Fluger er ei hovudgruppe innanfor orden tovenger, som i tillegg til flugene består av mygg i vid forstand. Nokre kjende fluger er spyfluger, blomsterfluger, klegg og bananfluger. Fluger har normalt kraftigare kropp enn mygg, og antennene er annleis; kortare og mer klumpete enn hos mygg. Det er kjend rundt 120 familiar av fluger, kor 82 er påvist i Noreg.
Faktaboks
- Også kjend som
-
fluer
- Vitskapeleg namn
- Brachycera
Fleire fluger er nyttige. Larvene til blomsterfluger et bladlus, og dei vaksne blomsterflugene kan pollinere blomar. Desse flugene kan òg bli nytta for å bekjempe skadedyr. Bananfluga har blitt nytta som modellorganisme.
Fluger er såkalla holometabole insekt, det vil seie dei har fullstendig forvandling frå larve via puppe til vaksen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.