Bjelke budde på setegarden til svigermora Elingård, sentrum i eit stort gods. Han utvida si makt i området då han i 1622 vart forlent med biskopsgodset i Smålenene. Samstundes fekk han ladestadane Elinkilen og Krogstad. Bjelke møtte ofte kong Christian 4., som ved enkelte høve òg var på langvarige besøk hos han, mellom anna i 1615, då kongen oppheldt seg åtte dagar på Elingård, der ein forlysta seg med jakt. I 1624 vart Bjelke forlent med 11 av sagbruka til kongen nær Oslo. Han skulle betale ei avgift på 100 riksdalar for sagene, men eit bevis på den gunsten han naut hos kongen er at han aldri betalte denne avgifta, og i 1639 forlente kongen han med sagene kvitt og fritt (det vil seie at han fekk alle inntekter utan at kongen kravde noka avgift), samtidig som han ettergav Bjelke den skuldige avgifta for dei førre 15 åra!
Jens Bjelke ynskte å få Trondheims len, noko han aldri oppnådde. I staden vart han i 1633 lensherre på Bergenhus, mot ei avgift på 3600 riksdalar årleg. Etter gjentekne klager vart avgifta i 1636 redusert til 3100 riksdalar. Bergenhus len fekk han som påskjøning for sine mange vel utførte oppdrag, men kanskje mest for arbeidet sitt med Bjelkekommisjonen. Lenet viste seg derimot å vere tungt å administrere, og det gav ikkje den profitten Bjelke forventa. Bøndene var fattige på grunn av uår, og han måtte halde fleire futar. Alle avlsgardane som hadde lege under Bergenhus slott var dessutan frasolgt. Bjelke hadde òg problem med Det hanseatiske kontoret, bergensborgarane og hollendarane.
Antakeleg var det ein lette for Bjelke då han i 1641 vart forlent med Stavanger len, for det var slutt på klagene hans etter den tid. Han sat med Stavanger til han vart forlent med den tradisjonelle lønnsutbetalinga til kanslaren, Mariakirkens prosti og Rakkestad len, i 1646. Bjelke kunne no busetje seg på Elingård og styre lena sine derfrå.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.