Viser innlegg med etiketten nattpadling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nattpadling. Vis alle innlegg

onsdag 28. oktober 2020

Mørkepadling på Molnes

 28.10 Sesongstart for mørkepadling! Mallavika - Molnes tur retur vart 7,5 kilometer padling i mørkt landskap og fin dønning. Når auga venner seg til mørkret er det ikkje lenger så svart. Silhuettar og konturar i landskapet blir tydelege. Det skya til, men med vindstille og 10 plussgrader var det likevel ein nydeleg kveld ute. Dønningen som traff land brusa og støya, men det høyrdes verre ut enn det var. Torunn tok ei lita overraskande økt med rockhopping og surf. Beinstrekk med bål og prat gjorde godt og eg lada batteria for vinteren. Padling i små grupper må vere ein av dei beste aktivitetane som er godt  innafor smitteverntiltaka. Kanskje det er slike turar som blir sosialiseringa framover?  

Mallavika by night

Raudt lys er godt for nattesynet. Lene H  padlar forbi rett fram her.
Det er ei utfordring å finne rett nivå på lysa vi brukar: godt synlege, men utan å blende oss sjølv eller andre. 

Beinstrekk og kvalitetstid! 

Takk for turen! 

mandag 14. oktober 2019

Mørkepadling i måneskinn og morild

13. oktober
Vi la ut ved solnedgang, med store forventningar til kvelden. Det er kaldare og mørkare no, men naturopplevingane kan likevel vere store og frisk luft gjer godt!

Sola går ned

Klar for mørkepadling

Denne dagen ville vi ha minimalt med lys. Det var ein trekk i mot, både i sjøen og i lufta. Vi snirkla langs land, såg ein oter og ein hegre. Ingen sel heime i vågen i dag. Skyminga kom fort, og etter ei lita stund såg vi ein gul sigd som steig opp frå fjella i aust. Månen steig raskt, frå flis, til halv, så nesten heil over fjella. Stor,  gul og rund - og eit svart/kvitt kaldt lys spreidde seg utover landskapet. 

Eit stjerneskot fall over Lepsøya, og vi granska den mørke sjøen nøye. Er det morild her? Vi såg ikkje noko, kanskje eit lysglimt her eller der, og var nesten litt skuffa. Då vi snudde fekk vi super medsjøpadling - det gjekk kjempefort - og lett! Skuffelsen var gløymt og hu hei kor det gjekk! 

Sjølfie.  

Brått var det action! Det gneistra og skein i vatnet. Kanskje månelyset gjorde at planktonet gjekk djupare? På omlag ein meter, då vi drog årene gjennom vatnet skjedde det mykje! Det minna om stjernestøvet frå tryllestaven til Tingeling, eller kanskje gneistrane frå eit bål. Vi vart sittande å plaske med årene i minst ein kvarter. Utruleg fasinerande. Lene hadde mange morildhistorier frå sommarferiar på Sørlandet, så eg skjønte at det var ei morild-light oppleving vi hadde denne kvelden. Likevel veldig stilig og artig! 

Månelys, finsnirkling i mørkret mellom skjer og steinar, småsurf på revet og ein skikkeleg surf inn på stranda! Mørkepadling altså!



t/r 13 km 

onsdag 20. februar 2019

Mørkepadling - litt på trass

20.02 Padling er ein heilårsaktivitet. Det gjeld berre å ordne seg med nok kle, lys og padlekompisar. Det vart ein sur etermiddag med vind, regn og skvalpesjø. Vi tok eit trygt val og la turen om Valderøya. Og då vart det to fine timar på sjøen likevel!

Nukaen rigga for mørk vinterpadling

Mørkepadling med ein "tøtsj" av gatelys

Lene H. med sjølvgarva oterskinn til sitteunderlag (fallvilt etter påkjørsel). 
Knallfint, varmt og tåler sjøvatn! 

tirsdag 27. november 2018

Mørkepadling III

27.11 Rundt Valderøya med fin gjeng. Litt variabelt med vind og bølger. Traff på tidspunktet då alle tre hurtigbåtane skulle innom kaia. Ekstra krydder med ryggvondt og tauing. Flott måne og etterkvart stjerneklart. Verkeleg klart og nordlys vart det først etter at vi hadde komme heim. Kjekt å kjenne på at ein vert meir komfortabel i mørket etter nokre kveldar ute. Friliftsliv i vinterhalvåret er gull. 


Runden rundt ca 13 km. Eg prikka med det inn akkurat 800 km for året - så langt!!!

lørdag 17. november 2018

Mørkepadling med kart og kompass

17.11 Stille, klart og nesten fullmåne. Flotte kveldar og silkeføre på fjorden. Det vert ein ekstra dimensjon med padling i mørkret. Vi for ut med kart, kompass og ein del punkt vi skulle innom.


Mykje læring: Det var artig å navigere litt. Det er lett å gå på for lange kompasskursar i staden for å navigere etter terrenget. Det er ikkje så lett å lese kart/ta ut kursar i mørket. På planlagde turar kan ein godt gjere litt førarbeid heime. Vi padlar litt fortare enn vi trur når vi vert ivrige. Det er ikkje nok å ha kontroll på hovedleia, det kjem båtar i bileiene og. Vurdere avstandar og fart på båtar er ikkje lett, heller ikkje å vurdere retninga dei har ut i frå lanterneføring. Slepebåtar har anna lanterneføring.

Fantastisk kveld på sjøen! Det gav meirsmak med orienteringsoppgåver langs med. Vi har nokre idear til neste gong. Turen vart totalt 16 km. 

lørdag 28. juli 2018

Sydenstemning og sommarsurf i Hoddevika

27.-28. juli  - Venners venners treff i Hoddevika på dei heitaste sommardagane i 2018! Varmen var nesten ikkje til å halde ut, og gradestokken kraup opp til 30 i skuggen. Det var naudsynt med jamnleg bading, når vi ikkje padla. Eit uføresett luksusproblem der altså. Dagane gjekk med til akkurat nok surf, eit par bonus rulleworkshopar, måneskinnspadling, mingling med usedvanleg kjekke folk og grilling om kveldane. Utvalet av kajakkar var stort, og vi byttelånte utstyr på kryss og tvers heile helga. Det var artig å få prøve seg med ulike kombinasjonar av båt og åre. Bølgjene gav oss utfordringar uansett kva nivå vi var på, og meistringskjensla var på det jamne høg!

Klassisk velkomst til Hoddevika! (Foto: Audun)

Sydensommar og badeliv

Frå lettkledd sommarpadling til avansert grønnlandsrulling..

Kveldssol - og endeleg leveleg temperatur på stranda

Sommarferie og strandliv fungerar gullegodt! Godstemning i leiren. (Foto: Audun)

Det skulle vere blodmåne denne kvelden, og nokre av oss la optimistisk i veg ut i havet for å kikke. 


Fløyelshav
  
Stadhavet

Sjeldan å padle i shorts mot Stadhavet ved midnatt. Det vart ingen blodmåne på oss, det var for mykje fjell i vegen. Det gjorde i grunn ikkje så mykje. Då vi kom inn att i tussmørke var det små, men kjempeartige surfar inn mot stranda. Bonussurf!

Er det mogleg å få noko surf innover her då? 


Sjølv flatt hav byggjer surfebølgjer inn  mot stranda! Foto: Anne/Jørgen

Jørgen i farta I! (Foto: Anne/Jørgen)

 Jørgen i farta II! (Foto: Anne/Jørgen)

Det er stor skilnad på å hoppe av bølgja i tide, og å ikkje gjere det... Det vart både bading og rulling. (Foto: Anne/Jørgen)

PAUSE!! Ekstremt mykje fine kajakkar i venneflåten denne helga. 

Representative glis før siste surfeøkt

Bra folk - bra plass - bra hobby! 

Eg surfar inn i solnedgang (Foto: Anne/Jørgen)

Bygever og vind på veg inn. 

Det vart ei litt ruskete natt i telt siste natta. Så då var det greit å vakne til null bølgjer og null stress på søndagen. I alle fall for oss vestlendingane. 

Det er alltid triveleg å bu på Hoddevik strandcamp, nærare stranda kjem ein ikkje! Enkel standard og god service, reint og ryddig. Her er all slags folk frå badande småbarnsfamiliar til hippe surfefolk, utanlandske bubilturistar og oss kajakkpadlarane då sjølvsagt. 

Så då er det berre å vente på neste høve til Hoddevik-tur? 

mandag 23. juli 2018

Sommarnatt på fjorden

21.07 Eg har i lang tid blinka meg ut ein holme i nærområdet som perfekt til båling og sosialisering. Brått var det både ferie og finver samstundes, så eg lodda stemninga. Jammen var det ikkje ein heil gjeng som ville vere med ut på tur. Heimeferie er aldeles fenomenalt, når vi bur som vi bur, midt i indrefileten.
Fjorden full av folk på ein laurdagskveld!! 




 

Fornøgd gjeng! Organisering: Monica. Foto: Audun. 



Holmen fann vi, like fin som eg trudde - i alle fall i mine auge. Men eg var bittelitt bekymra for lite ved, så eg måtte hente litt på naboholmen i tilfelle. Båling har jo vore fobode heile sommaren, men på eigen holme i flomålet må det vere innafor, sjølv i ein tørkesommar. 

Vedhenting. 
Grusom jobb sjølvsagt, men nokon må ofre seg. Kjekt å sjå fyrstikksiluettane til dei andre og høyre på kjatring og fliring som sprer seg over bukta. Sommarkjensle av type perfekt. Fine folk. Magisk lys. Måtte klype meg i armen. Sjeldan ting som eg fablar om vert så bra når det vert realisert. 

Betre vert det ikkje...

Astrid sørga for kveldens bilde av meg og. Smilemusklane fekk køyrt seg. 

Alle tok ved-ansvar, og jaggu vart det bål. Heile kvelden. Både på himmelen og i flomålet. 
Noko som var heilt naudsynt for å halde ein billion bittesmå fastbuande på tilstrekkeleg avstand..




Det som skjer på holmen, blir på holmen. Nokre ville overnatte, resten padla heim i svartaste sommarnatta. Lys var det dårleg med, så det må inn i standardoppsettet no. Det var nesten tropenatt, og HEILT stille på sjøen. Uverkeleg. Nydeleg. Nattpadling er undervurdert. 

Valderøya i sommarnatta

Gryande soloppgang...

Kalvøyholmen kjem til å få meir besøk av meg - flott plass! 
Eg padla totalt ca 18 km denne kvelden.