Evt. er ei forkorting for etter vår tidsrekning eller etter vanleg tidsrekning. Den brukast for å angi årstall etter år 1 i den tidsrekninga vi brukar i dag. Den tilsvarande forkortinga for årstal før byrjinga av denne tidsrekninga er fvt. (før vår tidsrekning eller før vanleg tidsrekning).

Faktaboks

Også kjend som
etter vår tidsrekning / etter vanleg tidsrekning

Tidsrekninga tar utgangspunkt i den tradisjonelle berekninga av Jesu fødsel. Til dømes viser år 200 evt. til 200 år etter ein meinte Jesus vart fødd. Tidspunktet for Jesu fødsel er i verkelegheita ikkje kjent. Forskning tilseier at han vart fødd mellom år 6 og 4 fvt.

Det er ikkje alltid nemninga evt. er med når ein nemner årstal. Er eit årstal skriven utan fvt. eller evt., meinast som regel evt.

Evt. tilsvarar e.Kr. (etter Kristus). Det vert teke i bruk som ein meir nøytral måte å oppgi årstal i den same tidsrekninga på.

Omgrepa fvt. og evt. har vorte etablerte i fleire fagområde. Dei tilsvarande omgrepa på engelsk er Before the common era (BCE) og Common era (CE).

Bakgrunn

Tidsrekninga basert på Jesu fødsel blir kalla kristen æra eller dionysisk æra. Den vart etablert rundt 530 av den romerske abbeden Dionysius Exiguus. Den vart offisielt brukt under Karl den store, men det var først frå 900-talet at den vart teke i bruk i store delar av Europa. Det eldste sporet på bruk i Noreg, er frå 1200-talet.

Omgrepsparet fvt. og evt. byrja å bli brukt nokon stader i Europa frå og med 1700-talet, som erstatning for omgrepsparet f.Kr og e.Kr., men det er ikkje kjent når dei vart teke i bruk i Noreg.

Debatt omkring omgrepa

Bruken av omgrepa fvt. og evt. i staden for f.Kr og e.Kr. har skapt debatt.

Som argument for å bruke omgrepa fvt. og evt. har nokon peika på at dei er meir religionsnøytrale. Dei trekkjer ofte fram at det er merkeleg å visa til Kristus når ein skriv om ikkje-kristne religiøse hendingar og figurar, som til dømes «Buddha vart fødd 400 år før Kristus». Nokon har også peika på at sjølv om brukaren ikkje nødvendigvis har Jesus i tankana når hen brukar f.Kr og e.Kr, så impliserer bruken av Kristus ei anerkjenning av at Jesus var frelsaren (Kristus betyr «den salva», og blir i kristendomen brukt om Jesus som frelsar).

Som argument mot å bruke omgrepa fvt. og evt. i staden for f.Kr og e.Kr., har nokon peika på at dei også byggjer på Jesu fødsel og eksistens. Tidsrekninga er basert på det same utgangspunktet. Det endrar seg ikkje sjølv om ein bruker andre omgrep enn f.Kr og e.Kr. Nokon meiner derfor at alle omgrepa er like ekskluderande. Andre meiner til og og med at nemningar som «vår» og «vanleg» tidsrekning er meir subjektive enn ein eksplisitt referanse til Jesus.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg