Vanleg einer er eit bartre som høyrer til einerslekta.
Faktaboks
- Uttale
-
juniperus
- Også kjend som
-
brake, brakje, brisk, bruse, eine, ener
- Vitskapeleg namn
- Juniperus
- Beskriven av
- Carl von Linné
I Noreg finst to underarter
- bakkeeiner Juniper communis subsp. communis
- fjelleiner Juniperus communis subsp.nana. Fjelleineren er ein liten og krypande underart som veks i fjellskog og i lågfjellet. Han har langsgåande, mjuke og korte nåler.
Eineren er eit hardført treslag som fins over heile landet, frå havnivå og heilt opp til 1840 meter i Lom. Eineren har vore nytta på svært mange måtar i mellom anna mat, drikke, medisin og trevirke.
Einer har fleire lokale namn. På Austlandet blir han ofte kalla brisk eller bresk. På Vestlandet brakje eller brake.
Plantedelar som blir bruka i mat er einerbæra, som smakar aromatisk og litt søtleg, og veden og nålene, som kan brukast til å fyre med ved røyking av kjøtt og fisk.
Kommentarar (6)
skreiv Bård Eskeland
svarte Erik Bolstad
skreiv Camilla Frøseth Wedul
Hei,
Denne setningen, under avsnittet Utbreiing, er litt rar ;-) :
"Men han til liks med gran også forynge seg vegetativt."
svarte Egil Ingvar Aune
Takk for at du gjorde merksam på denne feilen, blir no retta til "Men han kan til liks med gran også forynge seg vegetativt"
skreiv Gunnar Davidsson
Under overskriften "I folketrua" henvises det til at " særleg fornemme personar vart brende på bål av einer. Bæra vart rekna som vernande mot vonde makter."
Er det mulig å få avklart hvorvidt det her er snakk om brenning av "vantro" eller "hekser" på 1500/1600 tallet (blei noen "formemme" personer brent på bål på denne tiden?), eller om det er snakk om brenning av lik i vikingetiden eller i andre perioder? Finnes det gode kilder på disse forholdene?
svarte Egil Ingvar Aune
Takk for kommentaren. Eg er samd i at dette bør avklarast, og skal prøve å avklare kven av bidragsytarane til artikkelen som er den "skuldige" og få revidert teksten. Om dette ikkje fører fram, vil eg sjekke andre kjelder og kontakte aktuelle fagpersonar. Inntil vidare let eg artikkel stå uendra, men håpar å få på plass ei forbetra utgåve om ikkje alt for lenge. Pga. ferietid kan det vera vanskeleg å få tak på folk denne månaden.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.