Viser innlegg med etiketten Brukt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Brukt. Vis alle innlegg

tirsdag 9. september 2014

Blonder

 

I ein av kommodane mine har eg allskens blonder og stas
som eg aldri kjem rundt til å få brukt
sidan motane skiftar so fort
no e da sement og ikkje blonda ein burde pusle med i fritida
ikkje at eg gjer verken eller :D
uansatt kva moten seier dog
blondar er eg svak for...




søndag 4. mai 2014

Siste dag på jobben


I dag hadde det gamla utebordet mitt sin siste dag på jobben
eg ante ikkje kor gale det var fatt med det før etter vasken var gjort
eine foten har løsna heilt og det var nok berre viljen so held da på beina
gjennom dagens fotosesjon

 

Eg planla å ta nokre festlege bilder i sola
og sidan eg ikkje har komfirmant eller anna morro i mai
fekk eg laga ho sjølv
tenkte eg


so tenkt so gjort
meir om da seinare..

torsdag 13. mars 2014

Going solo



I går gjekk eg i gong med eit prosjekt som eg står heilt aleina i
eg har gje mot familieviljen 
og begynt å rehabilitere eit gamalt kjøkkenbord
Resten av familien vil ikkje ha det
dei syns dette er både upraktisk og kanskje heller ikkje so fint...
men eg, eg gjer meg ikkje før da e bevist
at da ikkje går...



Er ganske spent på korleis det vert når ein ikkje gjer om gamalt
men berre prøver å setje det tilbake i gamal stand
eller gamal ny stand vert det vel :D

søndag 3. oktober 2010

Gamalt nytt...

I månadens utfordring frå NIB er det "loppefunn" som er temaet. Huset vårt har sin kvote "gamalt skrot". Om eg skulle trekkje fram noko eg er spesielt nøgd med, så trur eg valet vil falla på "ting til bordet"


Det har vorte ein del dei siste åra, tallerkar, krystallglas, krystallvasar og anna smått som gjer meg glad. Mugga med blomane og muffinsa på bileta er av nyare dato (heldigvis), men ellers har eg funne alt det andre på brukthus og Fretex.


Det er ikkje mange år sidan eg tykte krystall var for gamle dame, og vips so har eg plutseleg vorte ei! Likar standarden dei set på eit festdekka bord. Vakkert, kostbart og med eit herleg lysspel.

Eit lite utval av det eg har i skåp og skuffer. Kanskje gamalt, men heilt nytt for meg!

søndag 3. mai 2009

Kommodemani..

Det veit de nok frå før at eg har. Her er ein til før og litt etter. Skal verte meir etter, men har ikkje tid for tida. Det får verte til jul att.....




Ellers har eg nett investert i 7 nye roser til hagen, berre for å lese at yr.no lovar oss minus 5 grader neste veke. Det betyr sikkert også snjo. Eg kryssar fingrer og tær og håpar på ein rask forbigåande vinter.

onsdag 28. januar 2009

Trim for eldre..

Heilt plutseleg hadde det skjedd. Utan varsel, tidleg i dag morges, kunne eg ikke leggje armane fint og mjukt ned langs sidene lenger. Akkurat som når nokon set ein fot i døra når ein freista lata den att, slik var det. Noko stod i vegen. Eller rettare sagt, hang…



3 år som ikkjerøykjar set sine spor. I dag var spora kome heilt opp under armane. Ribbefettet og tantearmane var på kollisjonskurs, med det resultat at eg var dømd til å vandre rundt med to armar stikkande rett ut. Ikke kan eg gå i butikkar lengre, tenkte eg, i allefall ikke Farmors hus på Isdalstø så tett so pynten står der. Inn og ut av rom må skje sidelengs. Militære kan eg no berre gløyma (og takk og lov for det ) og ikke er det lett å få plass i noko armkrok lengre heller…



Nei, slik vil eg sjølvsagt ikke ha det. Så eg stod og vurderte alternativa. Eg har minst 15 dvd-ar frå iForm. Mykje god trim der.(Eg har abonnert på iForm i uendelege tider, likavel er eg det ein kan kalle god og rund…og der i dag stod eg og lurte eg på om eg såg akkurat ut som ein gjennomsnittleg abonnement av..ja, iForm? )

Tilbake til DVD-ane. Problemet er at underteika har lagt ned veto mot TV i stova, slik at TV og DVD er forvist til loftstova med tilhøyrande skråtak som startar på nokon og 80 cm. Med eit ”vingespenn” på nærare 180 cm kan de tenkje dykk til skrik og bannskap kvar gong eg har prøvd meg på strekk og bøy der.



Einaste alternativet var ut. No har det seg slik at eg rekk akkurat ein kjapp tur før mørket sig på etter arbeid. I dag var det ingen nåde, på med regnjakke og fjellsko før eg visste heilt kva eg held på med.



Eg held høg fart, me bur i skogen og skogsvegen var i dag full av spor. Hjort, rev…og såg eg bjørn?? Eg sprang. Det kryr av gamle utløe og skumle plassar for ei engsteleg sjel på tur i skumringen. Godt halveis, dvs. etter ca 10 minuttar slo ei gamal fødselsskade inn.( Ja, ikke min eigen.. ) Da gjekk seigare etter det. Halt og sliten drog eg meg då til slutt øve målstreken etter ca 30 min. Eg både såg ut og kjende det som om eg hadde gjennomført ein maraton. Heldigvis skal akkurat det vere bra å ha på CV-en sin har eg høyrt…



Så då er det gjort, eg har gjort noko med det. Eg har utfordra sideflesket til kamp. No skal eg berre brodera litt og håpar da gjer undeverker på tantearmane…

søndag 18. januar 2009

Småskattar..

No kan det tenkjast at nokre av dykk har fått for dykk at eg er ei surmaga kjerring som klagar på prisen både her og der. Heldigvis så er eg ikkje det. Det var ikkje meininga å virka mygla i forrige innlegg :)
Her er nokre ting eg har funne og vorten veldig glad i...

Desse middagstallerkane fann eg på loppemarknad her i dalen. 40 kr for 8 stk. Nokre som kjenner mønsteret og veit om meir av dette?

Det neste er berre 4 asjettar. Dei er lette og har "billeg" trykk. Dei er laga i gamle Aust Tyskland og er utruleg sjarmerande.

Her ser de mønsteret litt betre.

Ellers har eg kjøpt ein del likørglas på bruktmarknader. Dei er alle små og vakre..og veldig sjeldan i bruk :)

No er bileta teke slik på skrå og nesten på hovudet, så eg reknar med at de er like kloke no som då de kom :)

lørdag 17. januar 2009

Bruktmarked

Eg er veldig glad i gamle ting. Eg er eigentleg ikkje så opptatt av interiør i seg sjølv, men eg likar ting med historie. Eg elskar å lese om loppefunn og arva skattar hjå andre bloggarar. Desverre er det ikkje så lett å få tak i slikt her. Har funne nokre småting tidlegare på eit lokalt Brukthus. Men dei har det siste året prisa varene hinsides reell verdi. 50 kr for ein simpel tallerken, brukt og utan særpreg, er ikkje noko funn desverre. Sjølvsagt kan ein vere heldig å finne eint og anna. Her er det eg drog heim hin dagen.

Mugga tippar litt mot New England - stilen, noko som roterar rundt ein litt anna akse enn det andre eg har. Kanskje eg skal gje den til ei veninne elskar slikt. Fann den på nettet. Dette firmaet som sel desse er lagt ned og har opphørssalg. Mi mugge var flunka ny med merkelappen framleis på seg, så 75,- er vel kanskje ikkje så ille for ei som er på salg for 19 pund.


Sausenebbet tykkjer eg er enkelt og utruleg vakkert. Irriterar meg sjølv at eg ikkje kjøpte det andre i same serie med fat under. Men prisen var stiv så eg nøgde meg med dette. Perfekt plass til Pistasjenøttene mine..