein måte som vekkjer respekt hos folk flest. Jamt over 70 prosent av folket er framleis tilhengjarar av monarkiet, og endå fleire er positive til måten personen kong Harald løyser oppgåvene sine på. Derfor er det lite snakk om innføring av republikk i hans tid som konge.
Kommentarar (2)
skreiv Torbjørn Greipsland
skreiv Ida Scott
Hei! Tusen takk for fyldig innspill og forslag. Litteraturlistene våre skal i hovedsak være en oversikt over litteratur brukt i forbindelse med skriving av artikkelen, ikke lister over all litteratur som finnes om emnet. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.