Viser innlegg med etiketten julestri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julestri. Vis alle innlegg

lørdag 14. desember 2019

Hvilken dag er det i dag, er det laurdag?


Ja, intensjonane va dei beste då eg tenkte gjere kombakk på bloggen i sommar. Men da vart ikkje sånn. Mange grunna til da, men mest av alt, mangel på tid. 


Akkurat no har eg litt tid, ikkje fordi eg fekk meir tid, men fordi eg har bestemt meg for å ta litt meir tid. Senka skuldrene og kosa meg litt med livet mitt, ikkje berre springe bak det, svett, trøtt og fortvila. Ka trur de, klarar eg det? Har de gjort noko liknande? Gode erfaringar med låge skuldre? Gode tips?
Og hagen, ja den skal eg fortelje meir om seinare, på nyåret tenkjer eg. Det er ikkje eit forsett, da e ein lovnad.

Legg gjerne att eit ord om du framleis les denne bloggen og ha ein fin laurdag midt i julestria!

mandag 18. desember 2017

Som julenissen på kjerringa


plutseleg var det mindre enn ei veke igjen
og samtidig som ein er førebudd
og nesten klar


vert ein litt overraska lell
når ho kjem over oss
med full kraft..

torsdag 30. november 2017

Innkjøpsstopp



Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite


så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn

  
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar


so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten

  
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik


litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks


relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!

søndag 19. november 2017

Og så var det snart advent


No har eg lese at multitasking ødelegg hjernen din...eller min..
so no jobba eg veldig hardt med ein ting..
å berre gjera ein ting
om gongen
ska tru om da hjelpe?

mandag 21. november 2016

Tida som kjem og tida som for


Gjev døgnet hadde hatt fleire timar
at året hadde fleire dagar
at kvart eit minutt
var ei lita eve

  
det hadde vore fint for meg
som har so mange prosjekt, so lite tid 
samstundes så mykje eg vil både lære og gjere
på slike daga kunne tida godt stått stille


men på andre daga
då e da greitt
at eit minutt er eit minutt
og at der er ein dag i morgon
og at morgondagen kjem heller raskt


kva eg vil sei?
Tja, nei..
reknar med Vår Herre visste kva han gjorde
då vår eksistens vart bunden til tida
for trass alt er vel all mi tid eigentleg
det ein kan kalla
ei god tid..

søndag 10. januar 2016

Godt nytt år og god jol


Da heile begynte med at både eg og husbonden vart vekt midt på natta
av dunk og uro frå stova
då me (husbonden :) sjekka va da ikkje skumle tjuva eller galne katta
men jolatreet so hadde begynt å sleppa pynten på golvet
så sjølv om eg er ein ihuga tilhengar av lang jul
måtte eg i år gje meg lenge før eg hadde tenkt


då pynten og lysa var komne tå
hadde også nålene lagt seg til ro
eit veldig nakje tre
gav sterke signal om ei jol som va te endes..


som siste gjerning
lyste treet opp den gråe janaurlufta
eit lite sekund

sia jolatreet forlet oss
var det berre å pynta ned og bera vekk
te neste år


då eg va nesten ferdig gjekk eg på eit lite dilemma
treet på rot som eg hadde kjøpt til advendtskalenderen til ungane
stod framleis pynta og fjong i gangen
desverre hadde det vorte vatna forderva
og trengte ein lengre tørkeperiode før eg kunne hiva da ut i minus 10


so like etter at jola var hive ut
tok me inn ei ny
pynten fekk vere med sia da e hakke bedre enn eit upynta ett
sia detta treet leve
og om har eg det like travelt framover som det har vore til no
kan det fort vere ny jol før eg rekk å pakke pynten ned
og plante treet ut
da e nesten so dei som handlar neste års jolagåve
på januarsalget..
..god jol!

lørdag 2. januar 2016

Dei siste skal bli dei fyrste


Ja kva gjer ein når ein finn eit umontert peparkakehus
på toppen av eit skap
ein dag i januar?


det var ikkje berre "eit"
det var faktisk "det" einaste me laga


i ei krampetrekning
vart det kjøpt deig på IKEA (jaja eg veit ..)
men me kom aldri så langt at vi bygde huset


i dag tok jentungen affære
og til alle dykk som har rydda jola ut
og driv og ber ut hagemøblane..


eg kan med ganske stor sikkerheit sei
me har laga da fysta peparkakehuset
i 2016



mandag 28. desember 2015

Kor lenge var Adam i paradis?


når ein endeleg har senka skuldrene eit lite hakk
er det arbeid att


eg har ein hemmeleg draum om fri i romjula ein gong
skjønt ein bør vere glad ein har ein jobb å gå til
kva dag det måtte no vere
so me kom oss opp og ut
både eg og pus 
i dag


søndag 29. november 2015

To fram og eit tilbake


 

Desverre ingen stemningsfulle, 
nedpynta adventsbilder 
på Bratte bakka i dag
da e alltid so travelt
eg har alltid fullt opp å gjere
synes det vert verre år for år
og det kan vel kanskje stemme
sidan heilt vanlege ting har ein lei tendes
te å ta lengre og lengre tid
uhyggeleg samanfallande
med at eg vert
eldre..

mandag 29. desember 2014

Nokre få dagar


...og minst 50 000 kaloriar seinare...

det har vore ei flott jul
eg har roa ned
eg let meg ikkje presse av burde-burde
og skulle-skulle
difor så få innlegg på bloggen
kjem plutseleg att
med 
ein juleraposdi
men nett no
er det jobb



ynskjer deg framleis
ei god
jul

tirsdag 23. desember 2014

Da gjer 'kje seg sjølv


 

Da begynna å jula seg her og
men i motsetning til bardommens jul
so gjer da 'kje seg sjølv


 

ein dag att og tempoet er sett ned
ikkje for at da e lite att å gjera
men fø at da skal kjennast som jul for alle
at ungane har ei blid mor i stadenfor eit monster
so gaula og hytta
inni sitt sjette eller sjuande slag


berre fø å fjerna litt komlevåg
som ingen ser uansett
so sånn e da
her feira me jul
med hybelkanina og alt
framleis
i livet..
God vetlajulafta te deg!

torsdag 11. desember 2014

Peparkakebryggje


 

endeleg ferdig med storprosjektet
Mobryggja i peparkakeversjon


da va aldri mitt prosjekt
da va dattra og EKTEmannen sitt
men eg har sett mindre og mindre av begge to etterkvart som prosjektet skrei fram


da e te den lokale paparkakebygda
og er ein lausleg kopi tå eit eksisterande bygg i bygda


onsdag 10. desember 2014

Klok av skade

 

å kalle meg ein interiørbloggar er vel å dra det litt langt
men det har heilt klart vore eit tema i heimen
sidan ein av ungane kjem heim
med jolapynt laga på jolaverkstad


og klaskar pynten bestemt ned på bordet med dette klåre utsagnet:
Denne engelen har eg laga og eg forventar at den skal stå framme!

med til historia høyre det at den er nesten halvmeteren høg
og laga av gamle reklameblader