Viser innlegg med etiketten Søm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Søm. Vis alle innlegg

fredag 20. mai 2011

Puter i lange baner


Då har eg endelig fått somla meg til å gjera ferdig putene som blei påbegynt for ei god stund sidan, så no skulle alt vera klart for å nyta sommaren på terassen. (Men kor blei den av..?)

Vanligvis pleier eg å laga konvoluttåpning på puter eg syr, men denne gongen ville eg prøva glidelås, og eg blei egentlig mykje meir fornøyd med det, sjølv om det kanskje er litt meir putlearbeid med det. Billige glidelåsar fant eg heldigvis hos Stoff og Stil (for glidelåsar er ofte veldig dyrt på lokale sybutikkar). 

Mange fine fargar blei det, og endå har eg mykje stoff og fargekombinasjonar eg kunne tenkt meg å laga puter eller noko anna av, men akkurat no er eg litt lei sying.. så det får bli ein annan gong.








Denne var allerede ei pute då eg fekk ho i eit stoffbytte/-kjøp for lenge sidan, men utan lukking. Eg har ikkje hatt hjerte til å klippe ho i bitar, så då sette eg inn ein glidelås istdenfor, og så fekk ho vera pute igjen;)


Så skulle jo putene sjølvsagt bli fotografert ute i hagemøblane i eit strålande solskinn, men solskinnet ser ut til å la vente på seg, så imens me venter på at sommaren kjem tilbake, får dei spre litt fargeglede i utestova.



No har symaskinen fått sommarferie... iallefall for ei stund:)
Ønsker dåke alle ei fin helg!

søndag 27. mars 2011

Sommarslige spisebrikker med sommarsong;)

 Idag fekk eg gjort ferdig desse spisebrikkene med tekst frå den beste sommarsongen ever, "En solskinnsdag" av Postgirobygget. Det skulle egentlig bli puter, men pga. av litt feilberekning av sømrom, passa rutene dårlig til dei innerputene eg har, og blei derfor spisebrikker i stadenfor.

Lappane er frå gamle dynetrekk og dongeribukser.




Så fekk dei raudprikkete Green Gate koppane mine spisebrikker og;)


No er det nok spisebrikker for ei stund. No har eg ein del kler og anna som skal fiksast, deretter blir det puter. Så trur eg symaskinen skal få ein liten pause ei stund  (og stova skal bli stove og ikkje syrom..;)

Ha ei fin veke!

torsdag 17. mars 2011

Brikke av retrostoff


Eg er blitt veldig glad i IRA brettet som eg vant for ei tid sidan. Eg synes fargane er så friske og fine, at brettet får stå framme på kjøkkenbenken. Så såg eg at eg hadde ein del retrostoff som passa fint til brettet, og fekk derfor lyst å sy ei brikke til å ha på kjøkkenbenken.

 

Eg kom også over nokre koppar som andre ikkje skulle ha lenger, så då tok eg dei med meg heim.
Desse er frå Figgjo, og passa jo ikkje så verst inn i fargen dei heller;) Eg har 9 slike koppar og 10 asjettar, men manglar tefat. Eg blir nok ikkje noke stor samlar av dette serviset, men om noken skulle ha nokre tefat til overs, så kan eg vera interessert i å kjøpa. Sjølv treng eg ikkje 9-10 av koppar og fat heller, så om noken manglar det, så kan me kanskje bytta?


Ellers er eg også interessert i boksar frå IRA om noken skulle ha eit par å selga. Helst i størrelse "kaffiboks", ikkje kakeboks, og gjerne i rosa/oransje eller lysblå.

Har også nylig solgt eit servise som eg ikkje ville ha lenger, og dermed så har eg eit ledig skap;))
Mest av alt ønsker eg å få tak i Clupea serviset frå Figgjo, men trur nesten at eg har gitt opp å få tak i ein brukande samling til ein overkommelig pris. Så no går eg og lurer på om eg skal investera i litt PIP koppar. Det serviset er bare heilt nydelig! Meir koppar og krus er vel egentlig det siste eg trenger, men det er løye med det når ein først er blitt betatt..

søndag 13. mars 2011

Spisebrikker av retrostoff


Då har det endelig blitt litt tid framfor symaskinen etter gammalt. Dette skulle egentlig blitt puter, men pga. litt feilberekning av sømrom, blei det spisebrikker istadenfor. Når eg først skulle ha spisebrikker, ville eg ha ein farge som passa bedre til dei raudprikkete Green Gate koppane mine, så derfor kjem det spisebrikker i raudtonar også, om ikkje så brått.
Desse hadde eg egentlig ikkje tenkt å beholda sjølv, sidan det ikkje er den fargen som passar best til det eg har av koppar og kar, men så kom eg på at eg har jammen koppar som passer godt til desse og. 



Baksida er av eit gammalt lyseblått kreppdynetrekk. Dei gamle stoffa er noko tynne, slitte og tøyelige, og er derfor ei litt større utfordring å sy i enn nytt stoff. Men så har dei til gjengjeld mykje meir sjarm :)


Ellers fekk eg litt malelyst i kveld. Det er ikkje så ofte det skjer, så då var det bare å smi mens jernet var varmt.
Denne veggen i gongen har eg i grunn aldri vore heilt fornøyd med, av ein eller annan grunn. Eg fekk lyst på ein litt lunare farge, og kom på at eg hadde eit spann ståande etter oppussing av eit soverom. Så då var det bare å gå i gong.


Litt fargeforskjell ja..

Vannbasert maling er gøy! Når eg var kommen til endes på veggen, så var det å begynne i andre sida med neste strøk. Ikkje noke venting her nei. Og så var det opp igjen med ting og tang. Alt på eit par timar;)
Og slik blei det:



Ledningen skal hengast finare opp når eg får kjøpt sånne som me henger den opp med.
For dei observante så skal det komma kjøkkenlister også med tida. Men endå er det bare gått eit og eit halvt år sidan me pussa opp kjøkkenet, og mannen i huset har ein plan om å kjøpa lister ein dag, så det ser lovande ut;)

Då er denne helga snart over også. Eg må sei meg fornøyd med innsatsen denne helga med tanke på at me også har jobba dugnad i eit gammalt bygdahus både onsdag, torsdag, igår og i dag. Maling og atter maling der også, men veldig sosialt, og resultatet blir supert. Og då er det bare kjekt!

søndag 31. oktober 2010

Ei produktiv helg


Fekk så lyst å laga ein liten fargeklatt til stova, og fargeklatt blei dei uten tvil:) Måtte prøva meg litt på geriljaborderi og, sjølv om eg ikkje våga meg på dei "hardaste" ordtaka då.
Det var faktisk ganske kjekt å sy korssting etter gammalt, så det kjem eg nok til å laga meir av. Har eit par planar på gong til nokre veggbilder. Denne her fekk nøya seg med ein plass i puta i sofaen.


Juleduken blei sydd saman og innimellom klesvask, husvask og halloweenparty.
Eg er strålande fornøyd med å faktisk ha blitt ferdig så snart på den måten.
Skulle eg planlagt å setta meg ned ein dag for å gjera den ferdig, ville eg nok vore i planleggingsfasen endå:) 121 lappar som skal syast beint og fint saman er litt putlearbeid.


Så fant eg ut at det sikkert ville vore fint men ein liten kant rundt, men hadde ikkje meir av det stoffet eg helst skulle hatt. Men eit anna stoff gjorde nytten det og.
Må sei meg fornøyd med denne, og no manglar bare bakstykke. Gler meg til friske raude og grønne fargar denne jula. Men har ingen hast då egentlig, det kan godt vera lenge til jul for min del:)


Og sist men ikkje minst har det endeleg blitt litt framgong med flisane på kjøkkenet.
Sånn har me hatt det i omtrent eit år, sidan me malte kjøkkeninnredningen. Må innrømma at me nesten ikkje la merke til det lenger, men det er jo ikkje direkte vakkert då.


Etter mykje om og men klarte me endeleg å bestemma oss for kva fliser me ville ha, og når dei først var i hus, så var det egentlig fort gjort. No gjenstår bare fuging, så har me faktisk eit normalt kjøkken igjen.
Før og etter bilder fra furu til kvitt kjem snart. Det blei ei utruleg forandring, kan nesten ikkje sjå at det er det samme kjøkkenet. 

søndag 24. oktober 2010

Prosjekt juleduk



Prosjekt juleduk er endeleg i gong.
Dei siste åra har eg ikkje vore så stor tilhengar av dei tradisjonelle julefargane raud, grøn og gull.
Eg har jo sjølvsagt hatt litt av dei rundt omkring, men har og vore glad i litt meir utradisjonelle fargar som svart, kvit og sølv. Men i fjor kjente eg at eg hadde lyst på knallraud og knallgrøn jul igjen, og ikkje minst gull og glitter, så eg bestemte meg for å laga ein slik duk til neste jul.

Og no har eg endeleg bestemt meg for eit mønster og kva stoff eg vil bruka, og alle lappane er skjært opp (noko som eg synes er den kjedeligaste jobben), så no er det klart for å begynna å sy.
Eg kan ikkje sei eg har det minste lyst på jul på lenge endå, men den tida kjem nok i år også, og då er eg nok glad for at eg for ein gong skuld starta med forberedelsar i god tid før jul ;)