Magna Carta
Det berømte engelske mellomalderdokumentet Magna Carta er skrive på pergament.

Pergament er reinsa og tørka skinn av esel, svin eller kalv. Dei oppbløytte hudene blir spende på rammer, skava glatte, rivne inn med kritpulver og slipte. Ifølgje Plinius den eldre vart pergamentet oppfunne i Pergamon på 200-talet fvt., men det var i verkelegheita kjent mykje tidlegare i Egypt og Assyria.

Faktaboks

Uttale

pergament

Etymologi
frå tysk, av latin, til bynamnet Pergamon

Pergamentet fortrengde papyrus på 200–300-talet og var gjennom mellomalderen det alminnelege materialet for viktigare handskrifter, som diplom og liknande. Fleire av dei eldste trykte bøkene er trykte på pergament.

Pergament blir no brukt mellom anna til trommeskinn og finare bokbindararbeid.

Les meir i Store norske leksikon