Viser innlegg med etiketten TellTur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten TellTur. Vis alle innlegg

fredag 11. oktober 2013

TellTur 2013

Friluftsrådet har Telltur-kodar i tre kommunar og lova på nettsida: Alle som har vitja alle dei 42 turmåla i Sula, Ørskog og Ålesund og registrert dette her på TellTur i perioden 10.06 – 10.10 vil få ein spesiell premie.

Det var nok til å sette oss i gang. - Vi tek vel alle då, seier Beate i juni. Det viste seg å vere knallhardt, men gøy. Turane er ikkje nødvendigvis så tunge i seg sjølv, men det å sette av nok TID til alle dei små og store turane var ei utfordring. Kodejakta har vore ein god grunn til å komme seg ut om kveldane, dra til nye plassar og gå nye turar. Her er glimt frå kodejakta 2013:

TellTur Ørskog (18 kodar)
Det er eit godt stykke å køyre til Ørskog, så vi hadde planen klar; fleire kodar i slengen! Vi begynte bra med gruvevandring, Liafjellet og tre kodar i boks! Lauparen (1434 moh) vart ein av sommarens flottaste toppturar. Eg kom meg endeleg på Høgsvora. Ørskog er ein annleis kommune, med levande kulturlandskap og stølar overalt. Her inne er det lenger ut til kysten og det er store dalar og fjellområde. Dei siste kodane i Ørskog vart tekne på ein grå dag, og mest på trass. Målet om alle kodane VILLE EG NÅ! Frisk luft gjer dessutan godt, uavhengig av motivasjonen.

Frå Kleivane (t.v) og Verahornet (t.h)

Frå Høgsvora

Dynjafossen - Ørskogfjellet. 
Veldig fin foss. Freistar til bading i kulpen neste sommar. På lita vassføring kan ein gå ned og bakom fossen. 

Ein liten hakkespett (Flaggspett?) heldt meg med selskap på Breinakken. Flott utsikt over Sjøholt frå ein svært flatterande vinkel.

Turen til Hallvardsfjellet skulle vere ein enkel liten sak. I følge boka "På tur i Ørskog" skulle vi spare nesten 100 høgdemeter på å gå frå Visetsætra. 

Rett sæter, og vi trudde lenge at vi skulle på humpen bak stølshuset (t.v). Etter ein sjekk med boka og kompasset måtte vi snu 180 grader og gå på den andre humpen (t.h). Vi fann alle stimerka frå boka; foss, kraftlinje m.m. Men ikkje svarte om vi fann noko sti. Ikkje var det langt, og ikkje var det høgt. Men i stilaust vestlandsterreng fekk vi fort "myrfotar" og klokka gjekk. Lurefjell. Hellv.... fjell.

Ferdig med høgdemetrane og ferdig med myra. Ørskogfjella i panorama. Humøret steig. (Lauparen nr 2 frå venstre)

På toppen! Ut Storfjorden, Sandvikshornet i Sykkylven som markert topp til venstre. Sjøholt heilt til høgre. 

Innover Storfjorden, med øydegardane på Skotet til høgre

Hallvardsfjellet vart erobra med rå makt og viljestyrke. Her lønner det seg nok å gå andre vegen, på sti, og ta hundre høgdemeter ekstra. Vi fann litt bedre trakk på heimveg (same vegen pga bil), men framleis var det ikkje mykje å skryte av.

 
Ørnereir eller jaktbu? Er dette årets kulaste hjortejegarinstallasjon?

Ørskog er full av ukjende turperler. Her var det mange små, merkelege og festlege turar. Eg kjenner meg nesten lommekjent i Ørskog no. Ørskog IL har laga boka "På tur i Ørskog", og med unntak av stien på Hallvardsfjellet, stemte den veldig bra. Eg skal ha som mål å gå alle turane i boka på sikt, så det vert ikkje siste gong eg er på tur i Ørskog.   

TellTur Sula (14 kodar)
I fjor rakk eg ikkje over alle kodane på Sula fordi eg undervurderte Eltrane. Difor starta vi med den turen i år. Det vart ein fantastisk søndag over Sulafjellet, med flott utsikt heile vegen og 4 kodar i boks. Småfjella på Sula vart "tekne" innimellom. Dei er bevis på at små turar kan by på store opplevingar. Nokre av desse var og ei unnskyldning for å komme seg ut på dei grå ettermiddagene. På seinsommaren gjorde vi eit raid til, frå Langevågen over Vardane ut til Fiskarstrandhyttene og ned, og plukka med oss 5 kodar på vegen. Kjekk og lang kveldstur.
 
Med hjarte for turane på Sula - god merking og flotte turmål! På Vardane (t.h)

 Ålebyen frå kulturminneløypa på Kalvestad

Frå Blåfjell på Sula med Langevågsholmane og Ålebyen

Frå Svanshornet innover Storfjorden

Den mest magiske opplevinga på Sula i år var nok kveldsturen på Solevågsfjellet. Eg gjekk frå Langevågskrysset, og var heilt åleine i ein fantastisk urskog.


Skogstjern med vassliljer

Sukkertoppen i Ålesund frå HEILT ny vinkel

Vakker urskog med huldrestry

Stry i lange banar på alle slags tre. Sjeldan vare. 

På Leirvågfjellet - utsikt innover Hjørundfjorden
  
TellTur Ålesund (15 kodar)    
Det er mange små turar i Ålesund. Ein får sjå byen og Sukkertoppen frå eit utal vinklar. Eg skunda meg med så mange eg klarte før ferien. Artig å sjå korleis ting forandrar seg. Stiane vert tydelegare år for år, på godt og vondt. På Sukkertoppen er slitasjen (for) stor. På Holsfjellet er det ildsjeler som byggjer, grusar opp og drenerer sti, med slagordet "tørrskodd over Holsfjellet". Geitnausa, innerst og bortest på Emblemsfjellet stod att. Denne gjekk vi på ein grå og trist dag i fjor, med litt for lite klede og utan mat. Så eg hadde i utgangspunktet eit svært dårleg forhold til Geitnausa. I år la Beate og eg opp ein skikkeleg langtur: Eikenosen - Geitnausa- Vasstrandegga- Austreimssætra. Det vart ein av dei flottaste turane i år, på ein nydeleg septemberfredagskveld. Eg ser Emblemsfjellet med nye og langt meir positive auge etter denne turen!

Vasstrandegga
- høgaste punktet i Ålesund er her, sjølv om varden står i Skodje.

Sukkertoppen mot Godøya

Ålebyen frå Lerstadtoppen


Myklebusthornet på Ellingsøya

 
Bjønnalogen og Ålesund frå Geitnausa

Vasstrandegga - 2. gong

Mykje motivasjon i små klisterlappar... (og denne koden har no gått ut på dato altså..)

Utan Beate som fantastisk turfølgje på dei lengste og kjekkaste turane, hadde eg nok ikkje greid det i år. Trude har stilt opp som svært godt turfølgje på fleire turar, og nokre kveldar har eg drista meg ut heilt for meg sjølv.

Bra trim, naturopplevingar og litt konkurranse. God mix!

No står det att å sjå om friluftsrådet er betre på premiar enn på å telje. Det er vitterleg 47 kodar til saman. Eg veit, for eg har vore på alle. Det har Beate og! Den beste premien har eg i grunn allereie fått, med mange turar i flott natur og med topp selskap!

fredag 6. september 2013

Høgsvora (1163 moh)

4. september. Målet om alle Telltur-kodane til Ålesund og omegn friluftsråd begynner å verte hårete. Det er litt for mykje reising, padling og andre aktivitetar. No har eg i grunn forbant meg på at eg skal gjere eit forsøk, så september vert knallhard turgåing kvar ein ledig ettermiddag. Onsdag var ein nydeleg seinsommardag. Eg for rett til Vaksvikfjellet etter jobb, med Høgsvora i blikket.

Godt skilta og herleg agrikulturelt i Ørskog

Eg fekk litt panikk ved skiltet. Trudde det var omlag to timar opp, og det var nøye kalkulert mot resterande timar dagslys. Rett nok hadde eg hovudlykt i sekken, men lysta til å vase nedatt åleine i mørkret var minimal. 


Lettgått terreng. Fin og tydleg sti. Stien følgjer ryggen heile vegen oppover, ope og fritt, men ikkje luftig. 

Toppvarden. Som vardar flest, og som vanleg eit kjærkome syn. 

Siste 100 høgdemetrane var ur. Eg møtte ein triveleg fjellvant lokal kar på veg ned. - Det ligg ei bok for sunnmøringar og ei for romsdalingar i varden, forklarte han velvillig. Eg var litt usikker på kva bok romsdalingar busett på Sunnmøre skulle skrive i, så eg nøyde meg med å fotografere Telltur-koden. Slik er det å bevege seg på fogderigrensa. Tullar ikkje med slikt. 

Mot nabotoppen Steingardstinden. 

Eg hadde eigentleg tenkt meg bortom Steingardtinden og. Iskald vind på toppen og grov laus ur gjorde at eg trekte meg på den - for denne gongen. Brukte ca 1,5 time opp, så hadde faktisk rikeleg med dagslys å gå på. 

Jammen var det ikkje ein nabotopp på nordaustsida og. Eg trur alle desse fjella vert kalla Næremstindane frå Tresfjordsida. 

Lauparen har vi vore på tidlegare i sommar - den er flott frå denne vinkelen og!

Ryggen nedover att. Flott utsikt til Romsdalsfjell og Sunnmørsalpar på alle kantar.

Perfekte badekulpar!

Det var omlag 20 grader denne ettermiddag, så det freista med eit bad i bekken. Dessverre var det store skilt med "Drikkevatn - bading forbode" her. Perfekte badekulpar på rekke og rad nedover. 

Høgsvora er eit mykje nytta skifjell. Eg skal ikkje på ski på den ryggen der, det er i alle fall sikkert. Fotturen kan eg anbefale - lett 1000-metring med fin utsikt!  

mandag 19. august 2013

Lauparen (1434 moh)

Eg var på Lauparen i 1996, då det var 4H-landsleir på Sjøholt. Den turen hugsar eg lite av. No er det turkode der, Beate var turklar, og laurdagen kom med knallver! Flaks!

Grytalisætra

Turen startar ved Grytalisætra på ca 400 moh (bomveg - p.d. kr 20,-). Innover ein myrete og vid dal. Skilta og meir enn tydeleg sti. 

Herleg med kyr på beite! Bak der er fjellet Høgsvora, som vi skal på snart.  

KYR er attraksjon det. Lenge mellom kvar gong. ALT for lenge mellom kvar gong eg treff dei i det fri. 

Dagens ørn - havørn

Grytavatnet har fått namn med rette. Det ser ut som ei gigantisk jettegryte. Her var post nr 1.

Beate er nøgd og har funne post nr 1. Lauparen bak der. Litt av ein bakke som ventar...

Opp her?

Stien var tydeleg og lett å finne. Sjølv om vi innimellom lurte på om det var råd å komme opp, så løyste det seg alltid då vi kom nærare. 

Og for ei utsikt vi fekk etterkvart! Grytavatnet i blått og vatnet i Isbotnen i turkis. 

Jess! 20 poeng - ny topp! Post nr 2.

Det viste seg å vere eit alvorleg "papirarbeid" på toppen. Molde og Romsdal Turistforening, Vestnes IL, Tomrefjord IL og Lauparen IL hadde turbøker, i tillegg til Telltur-koden frå Ålesund og omegn friluftsråd. Det seier vel litt om kor synleg denne toppen er frå alle kantar; eit skikkeleg landemerke og attraktivt turmål. 

Iskladt var det og. Sesongens første antydning til naglebet. Matpakka skulle ned, og fotografering gjennomførast. Vi "leikar" ikkje topptur. 

Brudefølgjet og Romsdalsfjell på rad og rekke attafor

Mot Sjøholt

FIIIN TUR! FANTASTISK UTSIKT!! 
Det vert god stemning og store bokstavar av slikt.

Rått og sårbart. Vakkert og skremmande.

Det var mykje kjekke folket i fjellet. Rart kor blide og pratsomme vi vert på tur. Sjelevennar. Vi kjenner på det same slitet, gleda over utsikta og kjensla av å nå målet! Kjentfolk var det og. På heimturen hadde vi selskap heile vegen av nokre andre små krabatar

Lemen!

Vi såg sikkert 20 stk. Eg kom ut av teljinga. Eg har aldri sett så mange før. Hypotese: Lemenår? I alle fall på Lauparen, om det så er eit lokalt lemenår.

Vi brukte akkurat ein time gangtid til Grytavatnet og tre timar gangtid til toppen slik det stod på skilta ved stølen. Nedatt brukte vi to timar og eit kvarter. 

Vi runda av dagen med ein siste turmålskode på Gausnesgarden og var veldig nøgd med turen og eigen innsats!