Phillips-kurva er ei kurve som viser ein negativ samanheng mellom inflasjon og arbeidsløyse på kort sikt. Kurva er kalla opp etter Alban William Phillips, som viste statistisk at det var eit byteforhold mellom prisnivået og økonomisk aktivitet i 1958.
Phillips-kurva
Teoretisk grunnlag
Sjølv om Phillips-kurva originalt var empirisk motivert, kan ho også bli forklart ut ifrå økonomisk teori. Dersom arbeidsløysa i samfunnet er høg, er teorien at fagforeiningane vil vere meir atterhaldne når dei forhandlar om lønn, for at ikkje medlemane deira skal miste jobben. Då har selskapa låge lønnsutgifter og kan òg halde prisane på det dei sel, låge, som igjen held inflasjonen nede. I motsett tilfelle har ein lite arbeidsløyse og høge lønningar og prisar, sjå lønns-pris-spiral.
Kort og lang sikt
Originalt skilde ein ikkje mellom kort og lang sikt av Phillips-kurva, og den rådande oppfatninga var at land kunne velje mellom høg inflasjon og låg arbeidsløyse eller motsett. Dette synet vart utfordra då mange land opplevde stagflasjon på 1970-talet, altså begge delar samstundes. På grunn av dette fekk synet til monetaristane, at Phillips-kurva på lang sikt er loddrett, fotfeste. At arbeidsløysa på lang sikt er upåverka av inflasjonen, er grunngitt med at om inflasjonen i samfunnet endrar seg, så vil lønnstakarane etter kvart ta det nye nivået med i rekninga når dei forhandlar lønn.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.