I dag er det 1. mars og den første dagen i den første vårmånaden. Då passa det fint å hiva seg med på
Moseplassen si utfordring "Hva gleder du deg til i hagen i år?"
Det er så utrulig mykje eg gler meg til, så dette trur eg blir eit langt innlegg..
Først og fremst gler eg meg til krokusane og tulipanane som eg planta i haust kjem opp. Det blir spennande å sjå nye blomar og fargar på ein plass eg ikkje har hatt blomar før.
Å planta frø og blomar i krukker og kar gler eg meg veldig til. Det er ingenting som er meir spennande på denne årstida enn å sjå nye spirer som kjem opp av jorda!
Eg gler meg og til at denne karen skal få fersk løvetann kvar dag. Det er det beste han veit, og er det ei avling som aldri sviktar, så er det løvetannen!
Eg gler meg også til å besøka sommarplassen vår igjen, som er ein holme i Hardanger. Her har mamma og pappa laga mange fine hagar og skråningar med blomar, trapper og lykter.
I tillegg veks det masse fine blomar der, som eg aldri ser ellers. Ifølge far min er det visst ei naturleg blomstereng som veks der. Denne er han veldig opptatt av å bevara, derfor klipper me ikkje graset før denne er utblomstra. Det var også her eg kunne plukka og eta markjordbær for første gong, og det er fortsatt like spennande kvart år.
Sist, men slett ikkje minst, gler eg meg til å ligga strekk ut på terassen og nyta varmen og denne utsikta mens eg høyrer på radioen, plenklipparar, fuglekvitter og glade ungar.
Jepp, eg gler meg! I går var det nydelig vær her, i dag regnar det. Men det gjer ingenting. Det går rette veien no, og eg fekk jammen litt vårfornemmelse bare av å skriva dette innlegget. No trur eg rett og slett eg går i gong med sying av puter til hagemøblane. Sjølvsagt i spreke vårfargar!
Ha ein fin første vårdag!
Og i dag kan eg vel trygt signera med
Vårglad:)
Fleire bidrag og informasjon om konkurransen finn du her