Økonomi er eit omgrep med fleire tydnader som har med produksjon, konsum, omsetnad og forvalting av ressursar å gjere. I dei fleste moderne samfunn står pengar sentralt i skaping, prioritering og utnytting av knappe ressursar.

Faktaboks

Uttale

økonomi

Etymologi
av øko-, fra gresk oikos 'hus, hjem', og -nomi, fra gresk nomos 'lov'

Det har opphavet sitt frå det greske ordet oikos som tyder hushald, og nomos som tyder lære eller lov. Omsett til norsk betyr det «læra om hushald».

Omgrepet kan til dømes vise til

  • eit økonomisk system, som planøkonomi, sirkulærøkonomi eller marknadsøkonomi
  • verdiskaping og ressursbruk i eit område, til dømes «den norske økonomien»
  • det vitskaplege studiet av økonomiske forhold, som i å studere samfunnsøkonomi eller bedriftsøkonomi
  • disponibel inntekt og formue til ein person eller ein aktør
  • sjølve prinsippet om å bruke minst mogleg ressursar for å nå eit mål, det vil seie å økonomisere

Norsk økonomi er ein blandingsøkonomi, der både marknadskrefter og offentleg styring spelar ei sentral rolle. Systemet blir òg omtala som ein forhandlingsøkonomi, fordi store delar av økonomisk politikk og lønnsdanning skjer gjennom organiserte forhandlingar mellom staten og arbeidslivets partar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg