Rjukan er ein tettstad i Tinn kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,6 km², og har 3022 innbyggjarar (2023).
Rjukan blei bygd opp av Norsk Hydro i åra 1908–1920 for å produsere kunstgjødsel. Til det trong dei store mengder elektrisk kraft, og Rjukanfossen vest i dalen var godt eigna for utbygging. Ferdig utbygd hadde byen 10 000 innbyggarar, og framstod som ein mønsterby i tråd med tidas hagebyidealer, samtidig som byen var sterkt avhengig av Hydro som eigar. Etter kvart som ein kunne overføre elektrisk kraft over større avstand, blei mykje av produksjonen på Rjukan flytt, og byens folketal minka.
Hydrogenfabrikken på Rjukan var under andre verdenskrigen den einaste staden det blei framstilt tungtvatn, som kunne brukast til å produsere atombomber. Tungtvassaksjonen tidleg i 1943 var ein av fleire framstøytar for å hindre tyskarane sine planar om å frakte tungtvatnet ut av Noreg.
Rjukan blei i 2015 ført opp på Unescos Verdsarvliste. Grunngjevinga var at staden var eit komplett bevart industrisamfunn med kraftstasjonar, fabrikkar, jernbane, taubane og særmerkt bygningsmiljø. Staden dokumenterer den andre industrielle revolusjon, da elektrisitet ga grunnlag for heilt ny industri. Utmerkinga har hatt betydning for byen og utviklinga av turismen. Kraftstasjonen på Vemork er det fremste publikums- og dokumentasjonssenteret.
- Les meir om Norsk Hydro, tungtvassaksjonen og Sam Eyde
Kommentarer
Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logget inn for å kommentere.