Cannabis sativa

Cannabis sativa, hamp. Foto frå: Kristrup, Randers, Danmark

Cannabis sativa

Cannabis sativa, hamp. Foto frå: Kristrup, Randers, Danmark

Hamp er ein eittårig art i hampefamilien. Fibrar frå planten har mange bruksområde. Rusmiddelet cannabis blir vunne ut frå eigne variantar av plantearten.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt hampr, fra gresk κάνναβις (kánnabis) via urgermansk hanapiz

Også kjend som
Cannabis sativa
Vitskapeleg namn
Cannabis sativa
Beskriven av
Carl von Linné
Årleg global produksjon
287 300 tonn (2021)

Den blir 2–3 meter høg og har handkopla blad med 5–7 småblad. Hamp er særbu, og det er hannplanten som gjev den beste hampen, fordi han har finare bastfibrar enn hoplanten.

Hamp blir i enkelte samanhengar brukt som nemning for andre fibrar enn dei frå Cannabis sativa, for eksempel indisk hamp, Apocynum cannabinum, manilahamp, Musa textilis, mauritiushamp, Furcraea foetida, gambohamp, Hibiscus cannabinus, sisalhamp, Agave sisalana, queenslandhamp, Sida retusa og bengalsk hamp. Desse er ikkje i slekt med hamp som plante, men fibrane kan brukast til same type produkt. Denne bruken av ordet stammar truleg frå at hamp var ei meir innarbeidd nemning som så er teken i bruk til andre plantefibrar med liknande eigenskapar.

Eigenskapar

Hamp er bastfibrar som liknar nesle, lin og jute, men er noko grovare og lengre enn lin og sterkare enn jute. Hamp rotnar svært langsamt, er svært motstandsdyktig mot vatn, men er vanskeleg å bleikje. Hamp er ein naturfiber og som andre plantefibrar ein cellulose. Fiberen er blank og sterk, men ikkje elastisk. Den brenn lett, og luktar som andre cellulosefibrar brunne papir.

Produksjon og bruk

Global produksjon av hamp, 1961-2021

Created with Highcharts 10.3.3tidspunkttusen1965197019751980198519901995200020052010201520200100200300400
Kilde: FAOSTAT

Global produksjon av hampfrø, 1961-2021

Created with Highcharts 10.3.3tidspunkttusen1965197019751980198519901995200020052010201520200100255075125
Kilde: FAOSTAT

Bastfibrar frå stengelen til hamp (cannabis sativa) blir brukt til tekstilfibrar. No blir han mest dyrka i det søraustlege Europa, i Italia og Japan. Forkortinga for tekstil i hamp er HA. Hausting og behandling fram til spinning har likskapstrekk med lin, men fordi hamp er kraftigare og lengre blir det ofte brukt større og meir robuste maskiner. Den finaste hampen kjem frå Italia, Frankrike og Belgia. Av hamp blir det behandla lange og korte fibrar.

Det finst to hovudgrupper hamp: Den eine blir brukt til tekstil, den andre (også kalla cannabis) blir brukt til mange ulike føremål, inkludert som eit narkotisk stoff. Dette påverkar lovgjeving og dermed moglegheit til å bruke planten til tekstile føremål. I ein del land er dyrking av hamp forbode på grunn av planten sin nære slektskap med plantar som kan brukast i produksjon av narkotiske stoff. Dyrking av plantar til framstilling av narkotika er forbode i Noreg.

Dei viktigaste produkta av hamp er tauverk, seglduk, og teppebotnar, men også strie, presenning og liknande har vore produsert av hamp. I 2019 var det ein estimert global produksjon på cirka 60 657 tonn hamp som gjekk til ulike produkt innan tau, heimetekstilar og klede. Hamp kan òg brukast i kompositt.

Frø frå hamp har mange ulike bruksmåtar, der hampolje er den viktigaste. Presseresten, som blir kalla hampefrøkaker, blir brukt til kraftfôr.

Historie

Hamp stammar truleg frå Asia og har vore ein viktig kulturplante mellom anna til tekstil sidan oldtida. Den er kjend frå Kina frå det tredje tusenåret fvt. Derfra spreidde dyrkningen seg til India. I Europa er dyrking kjend frå år 0.

Dei historisk viktigaste produksjonsområda har vore Italia og Russland. Verdsproduksjonen var kraftig stigande etter 1700, fordi det var behov for store mengder til utrusting av seglskip med tauverk og andre tekstilar. På norsk har vi framleis nemninga kanvas, som ein arv frå denne tida då seglduk ofte var laga av hamp (cannabis).

I Noreg har hamp truleg vore dyrka sidan vikingtida, det vart mellom anna funne hampefrø i Osebergfunnet. Det er vanskeleg å skilje ulike bastfibrar frå kvarandre i arkeologiske funn, og det er difor ofte ikkje sikkert kva som er lin, hamp eller nesle.

Bruken av hamp minka raskt på 1900-talet fordi seglskutene vart erstatta av motordrivne fartøy, og fordi kunstfibrane overtok i produksjonen av både reip og segl.

Etter 1945 har produksjonen vore minkande. Dei seinare tiåra har det vore ei auka interesse for hamp parallelt med ei auka interesse for klede og miljø. Den til dels overdrivne merksemda mot vassforbruk i bomullsproduksjon har bidrege til interesse for plantar som i mindre grad er avhengig av vatning. Hamp har den fordelen at han kan dyrkast i kjøligare område.

Miljøproblem

Hamp er som andre plantefibrar biologisk nedbrytbar og fornybar. Planten har god motstand mot ugras og skadedyr, noko som gjer plantevernmiddel mindre naudsynte. Planten kan dyrkast utan vatning.

Under røytingsprosessen i vidareforedlinga av fibrar kan det gå med ein del vatn. Ein fordel med hamp er at hamp, som nesle, kan dyrkast i mange land og dermed bidra til lokal produksjon av plantefibrar til tekstil. Hamp og andre naturfibrar kan potensielt bidra til minimering av den store spreiinga av mikroplast som bruk av syntetiske fibrar bidreg med.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Cannabaceae hampefamilien
Slekt Cannabis hampeslekta
Art Cannabis sativa hamp

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grimstad Klepp, Ingun og Tobiasson, Tone Skårdal (2020): Lettkledd – Velkledd med lite miljøbelastning. Oslo: Solumbokvennen
  • Søm: materialkunnskap. (1995): Oslo: Yrkeslitteratur as
  • Morton W. E. og Hearle J. W. S. (2008): Physical Properties of textile fibres Manchester: The Textile Insitute

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cannabis sativa
Artsdatabanken-ID
103197
GBIF-ID
5361880