Bispedømme er det området ein biskop styrer. I Noreg blei dei tre første bispedømma, Nidaros, Selja (seinare Bjørgvin) og Oslo, skipa i siste del av 1000-talet. Seinare blei Stavanger og Hamar etablerte på 1100-talet, sistnemnde i samband med at Nidaros blei erkebispesete i 1153. Inndelingane har variert opp gjennom tidene, og Den norske kyrkja omfattar no elleve bispedømme.
Faktaboks
- Også kjend som
-
diocese, stift
I den eldste kyrkja hadde som regel kvar kyrkjelyd sin biskop. Etter kvart blei det vanleg at kyrkjelydar på landet blei styrte av presbyterar under den nærmaste biskopen si overhøgd (overhøyhet). Dermed blei grunnen lagd for den seinare inndelinga av bispedømme som blei gjennomført som ledd i organisasjonen av kyrkja. Etter innføringa av reformasjonen blei bispedømma i Noreg fram til 1919 kalla stift, noko som framleis er tilfelle både i Danmark og Sverige.
I den romersk-katolske kyrkja treffer paven avgjerda når eit bispedømme blir oppretta eller ordna om. Den katolske kyrkja i Noreg er inndelt i tre bispedømme: Oslo, Trondheim og Tromsø. Oslo katolske bispedømme omfattar dei ti sørlegaste fylka, og biskop er sida 2025 Fredrik Hansen. Trondheim stift utgjer Trøndelag fylke og Møre og Romsdal fylke, og her er Erik Varden biskop sidan 2020. Tromsø stift omfattar Nord-Noreg, og Varden fungerer òg som biskop her.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.