Faktaboks

Mani Hussaini
Fødd
25. oktober 1987, Qamishli, Syria
Stortinget.
Mani Hussaini kom til Noreg frå Syria som politisk flyktning. Han var leiar i AUF frå 2014 til 2018.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Mani Hussaini er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som frå 2021 er stortingsrepresentant frå Akershus. Han var leiar i AUF frå 2014 til 2018.

Bakgrunn

Mani Hussaini er fødd i Qamishli i Syria. Han kom til Noreg i 2000, og familien blei etter kvart busett på Jessheim i Akershus. Hussaini har ein bachelorgrad i statsvitskap i 2010 og mastergrad i innovasjon og kunnskap i 2014 frå Universitetet i Oslo. Hussaini var praktikant ved den norske ambassaden i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata 2010–2011.

Politisk karriere

I 2006 blei Hussaini medlem av AUF, var leiar for AUF i Akershus 2009–2011 og blei vald til leiar av AUF i 2014. Han tok over som leiar etter Eskil Pedersen. Hussaini gjekk av som leiar i 2018 etter å ha sagt frå seg attval på landsmøtet.

Hussaini var medlem av Ullensaker kommunestyre og fylkestinget i Akershus 2011–2015. Hussaini var vararepresentant til Stortinget 2013–2021. Han er stortingsrepresentant frå Akershus sidan 2021 og blei attvald i 2025. Han er frå 2025 leiar i energi- og miljøkomiteen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg