Faktaboks

Administrasjonssenter
Høyanger
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
3 900 (2026)
Landareal
928 km²
Høgaste fjell
Langedalsfjellet (1456 moh.)
Innbyggjarnamn
høyangring, høyangering
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4638 (frå 01.01.2020, tidlegare 1416)
Kommunevåpenet viser tre sølvfarga flammar mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer aluminiumsindustrien.
Høyanger kommune i Vestland fylke.
Kart: Høyanger kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Høyanger. Aluminiumsverket med administrasjonssenteret i bakgrunnen. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB ※.

Høyanger er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg på begge sider av den midtre delen av Sognefjorden.

På sørsida av Sognefjorden strekkjer kommunen seg austover frå Furenes ved utløpet av Ikjefjorden til Hegrefjell aust for Ortnevik, og grensar i sør mot Modalen og Masfjorden. På nordsida av Sognefjorden går kommunen frå neset mellom Bøfjorden og Lavik i vest til Tussviki i aust. På denne strekninga skjer dei korte fjordarmane Vadheimsfjorden, Høyangsfjorden og Lånefjorden seg inn. Kommunen blei oppretta i 1964 ved at dei tidlegare kommunane Lavik og Kyrkjebø, og dessutan eit par gardar i Vik nord for Hegrefjell, blei slått saman.

Natur

Høyanger har eit typisk fjell- og fjordlandskap, der åtte prosent av arealet ligg lågare enn 150 meter over havet. Landskapet blir villare og fjella høgare mot aust, frå vel 750 meter over havet ved Lavik til 1456 meter over havet vest for Langedalsbreen på grensa mot Balestrand i nye Sogndal kommune. Berggrunnen består hovudsakleg av gneis som tilhøyrer gneisregionen.

I kommunen ligg Storholmen sjøfuglreservat og dessutan delar av Stølsheimen landskapsvernområde med særprega seterlandskap. Sognefjordens største djup på 1308 meter under havet ligg utanfor Vadheim.

Busetjing

Folketal

tidspunkt Innbyggjarar
1951 5666
1952 5659
1953 5597
1954 5530
1955 5516
1956 5566
1957 5572
1958 5554
1959 5572
1960 5574
1961 5512
1962 5461
1963 5555
1964 5636
1965 5599
1966 5542
1967 5493
1968 5417
1969 5415
1970 5334
1971 5404
1972 5328
1973 5207
1974 5085
1975 5035
1976 5077
1977 5110
1978 5084
1979 5075
1980 5044
1981 5033
1982 5041
1983 5013
1984 4963
1985 4948
1986 4909
1987 4866
1988 4816
1989 4823
1990 4864
1991 4835
1992 4854
1993 4845
1994 4810
1995 4818
1996 4822
1997 4799
1998 4778
1999 4693
2000 4677
2001 4653
2002 4632
2003 4579
2004 4550
2005 4502
2006 4448
2007 4420
2008 4374
2009 4327
2010 4256
2011 4280
2012 4216
2013 4222
2014 4183
2015 4169
2016 4161
2017 4190
2018 4154
2019 4091
2020 4101
2021 4049
2022 3965
2023 3949
2024 3879
2025 3894
2026 3883
Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Om lag 90 prosent av innbyggjarane i kommunen bur på nordsida av Sognefjorden, og flest bur i administrasjonssenteret Høyanger inst i Høyangsfjorden. Austreim og Kyrkjebø ligg nord for Sognefjorden.

I tiårsperioden 1994–2004 hadde kommunen ein nedgang i folketalet på gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg. Nedgangen kom i kjølvatnet av reduksjonen i sysselsetjing i hjørnesteinsbedrifta Hydro Aluminium. Nedgangen i folketalet er forventa å halde fram mot 2050.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Høyanger (2025). Tettstadene er til saman 2,0 km².

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Høyanger 1 903 49 % 1,3 km²
Austreim 347 9 % 0,4 km²
Kyrkjebø 239 6 % 0,3 km²
Sum 2 489 64 % 2,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Høyanger kommune som bur i tettstaden.

Kart over Høyanger kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Parti fra Daleelva med pålagt minstevannføring, nedstrøms Eiriksdal kraftverk.

Terskler i Daleelva
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Jordbruket er dominert av storfe- og sauehald i tillegg til noko geitehald. Jordbruksarealet består primært av grasareal. Lakseoppdrett finst i hovudsak i Bjordal.

Industrien er den dominerande næringsgreina. Sentralt i Høyangers næringsliv står Norsk Hydro ASA, den største bedrifta, med mellom anna Høyanger Metallverk som produserer råaluminium. Aker Solutions ASA driv industrielt vedlikehald for Hydro Aluminium.

I alt 39 prosent av dei industritilsette arbeider i metallindustrien, 54 prosent i transportmiddelindustrien, mellom anna bildelproduksjon (2001). Det blir drive kjemisk industri i Vadheim. Dei lokale kraftressursane har gitt grunnlaget for industrien.

Høyanger er kommunen med tiande størst vasskraftproduksjon i Vestland, og er ein viktig kraftkommune på landsbasis. Dei 20 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 1469 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Høyanger K5A (i drift fra 1965), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Eiriksdal (2013) og Østerbø (2020). Statkraft Energi er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er SFE Produksjon med om lag ein tiandedel.

Eit system av elvar, Øyreelva, Hålandselva, Daleelva og Eringsdalselva spring saman like innanfor botnen av Høyangsfjorden. Utbygginga av kraftverka byrja alt tidleg på 1900-talet i samband med at den kraftkrevjande industrien i Høyanger blei etablert. Høyangerfjell vindkraftverk frå 2019 på 480 MW ligg ved reguleringsmagasinet til Eiriksdal kraftverk.

Reiselivsnæringa og turisttrafikken har auka med betra samferdsle. I Høyanger kjem Ytre Sogn Avis ut to gonger i veka. I januar 2016 var arbeidsløysa i Høyanger 3,9 prosent, som var over landsgjennomsnittet.

Samferdsel

Fylkesveg 55 knyter saman Vadheim og Høyanger og fører austover til Balestrand via Høyangertunnelen mellom Høyanger og Lånefjorden.

E39, ytre stamveg, går frå Vadheim nordover til Sande i Sunnfjord og via ferjesambandet LavikOppedal over Sognefjorden sørover til Nordhordland. Fylkesveg 607 er hovudsambandet vestover til Hyllestad. Det er bussamband langs riksvegane.

Frå Bjordal ved Fuglsetfjorden går fylkesveg 5442 sørover over fjellet til Matre i Nordhordland. Det går samanhengande veg langs sørsida av Sognefjorden mellom Ortnevik og Oppedal i Gulen via den 1552 meter lange Bjordalstunnelen.

Offentlege institusjonar

Tettstaden Høyanger har vidaregåande skule, Nav-kontor, symjehall og idrettsanlegg.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Høyanger høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Høyanger kommune svarer til dei fire sokna Bjordal/Ortnevik, Høyanger, Kyrkjebø og Lavik i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Høyanger til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Høyanger

For statistiske føremål er Høyanger kommune (per 2022) delt inn i tre delområde med til saman 23 grunnkrinsar:

  • Måren: Måren, Høyanger 1, Høyanger 2, Høyanger 3, Høyanger 4, Høyanger 5, Høyanger 6, Høyanger 7, Høyanger 8, Høyanger 9, Berge, Austreim, Kyrkjebø, Nessane
  • Søreide: Ortnevik, Søreide, Bjordal, Ikjefjord
  • Lavik: Vadheim, Vikum, Torvund, Lavik, Lavikdal

Historikk og kultur

Aust for Oppedal på sørsida av Sognefjorden ligg Massnes Villmarksmuseum med mellom anna utstillingar av vestlandsk fauna. Vasskraftmuseet i Høyanger held til i ein av dei første bygningane som blei reiste i samband med kraftutbygginga.

Høyanger kyrkje er ei langkyrkje i betong, teikna av arkitekt Arnstein Arneberg og vigsla i 1960. Bytorget i Høyanger tettstad er tusenårsstad. Kommunen har alpinanlegg.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har tre sølvfarga flammar mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer aluminiumsindustrien.

Namn

Namnet kjem av norrønt hey, ‘høg', og angre, ‘fjord', opphavleg namn for Høyangsfjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Førsund, Adolf: Ættebok for Kyrkjebø, ny utgåve, 1995.
  • Førsund, Adolf og Sigurd Førsund: Bygdebok for Kyrkjebø: Gardssoga, 1963.
  • Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik: Bygdesoge, 1978.
  • Stedje, Norvald: Gamle Høyanger, 1996.
  • Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik, 1983.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg