Meta- er ei forstaving med fleire betydningar.

Faktaboks

Etymologi
frå gresk meta ‘mellom, etter, ved sida av’
Også kjend som
met-

Meta- kan bety

  • noko som gjer seg sjølv til emne for behandling, betraktning eller teoretisering
  • på den andre sida (av), utanfor eller etter
  • noko som endrar stilling, tilstand eller form

Innan kjemi har meta- i tillegg fleire betydningar.

Døme

I betydninga 'noko som gjer seg sjølv til emne for behandling, betraktning eller teoretisering', blir meta- brukt til dømes slik:

  • Metadata er informasjon som beskriv annan informasjon.
  • Metaroman er ein roman som handlar om å skrive ein roman.
  • Metaspråk er språk brukt til å beskrive eit (anna) språk.
  • Metateori er teori om andre teoriar.

I betydninga 'noko som er på den andre sida (av), utanfor eller etter', blir meta- brukt til dømes slik:

  • Metafor er ord eller uttrykk brukte i biletleg, overført betydning, det vil seie om ein ting eller eit forhold som høyrer til eit anna omgrepsområde.
  • Metafysikk er læra om eksistens og det å vere (væren), det vil seie det som ikkje er del av den fysiske verda.

I betydninga 'noko som endrar stilling, tilstand eller form', blir meta- brukt til dømes slik:

Meta- som forstaving i kjemi

Innan kjemi har meta- fleire betydningar:

Les meir i Store norske leksikon