Sulaposten er ei norsk lokalavis som kjem ut i Langevåg på Sunnmøre, i papirformat ein gong i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Sulaposten, som er eigd av Haramsnytt AS, er lokalavis for Sula kommune og har mest nynorsk i det redaksjonelle stoffet. Avisa er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Sulaposten
Faktaboks
- Offisielt namn
- SULAPOSTEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Langevåg
- Stifta
- 1946
- Dagleg leiar
- Odd Solnørdal
- Styreleiar
- Einar Arne Ekroll
Opplagstal for Sulaposten, 1988-2023
Digitalt
Sulaposten publiserer på ulike digitale flater og brukar betalingsmur for andre enn abonnentar som vil lese stoffet på nettet. Avisa produserer podkasten «Sulalytt».
Historie
Sulaposten er eit godt døme på ei lokalavis som blei starta og halden i live av ei eldsjel. Ansgar Slagnes (1905–1998) var frå Vanylven. Han flytta til Langevåg (kommunesenteret i Sula) i 1924 og engasjerte seg i eit breitt spekter av lokale aktivitetar: ulike idrettar, sjakk og bridge, velforeining med meir. I 1946 tok han initiativet til å starte Sulaposten, og nedla heilt ut på 1990-talet eit kolossalt arbeid med avisa, oftast med liten eller ingen økonomisk vinst, stundom reint tap. Han var innom dei fleste av rollene: eigar, utgjevar, redaktør, skribent, sekretær og seljar. Han var «Sulaposten personleg».
Oppstarten
Sulaposten blei grunnlagt i 1946, av Ansgar Slagnes (1905–1998). Han hadde bakgrunn frå industri og handel, og dreiv i lange periodar også ein kiosk som han nytta til ekspedisjons- og redaksjonslokale for avisa.
Det største problemet for Sulaposten var trykkinga. Dei første åra tok eit lokalt trykkeri i Langevåg seg av dette arbeidet, men så blei avisa sagt opp og måtte utanbygds for å bli trykt. I 1967 blei det så vanskeleg at Slagnes la ned avisa, og ho kom ikkje skikkeleg i gang igjen før i 1975.
Ei avis for særskilde høve
Men heilt daud var avisa ikkje. Ved særskilde høve klarte Slagnes likevel å få gitt ut nokre spesialutgåver. Tidlegare var øya Sula, like sør for Ålesund, ein del av Borgund kommune. I 1965 blei Borgund slått saman med Ålesund, og Sula blei del av ein endå større kommune.
Etter samanslåinga med Ålesund fekk ei eiga bygdeliste for Sula stor oppslutning ved kommunevala. I 1969 såg kampanjen «Sula eigen kommune» dagens lys. Aktivistane meinte at dei fekk for lite tilbake av alle dei skattepengane som dei betalte til Ålesund. Sulaposten slutta heilhjarta opp om kampanjen, og heldt seg dermed i live. Sulaposten kom ut før kommunevala og gjorde særleg inntrykk med ei stor gratisutgåve då Tallaksen-komiteen (som skulle studere kommunestrukturen i landet) kom på besøk i 1974.
Ny giv
Frå årsskiftet 1974/1975 var Sulaposten igjen i full drift. I 1977 blei Sula eigen kommune. Handelslekkasjen til dei store kjøpesentra i nabokommunen Ålesund var stor, og avisa var derfor viktig for den lokale handelsstanden.
Sulaposten blei dei første tiåra stort sett driven av ein liten dugnadsgjeng, men dugnadsarbeidet blei etter kvart avløyst av faste tilsetjingar på slutten av 1970-talet.
Aksjeselskap og pressestønad
I 1979 blei avisa eit aksjeselskap, etter at ho hadde vore eit personleg selskap for Slagsnes. Men han skaffa seg snart aksjemajoriteten i avisa, og i 1983 tok han fatt på sin siste periode som redaktør – fram til 1989, det året han fylte 84 år. Men også etter dette kunne han, gjennom aksjane sine, styre avisa. I 1990 fekk avisa pressestønad og i 1997 blei ho seld til Sunnmørsavisene AS.
Mediehuset Vårt Land overtok avisa i 1997, men selde fleirtalet av aksjane til Haramsnytt (seinare Nordre) i 2008.
Fakta
- Fyrste nummer 4. oktober 1946, fyrste bladstyre Tor Bergmann og Ansgar Slagnes.
- Førebels siste nummer 22. desember 1967.
- Kom ut sporadisk fram til avisa starta på nytt 23. november 1974
Opplag
År | Opplag | |
---|---|---|
1998 | 1594 | |
2000 | 2413 | |
2003 | 2419 | |
2006 | 2470 | |
2008 | 2414 | |
2012 | 2316 | |
2015 | 2281 | |
2018 | 2160 | |
2020 | 1988 | |
2022 | 1858 | |
2023 | 1911 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for papirabonnement og digitalt abonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.