I samband med kraftutbygginga i Ulla–Førre vart det grave ut og undersøkt ein steinalderbuplass som truleg er cirka 4000 år gammal, ein buplass frå yngre jernalder og restar av ein mellomalderstøl.
Suldal kommune vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Sauda vart skilt ut frå kommunen i 1842. Sidan hadde Suldal uendra grenser til 1965 då dei tidlegare kommunane Sand, Erfjord, Imsland sine område sør for Vindafjorden, og Jelsa (unnateke Buergårdene på Ombo, som vart overført til Hjelmeland), vart lagt til kommunen. Dei noverande grensene sine fekk Suldal i 1978 då Vormestrand-området nordvest på Ropeidhalvøya, med 13 innbyggjarar (før 1965 i Vikedal kommune), vart overført til Suldal frå Vindafjord.
Fleire eldre gardsanlegg i kommunen er freda. På Sand ligg Ryfylkemuseet, eit interkommunalt museum for kommunane Suldal, Hjelmeland og Sauda, med folkemusikkarkiv. Jelsa kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1647 og restaurert i 1955. Jelsa har òg skulemuseum.
På Løland, heimgarden til forfattaren Rasmus Løland, ligg den freda Rosebua, ei særmerkt bu der tak og vegger i stova er dekt med rosemåling.
Suldalsposten er lokalavis for Suldal og kjem ut to gonger i veka. Avisa kom med det første nummeret i 1976, har hovudkontor på Sand, og vert redigert på nynorsk.
Kommentarar (1)
skreiv Olav Veka
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.