Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg

mandag 25. april 2016

Flowerpower


At eg er litt over gjennomsnittet glad i blomar
kjem nok ikkje som ei bombe


lenge har eg sikla på storblomstra tapet
men kvar skal ein ha slikt
det krev jo sin mann eller kvinna...


så eg har starta forsiktig
med ein liten vegg på det minste soverommet


og ja, eg elska da!

mandag 20. oktober 2014

Plutseleg


Eg va nett innom IKEA
dar va julekulena komne på plass
og eg so alltid kjem når dei er utselde
fekk sjølvsagt med meg ei pakka
og når ein har handla
må ein prøva da ut
og plutseleg
er det
jul

søndag 12. oktober 2014

Ein dose farge


Soverommet vårt er ikkje det mest prioriterte rommet i huset
slik reint interiørmessig
trangt og litt kummerlig er det og


eit lite rom med skråtak
men funker greit nok te da da skal
soving og slikt
haustens fyrste tulipanbukett
fekk vere med i dag
hiv meg inn te NIB med dette innlegget
i lag med mange fine inspirerande soverom
eg e faktisk litt i øve
øve kor mange unike og flotte heimar so fins rundt omkring
og ikkje minst soverom..

torsdag 9. oktober 2014

Kaffe på senga

 

Noko anna e'kje vits i
fø eg hata smula i senga

tirsdag 7. oktober 2014

Grøn

  

Grøn vart det på soveromsinteriøret då eg skulle setje farge på tilværesen
Sakte men sikkert har eg elimenert fargar og kaos
no skulle dei tilbake att


ja kanskje ikkje rart med eit par putar og ein plante
skjønt ikkje heilt fargelaust heller
hjelpe godt på med ein katt der og..



tirsdag 11. mars 2014

Papir

 

Då papirbretting vart slik i vinden og pompoms i alle variantar inntok interiørscena for eit par år sidan
syns eg faktisk da va veldig lekkert. 
Da e nåke reint og og asketisk over papirinstallasjonar.

lørdag 8. mars 2014

Bedbugs bite


Da e viktig å få takka NIB for dei fine utfordringane dei dreg i gong
ikkje er dei berre kjekke og inspirerande, dei er også veldig motiverande..
kvar månad får ein stakkar ein grunn te å ta eit og anna rom litt meir grundig enn vanleg
denne gongen fekk eg rydda soverommet
Eg har sett på alle dei fine bidraga som er komne inn
og fekk masse inspirasjon te å ta eit tak i mitt eige :D

 

Me har eit pikyrnandes lite soverom som det er veldig vanskeleg å ommøblere og også å ta bilder i
Da e i store trekk berre plass te senga og eit par nattbord
ei stund sov me med hovudenden inn under skråtaket på mi sida
då fekk eg verken sova eller pusta så det vart det heldigvis raskt slutt på


Sengegavlen e heimalaga, korleis kan de sjå her
Da va dei tide da va in å laga sengagavla tå både da eina og da hitt
Me har smartpanel på veggane, da e litt bale no i retrospektiv
Da va smart då me bygde, men no kunne eg tenkt meg tapet
Me får sjå, kjem tid kjem råd..

 

søndag 15. september 2013

Opprørets time


Eg har ofte lete meg henføre og inspirere av nydelege barnerom
Superstyla og harmoniske
spanande og tøffe

 

slikt har eg inga forhåpning om her i huset
som eksempel kan eg nevne at om eg vågar meg frampå og seier
at eit antrekk jentungen (som har kledd og styla seg sjølv sidan barnehagen) har på seg var fint,
kan eg vere veldig sikker på at nettopp det antrekket aldri meir
ser dagens lys...


Slik var det før, rot og kaos sidan det var lenge sidan leikar frå utlevde epoker var vortne rydda bort.
Senga som eingong var so flott, var vorten ein hemsko
som blokkerte alle møbleringsalternativ på det ikkje so veldig store loftsrommet.
Me kjøpte ei ny seng, pimpa opp litt gamle møblar og rydda i rotet

  

og det som fyller ei ung jente sitt rom, som mor aldri får styla vekk, plakat på plakat med Justin Bieber, bilder av søte små dyr og mengder med elektronikk, får no heller vere der.


Det anar meg at det er nett det som gjer henne lukkeleg og nøgd med resultatet..

mandag 12. august 2013

Innomhus


Ein må vel frå tid til annan publisere bilder frå innsida av huset og om ein vil behalda sin plass hjå NIB


No skjer det veeeeeldig lite på den fronten for tida, så de får nøya dykk med nye bilder av gamalt interiør...

onsdag 17. april 2013

#bruktduellen

NIB reklamerar for ei utfordring som finn.no har sett i gong, nemleg #bruktduellen.
Tånken er god, ein skal ikkje kjøpa noko nytt på 50 dagar. No er ikkje 50 daga all verdas lang tid, eg kan jo nesten halde pusten like lenge...men igjen, tånken er god. 
Utfordringa stoppar deg ikkje frå å handle brukt så det er nok ingen løyndom at den godeste Finn skal kunne tjene ein slant eller to på dette. Sjølv om konseptet til gubben oppfordrar til gjenbruk og bør prisast for det, så er han jo og i aller høgste grad ein kommersiell aktør som meiner bissniss.
Nok om da.
Eg er for gjennbruk og redesign og dafø tenkte eg å nytta høvet til å reblogga nokre av prosjekta eg hadde på den gamle bloggen slik at eg får dei i nyearkivet. 
Fø deko trofaste, eller de som har minne som ein elefant, de treng kanskje ikkje lesa vidare, men fø deko andre....her er noko eg gjorde i 2008.

Dei fleste kjenner til desse framskåpa...eller kva ein skal kalle dei. Vakre i si tid, men også flotte utgangspunkt for litt remodelering. Her er det eg og vetlaprinsesso gjorde med skåpet vårt i 2008.

For at resultatet skulle kunne skryta på seg å vera gjenbruk og velbrukt so fekk me restamaling frå nokon som nett hadde bygd hus og mala to jenterom. Dei hadde nokre slanta i botn tå nåken spann som me grådig tok i mot.
Stoffet på innsida av dørene er eit gammalt skjørt nokon har hive i fillekassen til mor mi (ho vede filleryer av slikt før i tida)
Skuffene fekk småinndeling til nips og naps
I eine sida tok me ut hyllene og laga oppheng for kjolar og stas.

I dag, 5 år etter..står skåpet i ein krok i gangen fullasta med treningsutstyr og gamle bøker...
Småprinsesso er vorten større og vurdere å ta skåpet innatt i varmen, te sminkesaker og slikt...
...me får sjå...eller får skåpet kanskje gjennomgå ein ny makeover og finne seg ein ny beskjeden plass i tilværet...
..slik som me andre som heller ikkje våga lukka på Finn...

onsdag 20. mars 2013

Farne dagar


Franciskas vakre verden har utfordra oss til å vise ulike rom i huset i høvet ei bok ho har planlagt. Eg vurdere å delta på jenterom med desse bilda. Desse bilda er gamle og ganske urealistiske sidan det sikkert var den einaste dagen ingen jenteføtter har sprunge over golvet. Golvet var nymalt og berre etter eit par dagar hadde jentungen dekka det med klær og anna jenterot.
Sidan trur eg knapt at eg har sett golvet...




torsdag 21. februar 2013

Ikkje rett gavla...

Då eg rota i arkivet og fann dei gamle bilda frå då den nye sengegavlen kom på plass, gjekk det opp for meg at den GDS-en ligg på den stengde gamlebloggen og er tilogmed vanskeleg tilgjengeleg for meg sjølv. Sidan eg er ganske nøgd med den tek eg historia på nytt her idag.

     

Det heile starta med ynskje om eit mala golv. Når det viste seg å liggje litt lengre fram i tid, enn eg hadde tenkt meg, valde eg å prøve ut rekved-trenden. .

Det viste seg at far min hadde 15-20 år gamalt villmarkspanel på skukkjen, så valet fall på det. Breie fine bord og grei avslutning på gavlen. Panelet var ubehandla og uhøvla, så tre-fire timar med pussemaskin var nødvendig. Har ikkje kome meg heilt oppatt i rett etter den dagen...

     
       
      

To strøk med rekved(driveved)interiørbeis og gavlen vart ganske mørk. Mannen fekk cowboy tema med ein appelsinkasse og eit kyraskinn, og eg litt meir feminint, om dog ikkje mykje, med eit gamalt nattbord frå meir pietistiske tider..

  

Enno manglar det vesentlege, mala golv og ny farge på vegg og tak. Kanskje nokre nye lampar hadde vore kjekt. Eg er for det meste nøgd, og i allefall gjeld utsagnet...forandring fryder!

Og verken golv eller veggar er komne noko lengre i dag, men sengegavlen vart te røyndom og jammen er eg glad for det.