Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning og varehandel/hotell- og restaurantdrift viktigaste næringar. Det er ein del turisttrafikk i kommunen, særleg i Stølsheimen med Stordalen Fjellstove som sentrum, likeins stadvis ved fjorden.
Primærnæringane omfattar vel en tiendedel av arbeidsplassane i Masfjorden. Jordbruket er i all hovudsak basert på husdyrhald, med saue- og storfehald som dominerande driftsformer. Det blir elles drive noko fiskeoppdrett og havbruk. Havforskingsinstituttets akvakulturstasjon for laksefisk held til i Matre, inst i Matresfjorden. Industrien er svært beskjeden med litt næringsmiddelindustri og produksjon av plast-, gummi- og mineralske produkt.
Masfjorden er kommunen med sjuande størst vasskraftproduksjon i Vestland, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei ti vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1705 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Matre M (i drift fra 1962), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Matre H (1957) og Vemundsbotn (1976). Eviny Fornybar er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Dei store vasskraftressursane er eit resultat av både store fjellområde og betydelege nedbørsmengder. Matre er til dømes ein av dei mest nedbørsrike stadene i landet. Vasskraftressursane i kommunen er for størstedelen utbygd. Sjå elles Matreselva og Haugsdalselva.
Av arbeidstakarane som er busette i Masfjorden har rundt halvparten arbeid utanfor kommunen, flest i Gulen/Høyanger og Bergen, men ein del jobbar og i Alver og i dei andre kommunane i Nordhordland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.